Bergen: «Fri alle politiske fanger!»

Torsdag 14. desember vart det haldt demonstrasjon i Bergen under parolen «Fri alle politiske fanger». Aktivistar frå Revolusjonært Kommunistisk Forbund deltok aktivt på markeringa.

Markeringa var eit initiativ frå Bergen4Palestine, som ville bruke markeringa til å «kreve løslatelsen av politiske fanger verden over, med særlig fokus på de over 8 000 palestinske fangene i israelske fengsler».

Markeringa starta med appellar og slagord på Torgallmenningen, som uttrykte klar støtte til den palestinske motstandskampen — ein målestokk for antiimperialistar.

Konferansieren frå Dotleft innleia markeringa med å seia at politiske fangar finst overalt der folk kjemper mot imperialisme og undertrykking, og la vekt på samanhengen mellom dei ulike kampane for fridom og rettferd verda over.

Etter appellane gjekk demonstrasjonen i tog nedover Småstrandgaten. Demonstrantar bar på palestinske flagg og plakatar med portrett av politiske fangar frå fleire land, inkludert Georges Abdallah (Frankrike), Ahmad Sa’adat (Palestina), Narges Mohammadi (Iran) og G. N. Saibaba (India).

One comment

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *