Selektiv boikott, eller konsekvent antiimperialisme?

Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.

Av Espen.

Onsdag denne veka vart det kjent at Raud Ungdom vil boikotte valkampen til Raudt i Nordland, fordi listekandidat Per Gunnar Skotåm er styreleiar for Mot Dag AS. Mot Dag AS eiger den sjåvinistiske nettavisen Steigan.no, som regelmessig publiserer artiklar til støtte for russisk imperialisme og konspirasjonsteoriar om transfolk, vaksinar og 5G.

Dei revolusjonære kommunistane vil heller ikkje driva valkamp for Raudt i Nordland. Her er vi einige med Raud Ungdom. Faktisk vil vi ikkje driva valkamp for Raudt i det heile tatt — eller for noko anna parti!

Vi er einige i at antiimperialistar og progressive bør ta avstand frå Steigan.no. Vi kan ikkje godta støtte og unnskuldingar for russisk imperialisme, like lite som vi kan godta støtte og unnskuldingar for norsk eller amerikansk imperialisme.

Men å boikotte valkampen til Raudt i Nordland, samtidig som ein driv ivrig valkamp for Raudt i alle andre fylke, er meiningslaus symbolpolitikk. Raud Ungdom vil ikkje drive valkamp for ein kandidat med tilknyting til ein pro-russisk nettstad, men har ikkje noko problem med at partiet Raudt har blitt ivrig tilhengjar av norske våpenleveransar til Ukraina, og blir stadig meir integrert i det borgarlege norske statsapparatet.

Så vidt eg veit, har Raud Ungdom aldri boikotta listekandidatar som var for amerikansk innblanding i Syria. Raud Ungdom har heller aldri boikotta listekandidatar som støtter kinesisk imperialisme. Den selektive valboikotten til Raud Ungdom er uttrykk for inkonsekvent antiimperialisme.

For å gjera det klart: Revolusjonære kommunistar (RK) teke tydeleg avstand frå Steigan og den linja på «venstresida» som støttar russisk og kinesisk imperialisme som «motvekt» mot USA-imperialismen. Som det vart sagt i utsegna «Multipolarisme er ikke antiimperialisme»:

[Vi vil ikke ta] stilling for den ene eller andre imperialistmakten, eller den ene eller andre blokken av imperialistmakter. Vi tar stilling for det internasjonale proletariatet og alle verdens folk som kjemper mot imperialismen og for de nydemokratiske revolusjonene og folkekrigene som føres under kommunistisk ledelse.

Samtidig understreker vi at vår hovedoppgave som kommunister i et imperialistisk land er å kjempe mot våre egne imperialister — det vil siden norske imperialismen med sine allierte i USA og EU — og jobbe for sosialistisk revolusjon i vårt eget land.

Vi fordømmer den russiske imperialismen, men ikkje på premissa til «våre eigne» imperialistar. Vår hovudfiende er det norske imperialistiske borgarskapet, med sine allierte i NATO og EU. Når vi ikkje støttar Raudt, er det ikkje først og fremst på grunn av Skotåm og Steigan, men fordi Raudt ikkje er eit konsekvent antiimperialistisk parti — og ikkje eit revolusjonært kommunistisk parti.

Vi vil utfordre Raud Ungdom til å ta eit konsekvent anti-imperialistisk standpunkt: For det første, å fordømma all imperialisme, men leggja inn hovudinnsatsen i kampen mot norsk imperialisme og den imperialistiske blokken vi er ein del av. For det andre, å leggja inn all innsats i å jobba for revolusjon i Noreg, som eit ledd i kampen mot heile det imperialistiske verdenssystemet, og ikkje reformer innanfor dette systemet.

2 comments

  1. Tror jeg er fullstendig enig i innholdet, og mener det gir mening å stille kritikk til Rødt og RU i en slik måte som fremhever inkoherensen, særlig med tanke på at det finnes mange velmenende revolusjonære i disse organisasjonene fremdeles. Jeg er litt usikker når det gjelder den måten å formulere det som en slags «call to action» både mot Rødt og RU. Man bør kritisere i en produktiv og kameratslig måte selvfølgelig, men er vet ikke om det er lurt å formulere det slik i en måte som åpner for en reell mulighet for RU/Rødt (og ikke bare RUere og Rere) å reformere seg på dette punktet. Vet ikke hva er løsningen her egentlig.

    1. İdris:

      Raud Ungdom som organisasjon kjem neppe til å bryta med Raudt som følgje av eit debattinnlegg på maoisme.no. Om ikkje dei tek oppfordringa om å ta eit konsekvent antiimperialistisk standpunkt og bryta med Raudt, er det deira sak. Men å utelukka det på førehand, signaliserer ikkje vennlegheit.

      Det finst ein del ærlege revolusjonære og antiimperialistar i R/RU, som kan og bør vinnast over, og enda fleire som maoistane i det minste bør ha eit vennleg forhold til. Sidan det er dei som er målgruppa for dette innlegget, trur eg ikkje det er lurt å gå for hardt ut mot Raud Ungdom i denne samanhenga.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *