Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.
Av Tore B.
Tidlegare denne veka vart det inngått ei avtale mellom Nord-Fosen Siida og Roan Vind, som driv den eine av dei to vindparkane på Fosen. Ifølgje avtala skal Roan Vind få vidareføra drifta fram til konsesjonen utløper i 2043, medan siidaen har vetorett mot ei eventuell vidareføring av konsesjonen.
I mellomtida skal reindriftssamane få ein årleg kompensasjon på 7 millionar kronar, og staten skal undersøkja moglege «tilleggsareal» for vinterbeitet. Roan Vind og Sør-Fosen Sijte inngjekk ei tilsvarande avtale i desember i fjor.
Både VG og NRK melder at partane har kome til «Enighet i Fosen-saken», og frå ulike hald vert det no sagt at Fosen-konflikten er avslutta. På denne måten gøymer dei at reindriftutøvarane har vorte tvungne til å forhandla med «pistol mot tinninga», for å låna ein frase frå NU-leiar Gytis Blaževičius. I røynda hadde reindriftsutøvarane to alternativ: å godta ei avtale på vilkåra til staten og Roan Vind, eller leggja ned drifta si.
Lovnaden om tilleggsareal minnar meir om tvangsforflytning enn rettferdig kompensasjon. Spørsmålet reiser seg — kor skal reinen flytta seg når det ikkje finst fleire beitemarker att?
Avtalen mellom Nord-Fosen Siida og Roan Vind er ein privatrettsleg avtale, og står ikkje i vegen for at andre selskap kan søkja konsesjonar til vindkraft i Sápmi. I fjor haust gav regjeringa klarsignal for elektrifisering av Equinors gassanlegg på Melkøya i Finnmark. Strømmen skal koma frå vindkraft.
Den imperialistiske norske staten krenkar rettane til samefolket konsekvent, og ikke berre gjennom konsesjonar til vindkraftanlegg. Same veke som avtala mellom Nord-Fosen Siida og Roan Vind vart inngått, vart reinflokken til Nils Ánte Gaup forstyrra av militærhelikopter som deltok i øvinga Nordic Response. Dette kan ein lesa som eit varsel på kva som kjem — medan den inter-imperialistiske rivaliseringa mellom NATO og Russland spissar seg til, blir samefolket ståande i kryssilden. Ein kan minna om at samane som folk aldri har samtykka til å innlemmast i den norske staten. Alle militærøvingar på Nordkalotten, anten dei er på norsk, svensk, finsk eller russisk side, er ei krenking av samisk suverenitet.
Reindriftssamane si rett til kulturutøving er ikkje sikra før samefolket har full sjølvråderett over sine tradisjonelle område. Først då er det mogleg å snakka om verkeleg forsoning mellom samefolket og den norske staten. Eg vil visa til det innsende innlegget på Maoisme.no, 2. juni 2023, under tittelen «Forsoning uten frihet?»:
«Forsoning» impliserer at en konflikt er over, og at det nå er på tide å reparere skaden og komme seg videre. Men fornorskingen er slett ikke over (dette har kommisjonens leder uttrykt klart og tydelig), og koloniseringen er ikke opphevet. Fornorsking og kolonisering foregår hver dag, bare ikke under de navnene.
Ekte forsoning mellom et koloniserende og et kolonisert folk er ikke mulig før koloniseringen oppheves, slik at den tidligere kolonisten og koloniserte kan møtes på like vilkår. Problemet er at vi ikke står på like fot så lenge Sametinget er underlagt det norske Stortinget; så lenge den samiske nasjonen er delt opp av kolonistiske statsgrenser, og så lenge vi som bor på norsk side av Sápmi er underlagt borgerlig norsk lov, blir tiltalt av norsk politi og dømt i norske domstoler.
Det er borgarskapet sine talerøyr som erklærer at «Fosen-saka er over». Avtaler er inngått, men kampen er ikkje slutt! Det er ein plikt for kommunistar og andre revolusjonære å stø samefolket sin kamp for sjølvråderett og mot kolonialistiske overgrep.
Leve Sápmi! Ned med den norske imperialismen!
Illustrasjonsfoto: Ole Martin Wold/Statkraft.
Referansar
https://www.sagat.no/leder/i-kjolvannet-av-fosen-saka/19.43256
https://www.nrk.no/trondelag/enighet-om-mellom-nord-fosen-og-roan-vind-1.16792292
https://www.vg.no/nyheter/i/zEdX8r/avtale-mellom-nord-fosen-siida-og-roan-vind