IMPERIALISME OG «GAMAL» KAPITALISME

image_pdfimage_print

Denne teksten er en del av en kategori vi har hvor vi samler utdrag av tekster fra «de fem store» (Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao) hvor de skriver om klasse.

Vi i Revolusjonære Kommunister ønsker å gjøre revolusjonær teori lett tilgjengelig for alle. En del tekster er tidligere publisert og ligger tilgjengelig på f.eks. de gamle arkivsidene til AKP og Tjen Folket. Vi vil re-publisere disse tekstene på vår side, slik at de ikke går tapt, dersom disse gamle arkivsidene blir nedlagt, eller av andre grunner slutter å fungere. En annen grunn er at tekstene gjerne har en del feil og mangler. Spesialtegn er i en del tilfeller blitt feil, og sitater er ikke typografisk merket som sitater. Vi har tatt oss friheten til å gjøre enkelte typografiske oppdateringer sammenlignet med tidligere publiserte utgaver. Vi har f.eks. lagt til dynamisk innholdsliste, oppdatert fotnoter og enkelte steder erstattet bibliografiske referanser i fotnoter til å legge referansene direkte under i egne sitatblokker. Vi har også i enkelte tekster lagt inn utdragsitater for å fremheve sentrale poenger i tekstene og vi har rettet enkelte skrivefeil. For bøker og lange artikler vil vi også legge ut ePub versjoner slik at disse kan leses på digitale lesebrett m.m.

Frå «Melding om programmet», mars 1919.

(…) Ein reindyrka imperialisme utan kapitalismen som grunnvoll har aldri funnest, finst ingen stader og kjem aldri til å finnast. Det er ei urett generalisering av alt som er sagt om syndikata, kartella, trustane og finanskapitalismen, ettersom finanskapitalismen vert framstilt som om det ikkje fanst noko grunnlag av den gamle kapitalismen under han.
(…)
Teoretisk forstår kamerat Bucharin dette svært godt vel, og han seier at programmet må vera konkret. Men det er ei sak å forstå og ei anna sak å handle etter det i praksis. Kamerat Bucharins måte å vera konkret på er ei boklærd utleggjing av finanskapitalen. I røynda ser vi ulikearta ovringar. I alle jordbruksguvernement ser vi frikonkurranse jamsides med den monopoliserte industrien. Ikkje nokon stad i verda har det funnest og det kjem heller ikkje til å finst monopolkapitalisme utan frikonkurranse i ein heil rad greiner. Å skriva om eit slikt system er å skriva om eit system som er rive laus frå røyndomen og feil. Medan Marx sa om manufakturen at han var ein overbygnad på den masseomfemnande småproduksjonen, så er imperialismen og finanskapitalen ein overbygnad på den gamle kapitalismen. Å ta det standpunktet at det finst ein heilstøypt imperialisme utan den gamle kapitalismen, vil seia å ta det ein ønskjer for å vera røyndom.

Dette er eit naturleg mistak, som det er svært lett å gjera. Og om vi no hadde framfor oss ein heilstøypt imperialisme, som hadde gjort kapitalismen heilt om, då skulle oppgåva vår vera hundretusen gonger lettare. Då hadde vi å gjera med eit system der alt var underordna finanskapitalen åleine. Då stod det berre att å ta toppen av og overlata resten til proletariatet. Det skulle vera svært hyggjeleg, men slik er det ikkje i røynda. I røynda er utviklinga slik at vi må handla på eit anna vis. Imperialismen er ein overbygnad på kapitalismen. Når det styrtar saman får vi å gjera med å slå toppen sund og leggja grunnmuren i dagen. Nett difor må programmet vårt seia det som er, dersom det skal vera rett. Her finst den gamle kapitalismen, som på ein heil rad felt har vokse ut til imperialismen. Tendensane i han er berre imperialistiske. Dei grunnleggjande spørsmåla kan ein berre sjå frå synspunktet til imperialismen. Det finst ikkje eit einaste viktig innanriks- eller utenrikspolitisk spørsmål, som ein skulle kunne avgjera på anna vis enn frå synspunktet til denne tendensen. Det er ikkje dette programmet vårt talar om no. I røynda finst det ein veldig undergrunn, som er sett i hop av den gamle kapitalismen. Det finst ein overbygnad, imperialismen, som førte til krigen, og ut or denne krigen sprang opptaket til proletardiktaturet. Det er ein fase ein ikkje kan kome i frå.

Denne kjensgjerninga kjenneteiknar sjølve tempoet i den proletariske revolusjonen si utvikling i heile verda, og det vil vera ei kjennsgjerning i heile verda, og det vil vera ei kjensgjerning i mange år framover.

Dei vesteuropeiske revolusjonane vil kan henda gå smidigare føre seg, men i alle fall vil reorganiseringa av heile verda, reorganiseringa av dei fleste landa, krevja mange, mange år. Og det vil seia at vi ikkje kan koma ut or den mosaikkarta røyndomen i den overgangsperioden vi går gjennom. Denne røyndomen som er sett saman av ulikearta delar kan vi ikkje skuva til sides, same kor lite tiltalande han enn er kan vi ikkje kasta bort ein bit av han eingong. Om programmet vert lagt opp annorleis enn det som er gjort, vil det bli urett.

Frå «Melding om partiprogrammet. Til åttande kongressen i Russlands Kommunistiske Parti (bolsjevikane), 19. mars 1919». Samla verk (eng.), b. 29. – https://www.akp.no/ml-historie/pdf/rode_fane/1976/rf_1976_02.pdf

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.