Eit bidrag til kritikken av RKs standpunktdokument

Innlegget inngår i den pågående kampanjen for å studere og kritisere RKs standpunktdokument, og bidra til å utvikle en mer varig plattform for forbundet.

Det gjeldende standpunktdokumentet kan leses her. Vi oppfordrer til å sende innspill og kritikk via e-post eller kontaktskjemaet på denne siden.

Alle innleggene i kampanjen kan leses på nettsiden vår, og er listet opp i kronologisk rekkefølge her, for å gjøre det enkelt for leseren:

Fra Danmark: «Bemærkninger til RKs standpunkt», 16. desember 2023
Espen S.: «Eit bidrag til kritikken av RKs standpunktdokument», 24. februar 2024


Av Espen S., februar 2024.

Forord

Juli 2023 sendte redaksjonen for maoisme.no ut ei oppfordring om å senda «innspill til [RK]s programprosess, og særlig kritikk av det gjeldende standpunktdokumentet».1 Denne oppfordringa var nødvendig og rett, og med utgangspunkt i kritiske innspel og forslag innanfrå og utanfrå, kunne RKs første landsmøte hausten 2023 vedta ei lett revidert utgåve av standpunktdokumentet.

Revisjonen av standpunktdokumentet var heilt klart eit steg framover. «Innspel og kritikk»-kampanjen er likevel ikkje avslutta, og i den offentlege rapporten frå landsmøtet vert det understreka at standpunktdokumentet enno berre gjeld «[i]nntil en mer langvarig plattform blir vedtatt«.2

Då standpunktdokumentet vart vedteke i 2022, hadde det to funksjonar: for det første å greia ut om dei prinsippa og standpunkta vi allereie hadde klart å samla oss om ved stiftinga; for det andre å avgrensa oss frå andre nærliggjande organisasjonar på venstresida, og dermed forklara trongen for ein ny organisasjon. Dokumentet var nødvendig for at dei revolusjonære kommunistane skulle kunna samla seg i ein ny organisasjon, og uttrykte ei i hovudsak rett politisk linje. Likevel ber det preg av å vera uferdig og mellombels; det er plattforma til ein nyfødd organisasjon som enno ikkje har lært seg å gå. Gjennom studium, diskusjon, deltaking i politiske kampar, korrespondanse med kameratar i innland og utland m.m. har vi utvikla standpunkta våre på fleire punkt. Samtidig har det dukka opp ideologiske og politiske motseiingar i organisasjonen, i tillegg til organisatoriske og politiske utfordringar vi ikkje kunne sjå føre oss i 2021, som må løysast gjennom felles studium og eit ærleg og grundig ordskifte.

Dette dokumentet er eit bidrag til kampanjen for å kritisera det gjeldande standpunktdokumentet (heretter: Standpunktet) og bidra til utviklinga av ei ny plattform. Dokumentet er først og fremst eit innspel til vidare diskusjon, og ikkje ei samling med fiks ferdige svar.

Kapitalismen

Standpunktet definerer kapitalismen slik:

Kapitalismen er et økonomisk system. Det er kjennetegnet av vareproduksjon, og at produksjonsmidlene (naturressurser, arbeidsredskaper, verktøy, maskiner m.m.) er eid og kontrollert av privatpersoner. Denne eierklassen kaller vi kapitalister. Hva som blir laget bestemmes ikke av hva folk har bruk for, men hva som gir mest profitt for kapitalistene.3

Eit definerande kriterium på kapitalismen er, ifølgje Standpunktet, at produksjonsmidla er eigde av «privatpersonar». Dette er derimot berre éi form for kapitalistisk eigarskap mellom andre. Definisjonen ovanfor utelukkar statsmonopolkapitalisme, byråkratkapitalisme og kooperativ kapitalisme, der grupper av arbeidarar eiger vareproduserande bedrifter som konkurrerer med kvarandre på ein kapitalistisk marknad. Denne mangelen i dokumentet har allereie blitt påpeika av ein dansk kamerat i «Kritiske bemærkninger»,4 og eg sluttar meg til denne kritikken.

Vidare heiter det at: «[k]apitalismen er et ustabilt system med sykliske kriser. Når krisene rammer, vil kapitalistene velte byrdene av krisa over på proletariatet og småborgerskapet.«5

Dette er upresist. Eg går ut frå at «småborgarskapet» her er nytta som ei samlenemning for dei ymse ulike sjikta som er plasserte mellom proletariatet og borgarskapet, og som helst bør kallast «mellomlaga». Det er karakteristisk for klassestrukturen i imperialistiske land at mellomlaga utgjer ei forholdsvis stor gruppe, samtidig som det eigentlege småborgarskapet er relativt lite (men slett ikkje politisk eller økonomisk uviktig).

Mellomlaga inkluderer ulike slags funksjonærar og byråkratar i «privat» og «offentleg» sektor, lærarar, akademikarar og andre liknande yrkesgrupper. Felles for desse er at dei formelt sett er lønnsmottakarar, men dei deltek ikkje i produksjonen, dei har ei relativt privilegert stilling andsynes proletariatet, og dei er avhengige av det borgarlege statsapparatet (mellomlag i offentleg sektor), eller bidrar til å koordinera produksjonen i kapitalistiske bedrifter (mellomlag i privat sektor).

Det eigentlege småborgarskapet består av dei små innehavarane av eigedom, som i hovudsak lever av sitt eige arbeid, og i høgda har nokre få tilsette. I 2022 var det litt under 330 000 registrerte som personleg næringsdrivande i Noreg, og to tredjedelar av desse fekk hovudinntekta si frå lønn og pensjon.6 Om vi tek utgangspunkt i talet på personleg næringsdrivande, kan vi rekna med at småborgarskapet talde i høgda 12 % av sysselsette i 2022.7 Til samanlikning reknar Lysestøl med at mellomlaga utgjorde om lag 45% av den sysselsette befolkninga i 2019.8 Eg meiner at dette overslaget er for høgt, då Lysestøl reknar nokre grupper til mellomlaga som har meir til felles med proletariatet, mellom anna vernepleiarar og sjukepleiarar. Likevel står hovudpoenget: dei små innehavarane av eigedom utgjer ikkje fleirtalet av mellomlaga, og i dag er det misvisande å nytta «småborgarskapet» som generell nemning for sjikta mellom proletariatet og borgarskapet.

Ei meir korrekt formulering ville ha vore: «[kapitalistene vil] velte byrdene av krisa over på proletariatet og mellomlagene, inkludert småborgerskapet».

Imperialismen

Kapittelet om imperialisme definerer imperialismen som det monopolistiske stadiet av kapitalismen. Lenins definisjon av imperialismens økonomiske vesen er gjengitt korrekt, men dokumentet unnlet å definera imperialismens politiske vesen, nemleg at imperialismen deler verda i to gjensidig fiendtlege leire: dei undertrykkande nasjonane på den eine sida og dei undertrykte nasjonane på den andre. Utan å ha dette i hug, er det umogleg å forstå kva rolle ulike statar speler innanfor verdssystemet, kva som ligg bak politiske hendingar på verdsarenaen, eller korfor klassekampen i imperialistiske og undertrykte land tek ulike former.

That is why the focal point in the Social-Democratic programme must be that division of nations into oppressor and oppressed which forms the essence of imperialism, and is deceitfully evaded by the social-chauvinists and Kautsky. This division is not significant from the angle of bourgeois pacifism or the philistine Utopia of peaceful competition among independent nations under capitalism, but it is most significant from the angle of the revolutionary struggle against imperialism.9

Noreg høyrer til den imperialistiske leiren; leiren av undertrykkarnasjonar. Det norske borgarskapet er ikkje haldt nede av utanlandsk imperialisme, men deltek sjølv i undertrykkinga av fleirtalet av folka i verda. Norsk monopolkapital utbytar proletariatet i dei undertrykte landa, samtidig som det norske samfunnet er gjennomsyra av imperialistisk parasittisme, og alle klassar i det norske samfunnet tener (i større eller mindre grad) på Noregs stilling i den internasjonale imperialistiske arbeidsdelinga. Det er dette som har gjort det mogleg for borgarskapet å «kjøpa opp» betydelege delar av arbeidarklassen — eit privilegert sjikt av høgt lønna arbeidarar som skil seg frå resten av proletariatet, og som er særs mottakeleg for reformisme, patriotisme og annan borgarleg ideologi. At Standpunktet verken tek opp arbeidararistokratiet eller Noregs konkrete stilling i det imperialistiske verdssystemet, det materielle grunnlaget for reformismen i arbeidarrørsla, er eit av dei mest alvorlege manglane med dokumentet.

