Vindkraft i Finnmark?

Av Tore B.


Regjeringa har opna opp for elektrifisering av Equinors gassanlegg på Melkøya i Finnmark. Dette vil krevja eit ekstra strømforbruk på rundt 3,6 TWh i året — og strømmen skal koma frå vindkraft.

Det har ikkje gått to år sidan den borgarlege staten vart dømd i sin eigen Høgsterett for å opna for ulovleg utbygging av vindmøllar på Fosen — grunngjeve med at vindmøllene strir med samefolket si rett til kulturutøving. Regjeringa Støre har visst allereie gløymd Fosen-saka, som vart ein internasjonal skandale, og vekte den største samiske mobiliseringa i Noreg sidan utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget!

To av dei vindkraftprosjekta som no er til behandling hjå NVE, skal liggja i område som NVE erklærte som «ueigna for vindkraft» i 2019. Sametingsråd Maja Kristine Jåma (NSR) seier til Klassekampen:

— Det har ikke vært noen endring i disse områdene som gjør dem mindre viktige for reindrifta i dag.

Utbygging av vindkraft i Finnmark vil altså rett og slett vera ei krenking av samefolkets rett til kulturutøving og råderett over eigne landområde — og vil sannsynlegvis vekkja ei motstand som vil få Fosen-aksjonane til å sjå ut som småplukk.

«Det grøne skiftet» er rett og slett idéen om at kapitalismen kan reformerast til å bli berekraftig, og at det er mogleg å ha «berekraftig vekst». Dette er sjølvsagt ein illusjon — evig vekst er ikkje mogleg på ein klode der ressursane er knappe! Det einaste systemet som kan vera berekraftig med omsyn til natur og klima, samtidig som det tilfredsstiller menneskelege behov, er eit system som ikkje er avhengig av vekst, og der økonomien er underlagt ein felles plan.

Saka er at det norske borgarskapet er tvunge til å velja mellom rasering av natur og klima, og her er borgarskapet splitta. Men heile borgarskapet — og alle partia på Stortinget — er einige om at strømforbruket må auka drastisk fram mot 2050, at den norske økonomien skal fortsetja å veksa, at norske bedrifter ikkje må tapa i konkurransen med utlandet osv. Den kapitalistiske trongen til vekst set grensene for kva som er mogleg å gjennomføra, og slik vil det vera så lengje Noreg er ein del av det kapitalistisk-imperialistiske systemet. Oppgåva til det internasjonale proletariatet, og alle undertrykte folk, er å knusa dette systemet. ​

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *