DEN GRUNNLEGGJANDE MOTSEIINGA I KAPITALISMEN. HOVUDMOTSEIINGA

image_pdfimage_print

Denne teksten er en del av en kategori vi har hvor vi samler utdrag av tekster fra «de fem store» (Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao) hvor de skriver om klasse.

Vi i Revolusjonære Kommunister ønsker å gjøre revolusjonær teori lett tilgjengelig for alle. En del tekster er tidligere publisert og ligger tilgjengelig på f.eks. de gamle arkivsidene til AKP og Tjen Folket. Vi vil re-publisere disse tekstene på vår side, slik at de ikke går tapt, dersom disse gamle arkivsidene blir nedlagt, eller av andre grunner slutter å fungere. En annen grunn er at tekstene gjerne har en del feil og mangler. Spesialtegn er i en del tilfeller blitt feil, og sitater er ikke typografisk merket som sitater. Vi har tatt oss friheten til å gjøre enkelte typografiske oppdateringer sammenlignet med tidligere publiserte utgaver. Vi har f.eks. lagt til dynamisk innholdsliste, oppdatert fotnoter og enkelte steder erstattet bibliografiske referanser i fotnoter til å legge referansene direkte under i egne sitatblokker. Vi har også i enkelte tekster lagt inn utdragsitater for å fremheve sentrale poenger i tekstene og vi har rettet enkelte skrivefeil. For bøker og lange artikler vil vi også legge ut ePub versjoner slik at disse kan leses på digitale lesebrett m.m.

Frå «Om motseiinga», kap. III og IV, 1937.

Den grunnleggjande motseiinga i utviklingsprosessen til ein ting og vesenet i den prosessen som er styrt av denne grunnleggjande motseiinga vil ikkje bli borte for prosessen er fullført. Men i ein lang prosess vil vilkåra gjerne skifte på kvart steg. Grunnen er at sjølv om naturen til den grunnleggjande motseiinga i utviklingsprosessen til ein ting og vesenet til prosessen vert ståande utan endring, så vert den grunnleggjande motseiinga kvassare og kvassare ettersom ho går frå eit steg til eit anna i ein lang prosess. Attåt er det mange meir eller mindre viktige motseiingar som vert styrde og påverka av den grunnleggjande motseiinga, og somme av dei vert skarpare, somme vert løyst eller mildna for ei tid eller for ein del, og somme nye veks fram. Difor vert prosessen delt opp i steg. Dersom folk ikkje legg merke til stega i utviklingsprosessen til ein ting, kan dei ikkje handsame motseiinga i han rett.

Til dømes, då kapitalismen i tidbolken for frikonkurranse voks over i imperialisme, då vart det ikkje noko skifte i klassenaturen til dei to klassane i grunnleggjande motseiing til kvarandre, nemleg proletariatet og borgarskapet, eller i det kapitalistiske vesenet i samfunnet. Men motseiinga mellom dei to klassane vart kvassare, motseiinga mellom monopolkapital og ikkje-monopolistisk kapital voks fram, motseiinga mellom kolonimaktene og koloniane vart kvassare, motseiinga mellom dei kapitalistiske landa som sprang fram av den ujamne utviklinga deira, kom fram på ein særskild kvass måte. Og slik oppsto det særskilde steget i kapitalismen, imperialismen sitt steg. Leninismen er marxismen i tidbolken for imperialismen og den proletariske revolusjonen nettopp fordi Lenin og Stalin har greidd ut om desse motseiingane på ein rett måte og har formulert teorien og taktikken for den proletariske revolusjonen på rett vis for å løyse dei.

Då Marx og Engels brukte lova om motseiinga i tinga på studiet avden samfunnshistoriske prosessen, oppdaga dei motseiinga mellom produktivkreftene og produksjonstilhøva, dei oppdaga motseiinga mellom dei utbyttande klassane og dei utbytta klassane og attåt den motseiinga som følgjer av dette mellom den økonomiske basisen og overbygnaden over han (politikk, ideologi osb.), og dei oppdaga korleis desse motseiingane uunngåeleg leidde til ulike slag samfunnsrevolusjonar i ulike slag klassesamfunn.

Då Marx brukte denne lova på studiet av den økonomiske skipnaden i det kapitalistiske samfunnet, oppdaga han at grunnmotseiinga i dette samfunnet er motseiinga mellom samfunnskarakteren åt produksjonen og den private karakteren til eigedomen. Denne motseiinga ovrar seg i motseiinga mellom den organiserte karakteren av produksjonen i dei einskilde verksemdene og den anarkiske karakteren av produksjonen i samfunnet som heile. Når det gjeld klassetilhøva ovrar ho seg i motseiinga mellom borgarskapet og proletariatet. Det er mange motseiingar i utviklingsprosessen av ein samansett ting, og ein av dei må vere hovudmotseiinga som styrer og verkar inn på at dei andre motseiingane eksisterer og utviklar seg ved å eksistere og utvikle seg sjølv.

Til dømes, i det kapitalistiske samfunnet formar dei to kreftene i motseiing til kvarandre, proletariatet og borgarskapet, hovudmotseiinga. Dei andre motseiingane, slike som dei mellom restane av dei føydale klassane og borgarskapet, mellom bondesmåborgarskapet og borgarskapet, mellom proletariatet og bondesmåborgarskapet, mellom ikkje-monopolistiske kapitalistar og monopolkapitalistar, mellom borgarleg demokrati og borgarleg fascisme, mellom dei kapitalistiske landa innbyrdes og mellom koloniane, imperialismen og koloniane, alle desse er styrte av denne hovudmotseiinga og påverka av henne.

(Omsett etter Selected Works of Mao Tsetung, volume 11, Peking 1967, s. 325, 328-329, 331.) – https://www.akp.no/ml-historie/pdf/rode_fane/1976/rf_1976_02.pdf

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.