Sjølv om Lenins imperialismeteori enno er grunnleggjande gyldig, har det skjedd viktige endringar i det imperialistiske systemet dei siste hundre åra, og særleg etter omstruktureringa av verdsøkonomien sidan 1970-talet. Eg vil ikkje gå inn på detaljar her, men berre kort nemna nokre av dei viktigaste endringane:

  • Den tradisjonelle kolonialismen, basert på territoriell kontroll over områder utanfor «moderlandet», vart meir eller mindre avskaffa gjennom bølgja av nasjonale frigjeringskrigar i perioden ca. 1945-1970. Dei fleste undertrykte land i dag er halvkoloniar, som er formelt politisk sjølvstendige, men økonomisk dominerte av dei store imperialistmaktene.
  • Den tradisjonelle «internasjonale arbeidsdelinga», der dei imperialistiske landa eksporterer industriprodukt medan dei (halv)koloniale landa eksporterer råvarer, har endra seg grunnleggjande. Etter 1970 har industriproduksjonen blitt flytta til det globale Sør i eksplosivt tempo, og i 2010 var 79 % av den globale industriarbeidarklassen konsentrert i «utviklingsland».10
  • Borgarleggjeringa av arbeidarklassen i dei imperialistiske landa, særleg etter «dei gylne tiåra» etter andre verdskrig, har vist seg å vera meir langvarig og djuptgåande enn Lenin (og Marx/Engels) kunne sjå føre seg.

Om utbyting seier Standpunktet:

I kapitalismens imperialistiske stadium, får kapitaleksporten særlig betydning; det vil si at de imperialistiske landa får inntekter gjennom direkte investeringer eller lån til andre land, i stedet for å eksportere varer.11

Dette er ikkje ukorrekt, men likevel ei ufullstendig framstilling. Utbytinga av dei undertrykte landa skjer ikkje berre gjennom direkte investeringar og lån, men også gjennom portfolioinvesteringar («Oljefondet» eiger i snitt 1,5 % av alle børsnoterte selskap i verda!)12, og ikkje minst det ulike bytet mellom imperialistiske land og undertrykte land, der dei undertrykte landa er tvungne til å eksportera varene sine for prisar som ligg under den eigentlege verdien. På denne måten skjer det massive verdioverføringar frå undertrykte land til imperialistiske land, som ikkje kan forklarast ved å visa til kapitaleksport åleine. Desse verdioverføringane vert ikkje fanga opp av tradisjonell økonomisk statistikk, då ein stor del av verdiane som er skapte i den tredje verda vert rekna som ein del av BNP til dei imperialistiske landa.13 Hickel, Sullivan og Zoomkawala reknar med at verdiøverføringane frå det globale Sør til det globale Nord i perioden 1960-2021 tilsvarte 152 trillionar amerikanske dollar.14 Desse massive summane er komplett usynlege i borgarleg statistikk. Om utrekninga er korrekt eller ei, vil eg ikkje kommentera på her — poenget er at tradisjonell kapitaleksport ikkje er ei tilstrekkeleg forklaring på korleis den imperialistiske utbytinga av dei undertrykte landa går føre seg i dag.

Kommunismen og sosialismen

I kapittelet om kommunismen heiter det at «[i]ngen samfunn har nådd kommunismen, men Sovjet og Kina var på vei da de hadde sosialisme».15 For marxistar er sosialismen verken ein produksjonsmåte eller ei styreform, og kan altså ikkje vera noko eit land anten «har» eller «ikkje har». Sosialismen er eit overgangssamfunn der proletariatet er organisert som herskande klasse, bruker sitt organiserte valdsmonopol til å undertrykka gamle og nye borgarlege krefter, og medvitent styrer samfunnet i retning kommunismen. Økonomien i overgangssamfunnet er prega av trekk frå den gamle kapitalistiske produksjonsmåten, og trekk frå den nye kommunistiske produksjonsmåten, som gjer seg stadig meir gjeldande på alle område. Det er denne forståinga av overgangssamfunnet som dominerer i Standpunktet, men setninga om Sovjetunionen og Kina bør omformulerast til å seia at dei «gikk i retning kommunismen da det var proletariatet som herska, og styrte samfunnsutviklinga på den sosialistiske vegen».

I tredje avsnitt i kapittelet om sosialismen heiter det at «[u]nder sosialismen vil vi trenge en sterk stat med en voldsmakt som hindrer at det gamle borgerskapet tar makta på nytt».16 Denne formuleringa legg opp til misforståingar. Det er ganske rett at proletariatet må vera sterkt organisert som herskande klasse, det vil seia utøva eit sterkt klassediktatur, men dette er noko ganske anna enn ein «sterk stat». Vi kan jamføra formuleringa om «sterk stat» med slagordet om ein «fri stat», som Marx kritiserer i «Kritikken av Gotha-programmet»:

De arbeiderne som har gjort seg fri fra den innskrenka undersåttoppfatninga, har absolutt ikke til mål å gjøre staten fri. I det tyske riket er «staten» nesten like «fri» som i Russland. Friheten består i å forvandle staten fra et organ som er overordna samfunnet til et organ som er helt underordna samfunnet, og også i dag er statsformene mer eller mindre frie eller ufrie alt ettersom de innskrenker «statens frihet».17

Elles er det bra at dokumentet slår fast at «[v]oldsmakten i den nye staten […] må være en del av den allmenne væpningen av folket, og ikke en stående hær og politistyrke adskilt fra folket».18 Dette punktet bør utdjupast og konkretiserast.

Maoismen

Dokumentet seier:

At vi er maoister betyr også at […] vi jobber for å tjene folket, det vil si at folkets interesser alltid er viktigst19

Når Mao tala om folket, var det alltid i samband med motsatsen fienden, og han presiserte at dette ikkje var statiske kategoriar, men eit dynamisk motseiingspar som endra seg etter den politiske situasjonen:

Vi står overfor to slags motsigelser i samfunnet, motsigelsene mellom oss og fienden, og motsigelsene i folket. De to har helt ulik karakter.

For å forstå disse to forskjellige slags motsigelsene riktig, må vi først ha klart for oss hva «folket» og «fienden» betyr. Begrepet «folket» har forskjellig innhold i ulike land og i ulike perioder av historia til et bestemt land.20

RKs standpunkt-dokument talar om «folket» utan å definera verken folket eller fienden. Formuleringa er derfor politisk innhaldslaus, og bidrar i beste fall til å skapa forvirring. I verste fall kan formuleringa om å «tjena folket» takast til inntekt for ein prinsipplaus populisme, og det er ikkje vanskeleg å finna døme frå historia til den kommunistiske rørsla på at kategorien folket har vorte brukt nettopp på nett dette viset.

Formuleringa om at «folkets interesser alltid er viktigst» skil ikkje mellom kortsiktige og langsiktige interessar, subjektivt forståtte interessar og objektive interessar, og er derfor ikkje marxistisk, men populistisk. Sjølvsagt er vi ikkje mot «folkets interesser», om vi forstår dette som dei sams langsiktige interessene til dei ikkje-herskande klassane i det norske samfunnet, men då har vi gått over på eit abstraksjonsnivå som har lite å gjera med ordlyden. Det kommunistiske partiet er proletariatet sitt parti, ikkje eit «folkets parti», og vår oppgåve som kommunistar er å kjempa for dei langsiktige interessene til proletariatet ved å arbeida for den proletariske verdsrevolusjonen og overgangen til kommunismen på verdsnivå. Alt vi gjer, også når vi deltek i kampar for «folkets» kortsiktige interessar, må vera innretta på dette langsiktige målet.

Elles lid dokumentet lid delvis av det eg kallar «lego-maoismen», der dei tre utviklingsstega i MLM framstår som tre åtskilde delar (marxisme, leninisme og maoisme) som står stabla oppå kvarandre. Utviklinga av den vitskaplege sosialismen vert framstilt som ein lineær, kvantitativ utviklingsprosess, der kvar av dei marxistiske klassikarane Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao byggjar på den førre, og gjer teorien stadig meir fullkomen utan å skaka det nedervde kunnskapsparadigmet. Med andre ord: kontinuitet hele vegen, men aldri brot. For «lego-maoismen» er maoismen eit forsvar og ei utfylling av marxismen-leninismen slik han vart syntetisert av Stalin. Dermed vert det underspela korleis maoismen bryt med den marxist-leninistiske ortodoksien på vesentlege område, og særleg i organisasjonsteorien.21

Om Stalin og den kapitalistiske restaurasjonen

I avsnittet om Maos vurdering av Stalin, heiter det at Stalin viste «[e]n manglende forståelse for at klassekampen fortsetter i sosialismen, og at man må slippe løs massene for å forhindre kontrarevolusjon både i samfunnet generelt og i kommunistpartiet spesielt.»22 Denne kritikken er ikkje riktig formulert, og står lagleg til for hogg. Hoxhaistar og andre «ortodokse stalinistar» vil vera i stand til å grava fram sitat som provar at Stalin trass alt anerkjente at klassekampen held fram under sosialismen.23 Faktisk vil dei også ha rett på eit vis — problemet var ikkje at Stalin ikkje forstod «at klassekampen held fram under sosialismen», men at han hadde ei feilaktig forståing av kva denne klassekampen går ut på. For Stalin handla klassekampen under sosialismen først og fremst om å knusa restane av dei gamle herskarklassane som har fått oreigna eigendommen sin, hindra åtak utanfrå av utanlandske imperialistar, og undertrykka restar av borgarleg ideologi:

The mistake of Bukharin and his friends is that they identify the growing resistance of the capitalists with the growth of the latter’s relative importance. But there are absolutely no grounds for this identification. There are no grounds because the fact that the capitalists are resisting by no means implies that they have become stronger than we are. The very opposite is the case. The dying classes are resisting, not because they have become stronger than we are, but because socialism is growing faster than they are, and they are becoming weaker than we are. And precisely because they are becoming weaker, they feel that their last days are approaching and are compelled to resist with all the forces and all the means in their power.24

Maos teori om klassekampen under sosialismen er eit grunnleggjande brot med den marxist-leninistiske ortodoksien på dette området, slik han vart utforma av Stalin og Komintern. Medan Stalin tok utgangspunkt i at sigeren til sosialismen var uunngåeleg, og at den sosialistiske omdanninga av produksjonsforholda i all hovudsak var fullført med kollektiviseringa av jordbruket, tok Mao utgangspunkt i at kapitalistisk restaurering ikkje berre var mogleg, men det mest sannsynlege utfallet:

In the two de­cades since his initial dispute with the USSR in 1956, by 1976 Mao regarded the concept of revisionism as both an analytical prediction and a target for mass po­liti­cal mobilization. In the tug of war between socialism and capitalism, the former could take nothing for granted in its ­favor. In effect, capitalism loomed as the “probable” winner.25

Den sosialistiske omdanninga av samfunnet er ein kamp i motbakke. Klassekampen held fram i det sosialistiske samfunnet, ikkje berre på grunn av ideologiske «restar» og fiendskap utanfrå, men fordi det sosialistiske samfunnet, som enno ikkje har utvikla seg til den «høgare» fasen av kommunismen, inneheld trekk som stadig avlar fram nye borgarlege element. Lenin sa at «småproduksjonen avler kapitalisme og borgerskap uavbrutt, daglig, hver time, spontant og i masseomfang»,26 men sjølv når kollektiviseringa er fullført, finst det kimar til kapitalisme i det sosialistiske samfunnet. Ei viktig årsak til dette er at bytet mellom den kollektive og offentlege sektoren i hovudsak tek form av varebyte — Stalin identifiserte dette som den viktigaste grunnen til at vareforma ikkje kan avskaffast i kommunismens første fase, men han var ute av stand til å sjå at den «sosialistiske vareproduksjonen» avlar nye borgarlege element, og at kimen til det nye borgarskapet er konsentrert i sjølve det kommunistiske partiet.27 Årsakene til at nye borgarlege element vert avla fram under sosialismen er samansette, men nokre dei viktigaste indre årsakeneer:

  1. Den vidare eksistensen av vareproduksjon, verdilova og borgarleg rett
  2. At arbeidsdelinga mellom åndsarbeid og handarbeid ikkje er oppheva
  3. At det kommunistiske partiet har ei leiande stilling i det sosialistiske samfunnet, og dermed blir sentrum for klassekampen i overbygnaden

Om einskapsplattform og program

Som tidlegare nemnt, var føremålet med standpunktdokumentet «å greia ut om dei prinsippa og standpunkta vi allereie hadde klart å samla oss om ved stiftinga […] og avgrensa oss frå andre nærliggjande organisasjonar på venstresida». Dokumentet var altså meint som ein einskapsplattform: eit dokument som slår fast dei generelle prinsippa og standpunkta som samlar organisasjonen. Dette er ikkje det same som eit program, som er ein slagplan for revolusjonen, og ei skildring av oppgåvene til det revolusjonære proletariatet på kort sikt (minimumsprogram) og lengre sikt (maksimumprogram).

Det finst sjølvsagt ikkje vasstette skott mellom plattforma og programmet, og båe to slags dokument må innehalda både «prinsipielle» og «programmatiske» trekk. Eg meiner likevel at hovudoppgåva til forbundet på noverande tidspunkt ikkje er å utvikla eit program, men ei einskapsplattform, som slår fast dei ulike prinsippa som samlar oss, og som svarer på spørsmålet: kva skal til for å kalla seg revolusjonær kommunist i Noreg? Dette må samtidig vera basert på ein grunnleggjande analyse av det norske samfunnssystemet, forholdet mellom klassane i Noreg, den historiske utviklinga til den norske kapitalismen, Noregs stilling i det imperialistiske verdssystemet osv. Ei sentral svakheit med Standpunktet er at det utelukkande held seg på det «prinsipielle» planet og seier fint lite om det norske samfunnet, den faktiske klassekampen, oppgåvene til proletariatet i dei noverande forholda etc.

Det finst ingen snarvegar til programmet

Vi har stilt oss oppgåva å jobba for den sosialistiske revolusjonen i Noreg, som ledd i den proletariske verdsrevolusjonen. Dette krev at vi ikkje berre har eit fast grep om dei ålmenne prinsippa i marxismen-leninismen-maoismen, men at vi gjer ein grundig analyse av den konkrete situasjonen vi arbeider i. For oss vil dette først og fremst seia å analysera det norske samfunnssystemet, og korleis det står i samband med det imperialistiske verdssystemet. Denne analysen kan ikkje vera eit reint skrivebordsarbeid, som vert utført av isolerte intellektuelle utan band til massane. Vår teori skal ikkje vera ein deskriptiv sosiologi, som «forklarer» samfunnet frå eit “utanfrå”-perspektiv, men må vera ei rettleiing til handling, eit kart over klassekampen som er teikna «innanfrå».

Sjølv om vi har gått fram sidan stiftinga, både i medlemstal, politisk nivå og evne til planmessig handling, står forbundet enno på eit forholdsvis lågt organisatorisk nivå. Vi har svake band til massane, og særleg manglar vi politisk innverknad blant dei mest undertrykte sjikta i proletariatet. Eit viktig hinder (men ikkje det einaste!) for å styrka kontakten med massane er at plattforma vår er abstrakt, ikkje synest å basera seg på ein konkret analyse av den norske klassestrukturen og eit standpunkt i den faktiske klassekampen, og ikkje gir noka rettleiing til handling. Vi står her overfor eit tilsynelatande paradoks. På den eine sida: Mangelen på ein systematisk klasseanalyse og eit konkret program gjer at vi står utan ein rettesnor for det praktiske arbeidet vårt, og at vi i liten grad evnar å vinna tillit og oppslutning blant dei mest framskridne delane av proletariatet. På den andre sida: Utan tillit og oppslutning i den mest framskridne delen av proletariatet, står vi i fare for at plattforma vår blir eit reint skrivebordsprodukt, og at vi viljelaust reproduserer skiljet (motseiinga) mellom kommunistane og massane. Vi må godta at det finst ei motseiing her, samtidig som vi må ha tru på at masselinja er nøkkelen til å løysa denne motseiinga.

Tesar til ein plattform

Her følgjer nokre konkrete forslag til formuleringar som bør takast inn i ei einskapsplattform for det kommunistiske forbundet. Rekkjefølgja på tesane er vilkårleg.

  • Imperialismen har delt verda i to fiendtlege leirar: på den eine sida, nokre få undertrykkarnasjonar som plyndrar resten av verda, og eit stort fleirtal undertrykte nasjonar på den andre.
  • Noreg er eit mellomstort imperialistisk land, og høyrer til leiren av undertrykkarnasjonar. Det norske borgarskapet har knytt seg til alliansar med sterkare imperialistar (NATO, EU), men har på ingen måte mista si stilling som herskande klasse, altså sin suverenitet.
  • Proletariatet er ein tvers igjennom internasjonal klasse. Det norske proletariatet skil seg ikkje frå det internasjonale proletariatet, men er ei “avdeling” av det internasjonale proletariatet.
  • Hovudfienden til proletariatet i Noreg er det norske borgarskapet. Uttrykt på ein annan måte: hovudmotseiinga i det norske samfunnssystemet er mellom borgarskapet på den eine sida, og proletariatet på den andre sida. Det er berre desse to klassane i dag som er i stand til å leia breiare lag i å forvandla samfunnet.
  • Det kommunistiske partiet i Noreg ei avdeling av partiet til det internasjonale proletariatet, og kjempar derfor ikkje utlukkande for “dei norske arbeidarane”, men for deiheilskaplegeinteressane til heile det internasjonale proletariatet.
  • Den norske staten er grunnlagt på territoriet til to historiske nasjonar: den norske og den samiske. Det revolusjonære proletariatet anerkjenner retten til samefolket til nasjonalt sjølvstende, opp til og inkludert lausriving frå den norske staten, og fulle demokratiske fridommar og rettar for dei nasjonale minoritetane.
  • Det er Noregs stilling i det imperialistiske verdssystemet som har gjort det historiske klassekompromisset mellom arbeidarar og kapitalistar mogleg. Etter kvart som krisa i det imperialistiske systemet utviklar seg, forsvinn grunnlaget for klassekompromisset. Klassemotseiingane spissar seg, og samfunnet deler seg meir og meir i to fiendtlege leirar: revolusjon og reaksjon.
  • Arbeidararistokratiet i Noreg er ikkje eit lite, tynt sjikt av faglege tillitsvalde, mellomleiarar, arbeidarpartipampar osv., men eit forholdsvis stort sjikt av godt betalte arbeidarar som har ein privilegert stilling andsynes dei mest utbyta og undertrykte delane av klassen.
  • Arbeidararistokratiet og mellomlaga er privilegerte i forhold til proletariatet, men sit ikkje sjølv ved makta. I krisetider hamnar dei derfor i konflikt med dei herskande delane av borgarskapet, men denne konflikten held seg innanfor rammene til det kapitalistiske samfunnet. Arbeidararistokratiet og mellomlaga utgjer derfor ein sosial basis for fascismen, som ser ut til å representera ein “tredje veg” mellom borgarskapet og proletariatet.
  • Det er dei fattigaste, mest undertrykte og marginaliserte i proletariatet som er mest mottakelege for revolusjonær agitasjon på kort sikt, og det er i desse sjikta dei reformistiske og borgarleg-demokratiske illusjonane står svakast. Det er først og fremst dei “djupaste, lågaste” sjikta i proletariatet vi må vinna over på kort sikt. Først når vi har bygd eit solid fundament blant dei som har mest å vinna og minst å tapa på ein revolusjon, vil det bli mogleg å vinna over større massar når dei objektive tilhøva har endra seg tilstrekkeleg.
  • Dei revolusjonære kommunistane kjempar for størst mogleg politisk sjølvstende for proletariatet, då proletariatet er den einaste revolusjonære klassen i det moderne samfunnet. Vi gjer oss ikkje avhengige av den borgarlege staten, og vi kjemper utrøytteleg mot all slags ideologi som vil underordna proletariatet under borgarskapet, eller innskrenka arbeidarklassen sin kamp til kortsiktige økonomiske mål.

Kameratar, la oss halda fram med å studera og kritisera det eksisterande standpunktdokumentet, og la oss halda fram med å føra eit opent ordskifte om plattforma, både internt i forbundet og med kameratar, vennar, sympatisørar, kontaktar og andre utanfor forbundet.

1«RK ønsker innspill og kritikk», Maoisme.no, 22. juli 2023, https://www.maoisme.no/2023/07/rk-onsker-innspill-og-kritikk/.

2«RK har hatt landsmøte», Maoisme.no, 23. november 2023, https://www.maoisme.no/2023/11/rk-har-hatt-landsmote/.

3«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund», Maoisme.no, 22. november 2023, https://www.maoisme.no/2023/11/standpunkt/.

4«Bemærkninger til RKs standpunkt», Maoisme.no, 16. desember 2023, https://www.maoisme.no/2023/12/fra-danmark-bemaerkninger-til-rks-standpunkt/.

5«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

6Christian Brovold, «Størst inntektsvekst for enkeltpersonforetak i primærnæringen», Statistisk sentralbyrå, 22. desember 2023, https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/statistikk/inntekter-personlig-naeringsdrivende/artikler/storst-inntekstvekst-for-enkeltpersonforetak-i-primaernaeringen.

7Statistisk sentralbyrå, «Sysselsetting, registerbasert», Statistisk sentralbyrå, vitja 12. januar 2024, https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/sysselsetting/statistikk/sysselsetting-registerbasert.

8Peder Martin Lysestøl, Arbeiderklassen: Visjoner om en annen verden (Oslo: Solum, 2021), 315.

9V. I. Lenin, «The Revolutionary Proletariat and the Right of Nations to Self-Determination», Marxist Internet Archive, 1915, https://www.marxists.org/archive/lenin/works/1915/oct/16.htm.

10John Smith, Imperialism in the Twenty-First Century (New York: Monthly Review Press, 2016), 101. Lesaren bør merkja seg at Smith ikkje er maoist, og ikkje reknar Kina til den imperialistiske leiren. Det er likevel ei kjensgjerning at den globale økonomiske strukturen har gjennomgått store endringar, og at tyngda i den industrielle produksjonen er flytta «sørover».

11«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

12«Oljefondet», Norges Bank Investment Management, 7. februar 2018, https://www.nbim.no/no/.

13John Smith, Imperialism in the Twenty-First Century, 259–63.

14Jason Hickel, Dylan Sullivan, og Huzaifa Zoomkawala, «Rich Countries Drained $152tn from the Global South since 1960», Al Jazeera, 6. mai 2021, https://www.aljazeera.com/opinions/2021/5/6/rich-countries-drained-152tn-from-the-global-south-since-1960.

15«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

16«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

17Karl Marx, «Kritikk av Gothaprogrammet», 1875, https://tjen-folket.no/index.php/2017/05/06/kritikk-av-gothaprogrammet/.

18«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

19«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

20Mao Zedong, Om den riktige behandlingen av motsigelser (1957; repr., Tjen Folket Media, 2020), https://tjen-folket.no/index.php/2020/06/30/mao-om-den-riktige-behandlingen-av-motsigelser/.

21Ajiths artikkel «Det maoistiske partiet» er vel verd å studera på nytt. Sjå K. Murali, «The Maoist Party», i Of Concepts and Methods (Paris: Foreign Languages Press, 2020), 166–77.

22«Standpunkt for Revolusjonært Kommunistisk Forbund».

23Sjå til dømes Ludo Martens’ bok Un autre regard sur Staline, der han skriv: «Stalin betonade att klassekampen fortsätter under socialismen, att de gamle feodale och borgerliga krafterna aldrig opphörde med sin strid för restauration og att partiets opportunister, trotskister, bucharinister och borgerliga nationalister hjälpte de antisocialistiska klasserna att omgruppera sina styrkor.» Martens, Ludo, En annan syn på Stalin (Stockholm: Oktoberförlaget, 2023). Sjå også The Espresso Stalinist, «Stalin on Class Struggle Under Socialism», The Espresso Stalinist (blog), 30. juli 2011, https://espressostalinist.com/2011/07/30/stalin-on-class-struggle-under-socialism/.

24J. V. Stalin, «The Right Deviation in the C.P.S.U.(B.)», Marxist Internet Archive, 1929, https://www.marxists.org/reference/archive/stalin/works/1929/04/22.htm.

25Alessandro Russo, Cultural Revolution and Revolutionary Culture (London: Duke University Press, 2020).

26V. I. Lenin, «“Left-Wing” Communism: an Infantile Disorder», Marxist Internet Archive, 1920, https://www.marxists.org/archive/lenin/works/1920/lwc/ch02.htm.

27J. V. Stalin, «Economic Problems of Socialism in the U.S.S.R.», i The Essential Stalin: Major Theoretical Writings, 1905-1952, red. Bruce Franklin (1952; repr., New York: Anchor Books, 1972), 454.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *