Oppgåvene til proletariatet i revolusjonen vår

Føreord frå redaksjonen

Lenin gav ut dette programutkastet for det bolsjevikiske partiet 23. april 1917, like etter at han vendte tilbake til Russland frå eksil i Sveits. Programutkastet vart vedteke meir eller mindre i sin heilskap på partikonferansen i mai 1917, og fekk stor innverknad på partiet sin taktikk fram mot Oktoberrevolusjonen.

Russland hadde nett gått gjennom Februarrevolusjonen, som styrta tsarveldet og innførte ei provisorisk borgarleg regjering. I månadane etter Februarrevolusjonen fanst det i praksis to regjeringar i Russland: på den eine sida den «offisielle» borgarlege regjeringa under leiing av Georgij Lvov (seinare Alexander Kerenskij), og på den andre sida ei regjering av arbeidar-, bonde- og soldatråd. Sistnemnde utgjorde kimen til ein stat av ein «ny type», ein stat som ikkje var ein stat i den eigentlege meininga av ordet:

Dette er ein stat av same type som Pariskommunen, der ein ståande hær og eit politi som er skilde frå folket, er bytt ut med den direkte væpninga av folket sjølv. Det er dette særdraget som er sjølve kjernen i kommunen, som dei borgarlege skribentane har mistolka og baktala så sterkt, og som mellom anna misvisande har vorte tillagt å ha sett seg føre å «innføra» sosialismen straks.

Denne dobbelmakta kunne ikkje vera ein varig tilstand, men måtte uungåeleg enda i at det eine klassediktaturet fortrengde det andre. Slik gjekk det og til i november 1917 (oktober i den gamle russiske kalenderen). Dei militære styrkane til Petrograd-sovjetet storma Vinterpalasset, oppløyste den borgarlege regjeringa, og overførte statsmakta til arbeidaråda. Fem år med borgarkrig og imperialistisk innblanding følgde — men endte med at det for første gong i historia vart oppretta arbeidarvelde i eit heilt land.

Tittelen talar om oppgåvene til proletariatet, og ikkje oppgåvene til partiet. Dette er det verd å dvela ved. At programutkastet er retta til proletariatet, og ikkje andre klassar, tyder på at Lenin såg partiet si oppgåve å gjera proletariatet i stand til å handla sjølvstendig, i tråd med sine eigne interessar.

Dette heng saman med Lenins syn på partiet som fortroppen til proletariatet: partiet er ikkje skild frå resten av klassen, men klassen sitt eige organ — ein kamporganisasjon som representerer proletariatets heilskaplege interessar og opptrer som leiing i klassekampen.

Sist men ikkje minst viser det at Lenin ikkje såg på revolusjonen som noko som kan gjennomførast av ei lita gruppe partifolk, men eit resultat av den aktive handlinga til heile klassen.

Utviklinga i verda og Noreg dei siste månadane har gjort Lenins analysar og metode meir aktuell enn på lenge. Alle dei viktige motseiingane i verda spissar seg til — mellom dei imperialistiske landa, mellom imperialismen og dei undertrykte folka, og mellom klassane i dei imperialistiske landa. Nokre lærdommar skil seg særleg ut:

  • I den imperialistiske krigen kan ikkje proletariatet stilla seg på side med «sitt eige» imperialistiske borgarskap, og det må ikkje la seg narra av frasar om å «forsvara fedrelandet». I staden må proletariatet utnytta kvart nederlag for sitt eige borgarskap for å førebu si eige maktovertaking.
  • Å krevja at regjeringa for det imperialistiske borgarskapet skal føra ei «fredeleg» eller «ikke-imperialistisk» politikk, er å narra folket. Det er berre den sjølvstendige handlinga til det revolusjonære proletariatet som kan få slutt på imperialismen.
  • «Proletarane må læra folket å ha mistillit til borgarskapet». Dette er eit avgjerande skilje mellom proletarisk politikk og småborgarleg politikk.

Med unntak av små endringar i formatering, er dette ei nøyaktig gjengiving av den norske omsetjinga frå Oktober forlag, som finst i band 7 av Lenin: Utvalgte verker i 12 bind, 1978. Vi håpar at nyutgivinga vil gjera teksten tilgjengeleg for eit breiare publikum, og tena til nytte for ein ny generasjon kommunistar.

Redaksjonen for maoisme.no, 7. mai 2024.


Oppgåvene til proletariatet i revolusjonen vår

Innholdsliste
  1. Utkast til plattform for det proletariske partiet
  2. KLASSEKARAKTEREN TIL DEN REVOLUSJONEN SOM HAR GÅTT FØRE SEG
  3. UTANRIKSPOLITIKKEN TIL DEN NYE REGJERINGA
  4. DEN SÆREIGNE DOBBELTMAKTA OG KVA HO TYDER FOR KLASSANE
  5. DEN SÆREIGNE TAKTIKKEN SOM FYLGJER AV DET SOM ER SAGT OVANFOR
  6. REVOLUSJONÆRT FEDRELANDSFORSVAR OG KVA DET TYDER FOR KLASSANE
  7. KORLEIS KAN DET GJERAST SLUTT PÅ KRIGEN?
  8. EIN NY TYPE STAT SOM VEKS FRAM FRÅ REVOLUSJONEN VÅR
  9. JORDBRUKSPROGRAMMET OG DET NASJONALE PROGRAMMET
  10. NASJONALISERING AV BANKANE OG DEI KAPITALISTISKE SYNDIKATA[1]Samanslutning av føretak eller finansfyrstar for å få herredøme over marknaden. — Oktober.
  11. STODA INNANFOR DEN SOSIALISTISKE INTERNASJONALEN
  12. SAMANBROTET FOR ZIMMERWALDINTERNASJONALEN[2]Zimmerwald-internasjonalen — internasjonal sosialistkonferanse i Sveits frå 5.—8. september 1915 med representantar frå sentralkomiteen i RSDAP, for venstre-sosialdemokratane i Sverige, Noreg, … Continue reading. — DET ER NAUDSYNT Å GRUNNLEGGJA EIN TREDJE INTERNASJONALE.
  13. KVA NAMN BØR PARTIET VÅRT HA — EIT SOM ER VITSKAPLEG KORREKT OG KAN HJELPA TIL Å KLÅRA OPP MEDVITET TIL PROLETARIATET POLITISK?

Utkast til plattform for det proletariske partiet

Den historiske augeblinken Russland no går igjennom merkjer seg ut med følgjande grunndrag:

KLASSEKARAKTEREN TIL DEN REVOLUSJONEN SOM HAR GÅTT FØRE SEG

1. Den gamle tsarmakta som representerte berre ein handfull føydale jordeigarar som kommanderte heile statsmaskineriet (hæren, politiet og byråkratiet), har vorte styrta og fjerna, men ikkje heilt øydelagd. Monarkiet har ikkje vorte formelt avskaffa, Romanov-gjengen held fram å klekkja ut monarkistiske intrigar. Dei store jordeigedomane til det føydale godseigararistokratiet har ikkje vorte avskaffa.

2. Statsmakta i Russland har gått over i hendene på ein ny klasse, nemleg borgarskapet og jordeigarar som har vorte borgarlege. Så langt er den borgarleg-demokratiske revolusjonen i Russland ført til endes.

Etter at det kom til makta, har borgarskapet gått saman i ein blokk (ein allianse) med dei opne monarkistane, som er illgjetne for den uvanleg ihuga stønaden dei gav Nikolai den blodige og Stolypin hengjaren i 1906-14[3]Stolypin hengjaren — tilnamn på den russiske regjeringssjefen 1906—11. Under herredømet til Stolypin var tukthusa, festningane og forvisningsstadene overfylte av revolusjonære. Galgar vart … Continue reading (Gutsjkov og andre politikarar til høgre for kadettane[4]Kadettane — medlemer av det konstitusjonelt-demokratiske partiet. Det var det viktigaste borgarlege partiet i Russland og talerøyr for det liberale monarkistiske borgarskapet. Det vart skipa i … Continue reading). Den nye borgarlege regjeringa til Lvov & co. har freista og har teke til å forhandla med Romanovane om å føra inn att monarkiet i Russland. Bak ein skjerm av revolusjonære frasar nemner regjeringa ut tilhengjarar av det gamle regimet i nøkkelposisjonar. Ho legg seg etter å reformera heile statsmaskineriet (hæren, politiet og byråkratiet) så lite som mogleg, og har levert det over til borgarskapet. Den nye regjeringa har alt teke til å leggja alle slag hindringar i vegen for det revolusjonære initiativet til masseaksjonen og for maktovertakinga frå folket nedanfrå, det som er den einaste garantien for at revolusjonen verkeleg skal vinna fram.

Til denne tid har ikkje denne regjeringa eingong sett fast ein dato for å kalla saman den grunnlovgjevande forsamlinga. Ho har ikkje rørt ved dei store godseigedomane, som er det materielle grunnlaget for den føydale tsarismen. Denne regjeringa tenkjer ikkje eingong på å ta til å granska og gjera offentleg verksemda til dei monopolistiske finansorganisasjonane, dei store bankane, syndikata og kartella til kapitalistane osb., eller å innføra kontroll over dei.

Dei som held nøkkelstillingane, dei avgjerande ministerpostane i den nye regjeringa (innanriksministeriet og krigsministeriet, d.v.s. kommandoen over hæren, politiet og byråkratiet — heile apparatet for å undertrykka folket) er endeframme monarkistar og folk som stør systemet med store godseigedomar. Kadettane, desse daggamle republikanarane, republikanarar mot sin eigen vilje, har fått tildelt mindre postar, som ikkje har noko direkte å gjera med kommandoen over folket eller over apparatet for statsmakta. A. Kerenski, ein trudovik[5]Trudovik — medlem av trudovikgruppa i statsdumane. Ho vart skipa i april 1906 av småborgarlege demokratar, bønder og intellektuelle med narodnik-sympatiar. Gruppa vingla mellom kadettane og dei … Continue reading og «liksomsosialist» har ingen funksjon i det heile utan å sløva vaktsemda og merksemda til folket med velklingande frasar.

Av alle desse grunnane fortener den nye borgarlege regjeringa heller ikkje tilliten til proletariatet på det innanrikspolitiske området, og det er ikkje godtakande at proletariatet gjev denne regjeringa nokon slags stønad.

UTANRIKSPOLITIKKEN TIL DEN NYE REGJERINGA

3. Innan det utanrikspolitiske området, som no har vorte ført i framgrunnen av objektive omstende, er den nye regjeringa ei regjering for å halda fram med den imperialistiske krigen, ein krig som vert førd i allianse med imperialistmaktene — Storbritannia, Frankrike og andre — for å dela det kapitalistiske byttet og for å underkua små og veike nasjonar.

Den nye regjeringa er underordna interessene til den russiske kapitalismen og den mektige vernaren og herren hans — den engelsk-franske imperialistiske kapitalismen, som er den rikaste i verda. Ho har ikkje teke noko verkeleg steg for å få ein ende på folkemorda som berre tener interessene til kapitalistane, trass i dei ynska som klårt og tydeleg har vorte uttrykt på vegner av eit tvillaust folkefleirtal i Russland gjennom sovjeta av soldat- og arbeidarrepresentantar. Ho har ikkje eingong offentleggjort dei løynlege røvar-avtalane (om å dela opp Persia, plyndra Kina, plyndra Tyrkia, dela opp Austerrike, eigna til seg Aust-Preussen, eigna til seg dei tyske koloniane osb.) som, slik alle veit, bind Russland til den engelsk-franske imperialistiske røvarkapitalen. Ho har stadfesta desse avtalane som tsarismen hadde vedteke, tsarismen som i fleire hundreår plyndra og undertrykte fleire nasjonar enn andre tyrannar og despotar, og som ikkje berre undertrykte, men òg vanæra og demoraliserte den storrussiske[6]Nemning på den nasjonaliteten som bur i dei sentrale delane i Russland. Det er den største nasjonaliteten i dette området. — Oktober. nasjonen med å gjera han til ein bøddel over andre nasjonar.

Den nye regjeringa har stadfesta desse skammelege plyndringsavtalane og ikkje kome med framlegg til alle dei krigførande nasjonane om våpenkvile straks, trass i det klårt uttrykte kravet frå fleirtalet av folka i Russland, slik det vert målbore gjennom sovjeta av arbeidar- og soldatrepresentantar. Ho har unngått saka ved hjelp av høgstemte, velklingande, bombastiske, men fullstendig tomme fråsegner og frasar, som i munnen på borgarlege diplomatar alltid har tent og framleis tener til å lura dei godtruande og naive massane av det undertrykte folket.

4. Den nye regjeringa fortener difor ikkje den minste tillit når det gjeld utanrikspolitikken. Å halda fram å krevja at ho skal kunngjera fredsviljen til folka i Russland, at ho skal gje avkall på anneksjonar osb., osb., det er i praksis berre å lura folket, å gje dei falske voner og å la det gå lengre tid før saka er klår for dei. Det er indirekte å få dei til å forsona seg med at krigen held fram, ein krig der den same samfunnsmessige karakteren ikkje vert avgjort av fromme ynske, men av klassekarakteren til den regjeringa som fører krigen, av sambandet mellom den klassen denne regjeringa representerer og den imperialistiske finanskapitalen i Russland, Storbritannia, Frankrike osb., av den røynlege og verkelege politikken denne klassen fører.

DEN SÆREIGNE DOBBELTMAKTA OG KVA HO TYDER FOR KLASSANE

5. Det viktigaste særdraget ved revolusjonen vår, eit særdrag som heilt utan tvil krev grundig gjennomtenking, er den dobbeltmakta som steig fram alt i dei fyrste dagane etter at revolusjonen hadde vunne fram.

Denne dobbeltmakta kjem klårt til syne i at det finst to regjeringar: Den eine er den viktigaste, den røynlege, den verkelege regjeringa til borgarskapet, den «provisoriske regjeringa» til Lvov & co. som har hand om alle maktorgana. Den andre regjeringa kjem i tillegg og parallelt. Det er ei «kontrollerande» regjering i form av Petrograd-sovjetet av arbeidar- og soldatrepresentantar, som ikkje har hand om noko organ for statsmakta, men kviler beinveges på stønaden frå eit klårt og udiskutabelt fleirtal i folket, på dei væpna arbeidarane og soldatane.

Klasseopphavet til denne dobbeltmakta og det ho tyder for klassane er slik: Den russiske revolusjonen i mars 1917 ikkje berre sopa vekk heile tsarmonarkiet, ikkje berre overførte heile makta til borgarskapet, men gjekk også tett opp imot eit revolusjonær-demokratisk diktatur av proletariatet og bøndene. Petrogradsovjetet og dei andre lokale sovjeta utgjer nett eit slikt diktatur (dvs. ei makt som ikkje kviler på lova, men beinveges på makta til væpna folkemassar), eit diktatur av nett dei klassane som her er nemnde.

6. Det andre overlag viktige særdraget ved den russiske revolusjonen, er at Petrograd-sovjetet av soldat- og arbeidarrepresentantar, som etter alt å døma mesteparten av dei lokale sovjeta har tillit til, friviljug gjev over statsmakta til borgarskapet og deira provisoriske regjering, friviljug gjev frå seg overtaket til henne, etter å ha gått inni ein avtale om å stø henne, og avgrensar si eiga rolle til å vera tilskodar, til å sjå etter at den grunnlovgjevande forsamlinga vert kalla saman (den provisoriske regjeringa har ikkje eingong gjort kjent datoen for dette enno).

Dette særmerkte draget med ei form som ikkje har historiske parallellar, har ført til at to diktatur har smelta saman til eit: Diktaturet til borgarskapet (for regjeringa til Lvov & co. er eit diktatur, dvs. ei makt som ikkje grunnar seg på lova, ikkje på folkeviljen slik han tidlegare har kome til uttrykk, men på ei valdeleg maktovertaking som ein klårt avgrensa klasse, borgarskapet, har gjennomført), og diktaturet til proletariatet og bøndene (sovjetet til arbeidar- og soldatrepresentantane).

Det er ikkje den minste tvil om at ei slik «samansmelting» ikkje kan vara lenge. To makter kan ikkje finnast i ein stat. Ei av dei er dømd til å falla bort, og heile det russiske borgarskapet freistar allereie alt dei vinn, over alt og på alle slags vis, å halda ute og veikja sovjeta, redusera dei til ingenting og oppretta den udelte makta til borgarskapet.

Dobbeltmakta uttrykkjer berre ein overgangsfase i utviklinga av revolusjonen, dvs. ein fase der han har kome lengre enn den vanlege borgarleg-demokratiske revolusjonen, men enno ikkje har nådd eit «reint» diktatur av proletariatet og bøndene.

Det denne ustabile overgangsstoda tyder for klassane (og klasse forklåringa på henne) er dette: Liksom alle revolusjonar kravde revolusjonen vår overlag stort heltemot og sjølvoppofring frå folket i kampen mot tsarismen. Han trekte òg med ein gong uhøyrd mange vanlege innbyggjarar inn i rørsla.

Sett ut frå vitskap og praktisk politikk er eit av hovudsymptoma på kvar røynleg revolusjon at talet på «vanlege innbyggjarar» som tek til å ta aktivt, sjølvstendig og verknadsfullt del i det politiske livet og i arbeidet med å organisera staten, aukar uvanleg brått og snøgt.

Slik er det og i Russland. Nett no er Russland i kok. Millionar og titals millionar av menneske som politisk har vore i søvn i tiår og knuga nede av den fælslege undertrykkinga frå tsarismen og av umenneskeleg slit for jordeigarane og kapitalistane, har vakna opp og søkt ivrig til politikken. Og kven er desse millionane og titals millionane? For det meste småeigarar, småborgarar, folk som står midtveges mellom kapitalistane og lønsarbeidarane. Russland er det mest småborgarlege av alle landa i Europa.

Ei uhorveleg småborgarleg bylgje har sopa over alt og velta seg over det klassemedvitne proletariatet, ikkje berre av di dei er mange, men òg ideologisk. Det vil seia at dei har smitta og gjennomsyra svært store arbeidarkrinsar med det småborgarlege politiske livssynet.

Småborgarskapet er i det røynlege livet avhengig av borgarskapet, for dei lever som herrar og ikkje som proletarar (sett ut frå stillinga deira i den samfunnsmessige produksjonen) og fylgjer borgarskapet i livssynet sitt.

Det som særmerkjer politikken til dei folkelege massane i Russland nett no, er ei haldning av blind tiltru til kapitalistane — den verste fienden til freden og sosialismen. Dette er frukta som har vakse med revolusjonær snøggleik i det sosiale og økonomiske jordsmonnet til det mest småborgarlege av alle landa i Europa. Dette er klassegrunnlaget for «semja» mellom den provisoriske regjeringa og sovjetet av arbeidar- og soldatrepresentantar, (eg strekar under at eg syner ikkje så mykje til den formelle semja som til den faktiske stønaden, ei underforstått semje, ei maktoppgjeving som fylgje av blind tiltru), ei semje som har gjeve Gutsjkov & co. ein feit vinst — røynleg makt — og sovjetet berre lovnader og heider (så lenge det varer), skamros, frasar, fråsegner og bukk og skraping frå Kerenski & co.

På den andre sida er den talmessige styrken til proletariatet i Russland for liten, og det har utilstrekkeleg klassemedvit og organisasjon.

Alle narodnikpartia[7]Med narodnik-partia forstod Lenin tre småborgarlege parti av narodnik-typen, trudovikane, dei sosialrevolusjonære og folkesosialistane, medrekna dei sosialrevolusjonære[8]Sjå note 3. — Oktober., har alltid vore småborgarlege. Det er det tilfelle for partiet til Organisasjonskomiteen (Tsjkheidze, Tsereteli osb.). Dei partilause revolusjonære (Steklov og andre) har og gjeve seg over for flodbylgja, eller har ikkje vore i stand til å stå seg imot henne, har ikkje hatt tida til å gjera det.

DEN SÆREIGNE TAKTIKKEN SOM FYLGJER AV DET SOM ER SAGT OVANFOR

7. For marxisten, som må rekna med objektive fakta, med massane og klassane, og ikkje med individ osb., må den særeigne naturen til den faktiske stoda slik vi har skrive om ho ovanfor, fastsetja den særeigne taktikken for stoda slik ho er no.

Denne særeigen stoda krev for det fyrste at «det vert tømt eiter og galle ned i det oppstøa vatnet av revolusjonærdemokratiske frasar» (slik kollegaen min i sentralkomiteen i partiet vårt, Teodrovitsj, så råkande sa det på møtet i går på den all russiske kongressen av jernbanemenn i Petrograd). Arbeidet vårt må vera kritisk, det må forklåra mistaka til dei småborgarlege sosialrevolusjonære og sosialdemokratiske partia, det må førebu og sveisa saman elementa i eit medvite proletarisk kommunistisk parti og det må kurera proletariatet for den «allmenne» småborgarlege rusen.

Dette synest som om det «berre» er propagandaarbeid. Men i røynda er det mest praktisk revolusjonært arbeid. For det er ingen framgang i ein revolusjon som har stogga opp, som har kvelt seg sjølv i frasar og som stendig står «på staden marsj», ikkje på grunn av ytre hindringar, ikkje på grunn av valdet frå borgarskapet (Gutsjkov driv framleis berre og trugar med å bruka vald mot soldatmassane), men på grunn av den blinde tiltrua frå folket.

Berre med å vinna over denne blinde tiltrua (og vi kan berre vinna over henne ideologisk, med kameratsleg overtaling, med å peika på dei lærdomane røynsla gjev), kan vi fri oss frå den rådande orgien i revolusjonært frasemakeri. Berre på dette viset kan vi styrkja medvitet både hos proletariatet og hos massane i det heile, så vel som det djerve og målretta initiativet deira i lokalmiljøa — dette at dei på sjølvstendig vis gjer til røyndom, utviklar og tryggjar fridomane, demokratiet og samstundes arbeider for prinsippet om at folket skal eiga all jord.

8. Ut frå røynslene til borgar- og jordeigarregjeringar over heile verda har det utvikla seg to metodar for å halda folket nede. Den fyrste er vald. Nikolai Romanov I, kalla Nikolai med svolken, og Nikolai II, den blodige, har synt det russiske folket det meste av det som kan gjerast og ikkje kan gjerast med hjelp av ein slik bøddelpraksis. Men det finst ein annan metode, som er best utvikla av det britiske og franske borgarskapet. Dei «lærte leksa si» i ein serie av store revolusjonar og revolusjonære masserørsler. Det er metoden med lureri, smiger, fine frasar, millionvis med lovnader, ynkelege lokkebein og vedgåingar på uvesentlege felt medan dei vesentlege står urørde.

Det som er særmerkt med stoda i Russland nett no, er den svimrande snøgge overgangen frå den fyrste metoden til den andre, frå valdeleg undertrykking av folket til å smigra og narra folket med lovnader. Katten Vaska lyder, men held fram med å eta[9]Katten vaska lyder, men held fram med å eta — sitat frå fabelen «Katten og kokken» av Krylov. — Oktober.. Miljukov og Gutsjkov sit med makta. Dei vernar profittane til kapitalistane, fører ein imperialistisk krig i interessene til den russiske og engelsk-franske kapitalen og freistar å koma seg unna med lovnader, store ord og bombastiske fråsegner som svar på talane til slike «kokkar» som Tsjkheidze, Tsereteli og Steklov, som trugar, manar, naudbed, tryglar, krev og forkynner . . . Katten Vaska lyder, men held fram med å eta.

Men frå dag til dag vil den tillitsfulle tankeløysa og den tankelause tilliten svinna bort, særleg mellom proletarane og dei fattige bøndene, som lærer av røynsle (frå den sosiale og økonomiske stillinga si) å ha mistillit til kapitalistane.

Leiarane for småborgarskapet «må» læra folket å ha tillit til borgarskapet. Proletarane må læra folket å ha mistillit til borgarskapet.

REVOLUSJONÆRT FEDRELANDSFORSVAR OG KVA DET TYDER FOR KLASSANE

9. Vi må sjå det revolusjonære fedrelandsforsvaret som det viktigaste og mest slåande uttrykket for den småborgarlege bølgja som har slege inn over «nestan alt».

Det er den verste fienden av vidare framgang og suksess for den russiske revolusjonen.

Dei som har gjeve etter på dette punktet og ikkje har vore i stand til å fri seg ut frå det, er tapte for revolusjonen. Men massane gjev etter på ein annan måte enn leiarane, og dei gjer seg fri annleis, med ein annan utviklingsgang, med andre middel.

Revolusjonært fedrelandsforsvar er på den eine sida ei fylgje av at massane har vorte lurt av borgarskapet, ei fylgje av den tillitsfulle tankeløysa åt bøndene og ein del av arbeidarane. På den andre sida er det eit uttrykk for interessene og synspunkta til småeigaren, som i ei viss mon er interessert i anneksjonar og bankprofittar, og som held «heilag» vakt kring tradisjonane frå tsarismen som demoraliserer storrussarane med å få dei til å gjera bøddelarbeid imot dei andre folka.

Borgarskapet narrar folket med å spela på kor stolte dei er av revolusjonen, og ved å lata som den sosiale og politiske karakteren til krigen for Russland sin del vart forandre på grunn av dette steget i revolusjonen, på grunn av at nesten-republikken til Gutsjkov og Miljukov kom i staden for tsarmonarkiet. Og folket trudde det — for ei tid — i hovudsak på grunn av gamle fordomar som fekk dei til å sjå på dei andre folka i Russland, dvs. dei som ikkje er storrussarar, som noko likt ein eignelut eller privateigedom til storrussarane. Denne skammelege demoraliseringa av det storrussiske folket som tsarismen stod for då han lærte dei å sjå dei andre folka som noko mindreverdig, noko som «rettmessig» høyrer Storrussland til, den kunne ikkje koma bort på ein blunk.

Det som krevst av oss er at vi evnar å forklåra massane at den sosiale og politiske karakteren til krigen ikkje vert avgjort av «godviljen» til individ eller grupper, eller jamvel nasjonar, men av stillinga til den klassen som fører krigen, av den klassepolitikken som krigen er eit framhald av, av banda til kapitalen, som er den dominerande økonomiske krafta i det moderne samfunnet, av den imperialistiske karakteren til den internasjonale kapitalen, av at Russland er avhengig av Storbritannia og Frankrike i finansar, bankvesen og diplomati, og så vidare. Det er ikkje greitt å forklåra dette på ein så dyktig måte at folk forstår det. Ingen av oss vil vera i stand til å gjera det straks utan å gjera feil.

Men dette, og berre dette, må vera siktemålet, eller rettare bodskapen i propagandaen vår. Den minste innrømming andsynes det revolusjonære fedrelandsforsvaret vil vera å svika sosialismen, å forsaka internasjonalismen heilt ut, same kva slag fine frasar og «praktiske» omsyn som vert nytta for å rettferdiggjera det.

Slagordet «Ned med krigen!» er sjølvsagt rett. Men det tek ikkje omsyn til det særeigne ved oppgåvene nett no, at det er naudsynt å venda seg til dei breie massane av folket på ein annan måte. Det minnar meg om slagordet «ned med tsaren», som ein urøynd agitator gjekk enkelt og beintfram ut med på landsbygda i «gode gamle dagar», og som han vart banka opp for. Dei massane som trur på det revolusjonære fedrelandsforsvaret er ærlege, ikkje i den personlege tydinga, men i klassetydinga, dvs. dei høyrer til klassar (arbeidarar og fattigbønder) som i røynda ikkje har noko å vinna på anneksjonar og undertrykking av andre folk. Dette liknar ikkje det minste på borgarskapet og den intellektuelle «brorskapen» som veit svært godt at ein ikkje kan forsaka anneksjonar utan at ein forsakar styret til kapitalen, og som utan skruplar narrar folket med fine frasar, med lovnader utan grenser og endelause forsikringar.

Folk flest som trur på fedrelandsforsvaret, ser saka på den enkle måten til mannen i gata: «Eg ynskjer ikkje anneksjonar, men tyskarane er «ute for å ta» meg, difor forsvarar eg ei rettferdig sak og ingen imperialistiske interesser i det heile.» For ein slik mann må det forklarast opp att og opp att at det er ikkje eit spørsmål om hans personlege ynskje, men om politiske masse- og klassetilhøve og -vilkår, om samanhengen mellom krigen og interessene til kapitalen og det internasjonale nettverket av bankar osb. Berre ein slik strid mot fedrelandsforsvaret vil vera alvorleg og lova framgang kan henda ikkje nokon rask framgang, men ein som vil vera trygg og varig.

KORLEIS KAN DET GJERAST SLUTT PÅ KRIGEN?

10. Det kan ikkje gjerast slutt på krigen «etter ynskje». Krigen tek ikkje slutt med ei avgjerd frå ein av dei krigførande. Han tek ikkje slutt med at «du stikk bajonetten din i bakken», som ein soldat, ein fedrelandsforsvarar, uttrykte det.

Det kan ikkje gjerast slutt på krigen med ein «avtale» mellom sosialistar frå dei ulike landa, med ein «aksjon» frå proletarane i alle land, med «viljen» til folka, osb.

Alle frasane av dette slaget, som fyller artiklane i avisene til fedrelandsforsvararane, halv-fedrelandsforsvararane og halv-internasjonalistane, så vel som tallause fråsegner, appellar, kunngjeringar, og fråsegnene frå sovjetet av soldat- og arbeidarrepresentantar — alle desse frasane er ingen ting anna enn gagnlause, godtruande og fromme ynske frå småborgarskapet. Det er ikkje noko som skadar meir enn frasar som «forsikring om fredsviljen til folka», som rekkjefylgja for dei revolusjonære aksjonane til proletariatet (etter det russiske proletariatet kjem turen til det tyske), osb. Alt dette er blanquisme[10]Sjå note 9. — Oktober., søte draumar, å leika «politiske kampanjar», og det er i røynda berre å gjera opp at fabelen om Katten Vaska.

Krigen er ikkje ei fylgje av den vonde viljen til rovgriske kapitalistar, jamvel om det tvillaust berre er i deira interesse krigen vert ført, og ingen andre enn dei som tener på han. Krigen er eit produkt av eit halvt hundreårs utvikling av verdskapitalismen og av milliardar av trådar og samband i han. Det er umogleg å koma seg ut av den imperialistiske krigen og nå fram til ein demokratisk fred utan tvang, utan å styrta makta til kapitalen og overføra statsmakta til ein annan klasse, proletariatet.

Den russiske revolusjonen i februar—mars 1917 var opptakten til å gjera den imperialistiske krigen om til ein borgarkrig. Denne revolusjonen tok fyrste steget mot å få ein ende på krigen, men det krevst eit steg nummer to, nemleg å føra statsmakta over til proletariatet, å gjera slutten på krigen til noko visst. Dette vil vera opptakten til eit verdsomspennande «gjennombrot», eit gjennombrot i fronten til dei kapitalistiske interessene. Og berre med å bryta igjennom denne fronten kan proletariatet redda manneætta frå krigsredslene og gje henne dei velsigningane som fylgjer med freden.

Med å skapa sovjeta av arbeidarrepresentantar har den russiske revolusjonen alt no ført det russiske proletariatet rett fram til eit slikt «gjennombrot» i fronten til kapitalismen.

EIN NY TYPE STAT SOM VEKS FRAM FRÅ REVOLUSJONEN VÅR

11. Sovjeta til arbeidar-, soldat-, bonde- og andre representantar vert ikkje forstått, ikkje berre på den måten at fleirtalet ikkje skjønar kva klasseinnhaldet i dei er og kva rolle dei har i den russiske revolusjonen. Dei vert heller ikkje forstått i den tydinga at dei utgjer ei ny form, eller rettare ein ny type stat.

Den mest fullkomne, den lengst utvikla typen borgarleg stat er den parlamentariske demokratiske republikken: Makta ligg hos parlamentet: Statsmaskineriet, apparatet og organet for å administrera, er av det vanlege slaget: Den ståande hæren, politiet og byråkratiet, som i praksis ikkje kan avsetjast, har særrettar og står over folket.

Men sidan slutten av det nittande hundreåret har dei revolusjonære epokane ført fram ein høgare type demokratisk stat, ein stat som på sume vis, slik Engels skriv, sluttar å vera ein stat, «ikkje lenger er ein stat i den eigentlege tydinga av ordet». Dette er ein stat av same type som Pariskommunen, der ein ståande hær og eit politi som er skilde frå folket, er bytt ut med den direkte væpninga av folket sjølv. Det er dette særdraget som er sjølve kjernen i kommunen, som dei borgarlege skribentane har mistolka og baktala så sterkt, og som mellom anna misvisande har vorte tillagt å ha sett seg føre å «innføra» sosialismen straks.

Dette er den statstypen som den russiske revolusjonen tok til å skapa i 1905 og i 1917. Ein republikk av sovjet av arbeidar-, soldat-, bonde- og andre representantar samla i ei all russisk grunnlovgjevande forsamling av representantar for folket, eller i eit råd av sovjet osb. er det som alt er i ferd med å verta til røyndom i landet vårt no, ved denne krossvegen. Det er i ferd med å verta til røyndom ut etter initiativ frå millionane i nasjonen, dei som skaper eit demokrati på eiga hand, på sin eigen måte, utan å venta til kadettprofessorane formar ut lovproposisjonane for ein parlamentarisk borgarleg republikk, eller til pedantane og rutinedyrkarane i det småborgarlege «sosialdemokratiet», slike som hr. Plekhanov eller Kautsky, held opp med å forvrengja den marxistiske læra om staten.

Marxismen skil seg frå anarkismen med di han sannkjenner at det trengst ein stat og ei statsmakt i den revolusjonære perioden ålment, og særskilt i overgangsperioden frå kapitalismen til sosialismen.

Marxismen skil seg frå den småborgarlege, opportunistiske «sosialdemokratismen» til Plekhanov, Kautsky & co. med di han sannkjenner at det som trengst i desse to periodane ikkje er ein stat av den vanlege parlamentarisk borgarleg republikanske typen, men ein stat av same type som Pariskommunen.

Hovudskilja mellom ein stat av denne typen og den gamle staten er desse:

Det er temmeleg enkelt (slik historia provar) å venda attende frå ein parlamentarisk borgarleg republikk til eit monarki, for heile undertrykkingsapparatet — hæren, politiet og byråkratiet — står urørt. Kommunen og sovjeta knuser dette apparatet og kvittar seg med det.

Den parlamentariske borgarlege republikken hindrar og undertrykkjer det uavhengige politiske livet til massane, og gjer det umogleg for dei å ta direkte del i den demokratiske organiseringa av statslivet frå botnen og opp. For sovjeta gjeld det motsette.

Dei kallar fram att den statstypen som Pariskommunen heldt på å utvikla, og som Marx skriv om som «den politiske forma som til sist vart oppdaga, der den økonomiske frigjeringa av arbeidet kan førast ut».

Til vanleg vert vi fortalde at det russiske folket enno ikkje er budde på at kommunen vert «innført». Dette er det argumentet dei som åtte liveigne nytta, når dei hevda at bøndene ikkje var budde på frigjering. Kommunen, d.v.s. sovjeta, «innfører» ikkje, har ikkje tenkt å «innføra», og må ikkje innføra nokon reformar som ikkje har mognast heilt ut både i den økonomiske røyndomen og i medvitet til eit overveldande fleirtal av folket. Di djupare det økonomiske samanbrotet og krisa krigen har skapt vert, di meir tvingande vert trongen etter den mest fullenda politiske forma, som vil gjera det lettare å lækja dei fælslege såra som krigen har ført over manneætta. Di mindre røynsle det russiske folket har i å organisera seg, di meir målmedvite må vi arbeida fram imot at folket sjølv utviklar organiseringa si, og at ikkje berre dei borgarlege politikarane og «velplasserte» byråkratar gjer det.

Di snarare vi kvittar oss med dei gamle fordomane til kvasi-marxismen, ein marxisme som Plekhanov, Kautsky & co. har forfalska, di meir aktivt vi tek til med å hjelpa folket, skipa sovjet av arbeidar- og bonderepresentantar over alt og straks, og hjelper dei å dra livet på alle omkverve inn under deira kontroll, og di lengre Lvov & co. utset å kalla saman den grunnlovgjevande forsamlinga, di lettare vil det vera for folket (med den grunnlovgjevande forsamlinga som middel eller uavhengig av henne, dersom Lvov let det dra ut alt for lenge med å kalla henne saman) å la avgjerda falla til fordel for ein republikk av sovjet av soldat- og bonderepresentantar. Det er uunngåeleg i fyrste omgang at folket sjølv gjer feil i det nye arbeidet med organisatorisk utvikling. Men det er betre å gjera mistak og gå frametter enn å venta til dei jusprofessorane Hr. Lvov har kalla saman, formar ut lovene sine for å kalla saman den grunnlovgjevande forsamlinga, for å gjera den parlamentariske borgarlege republikken evig og for å kvela sovjeta av arbeidar- og bonderepresentantar.

Dersom vi organiserer oss og fører fram propagandaen vår på ein dugande måte, vil ikkje berre proletarane, men ni tidelar av bøndene vera imot at politiet vert gjenoppretta, vera imot eit privilegert byråkrati som ikkje kan byttast ut, og mot ein hær som er skilt frå folket. Og det er alt den nye statstypen står for.

12. At ein folkemilits vert sett i staden for politiet, er ein reform som fylgjer av heile utviklinga i revolusjonen. Det skjer no i dei fleste delar av Russland. Vi må forklåra folket at denne reformen alltid var svært kortliva i dei fleste borgarlege revolusjonane av vanleg slag, og at borgarskapet, — jamvel det mest demokratiske og republikanske — sette inn att politiet av den gamle tsartypen, eit politi som er skilt frå folket, kommandert av borgarskapet og i stand til å undertrykkja folket på alle måtar.

Det finst berre ein måte å hindra at politiet vert sett inn att, og det er å skapa ein folkemilits og smelta han saman med hæren (den ståande hæren skal bytast ut med ei væpning av heile folket). Teneste i denne militsen må femna om alle innbuarar av båe kjønn mellom femtan og sekstifem år utan unntak, om desse forsøksvis opptrekte aldersgrensene kan takast som ein peikepinn for at ungdom og eldre skal vera med. Kapitalistane må betala arbeidarane, tenarane sine osb. for dagar dei nyttar til offentleg teneste i militsen. Dersom ikkje kvinnene får høve til å spela ei sjølvstendig rolle ikkje berre i det politiske livet allment, men og i alle slag offentleg teneste frå dag til dag, har det ikkje noko for seg å snakka om fullt og stabilt demokrati, for ikkje å snakka om sosialisme. Og slike «politi» oppgåver som å stella for sjuke og for heimlause born, matkontroll osb. vil aldri verta tilfredsstillande teke hand om før kvinnene kjem på like fot med mennene, ikkje berre i namnet, men i gagnet.

Oppgåvene som proletariatet må setja fram for folket for å tryggja, grunnfesta og utvikla revolusjonen er å hindra at politiet vert gjenoppretta og å nytta organisasjonskreftene til heile folket i skipinga av ein folkemilits.

JORDBRUKSPROGRAMMET OG DET NASJONALE PROGRAMMET

13. Nett no kan vi ikkje seia sikkert om ein mektig jordbruksrevolusjon vil utvikla seg på den russiske landsbygda i nær framtid. Vi kan ikkje seia nøyaktig kor djup klassekløyvinga mellom bøndene er, men ho har tvillaust vorte djupare i det siste ved ei oppdeling i landarbeidarar, lønsmottakarar og fattige bønder («halvproletarar») på den eine sida, og rike og mellombønder (kapitalistar og småkapitalistar) på den andre. Slike spørsmål vil og kan berre avgjerast gjennom røynsle.

Men vi som er partiet til proletariatet, har utan tvil plikt på oss ikkje berre til straks å leggja fram eit jordbruks- (jord-) program, men og å gå inn for praktiske tiltak som kan setjast ut i livet straks i interessene til bondejordbruksrevolusjonen i Russland.

Vi må krevja at all jord skal nasjonaliserast, dvs. at all jord i staten skal verta eigedomen til den sentrale statsmakta. Denne makta må setja fast størrelsen osb. for fondet for nye gardsbruk, busetting på landsbygda, ho må gje lover for skogvern, for jordforbetring osb., og ho må absolutt forby alle mellommenn å koma seg inn mellom den som eig jorda, dvs. staten, og forpaktaren, dvs. den som dyrkar ho (forby all framleige av jord). Men råderetten over jorda, det å setja fast det lokale regelverket som styrer eige og eigedomstilhøve til jord, må ikkje i noko tilfelle gjevast over til byråkratar og embetsmenn, men heilt og utan unntak haldast i hendene på sovjeta av bonderepresentantar på distrikts- og lokalplan.

For å forbetra teknikkane for kornproduksjon og auka avlingane og for å utvikla rasjonell dyrking i stor målestokk under offentleg kontroll, må vi arbeida innanfor bondekomiteane for å tryggja at all konfiskert godseigedom vert overført til eit stort modellbruk som skal kontrollerast av sovjetet av landarbeidarrepresentantar.

For å motverka det småborgarlege frasemakeriet og den politikken som rår mellom dei sosialrevolusjonære, særleg det tome pratet om «eksistens»-norm eller «arbeids»-norm «sosialisering av jorda» osb., må partiet til proletariatet gjera det klårt at jordbruk i liten målestokk under vareproduksjonen, ikkje kan redda manneætta frå fattigdom og undertrykking.

Utan at vi må splitta sovjeta av bonderepresentantar med ein gong må partiet til proletariatet forklåra at det trengst å skipast særskilte sovjet av landarbeidarrepresentantar og særskilde sovjet av representantar for fattigbøndene (halvproletarane), eller i det minste at det med jamne mellomrom trengst særskilde konferansar med representantar for denne klassestatusen i form av særskilde grupper eller parti innanfor det allmenne sovjetet av bonderepresentantar. Utan dette vil det honningsøte småborgarlege snakket til Narodnikane om bøndene allment, verka som eit skjold for at dei velståande bøndene, som berre er ein avart kapitalistar, skal kunna narra dei eigedomslause massane.

Mange sosialrevolusjonære og sovjet av arbeidar- og soldatrepresentantar rår bøndene til ikkje å ta godseigedomane og ikkje å ta til med jordreformen før den grunnlovgjevande forsamlinga har kome saman. For å mot verka den borgarleg-liberale eller reint ut byråkratiske preikinga deira, må partiet til proletariatet eggja bøndene til å setja i verk jordreformen straks på eiga hand, og å konfiskera godseigedomane straks når bonderepresentantane på staden har vedteke det.

På same tid er det særs viktig å halda på at det er naudsynt å auka produksjonen av mat til soldatane ved fronten og til byane, og at det er absolutt utillateleg å skada eller øydeleggja buskap, reiskapar, maskinar, bygningar osb. på noko vis.

14. Når det gjeld det nasjonale spørsmålet, må det proletariske partiet i fyrste rekkje gå inn for å kunngjera og straks setja ut i livet at alle nasjonane og folka som var undertrykte av tsarismen, eller som var tvinga til å slutta seg til staten eller tvinga til å bli verande innanfor statsgrensene, dvs. annekterte, skal få full fridom til å riva seg laus frå Russland.

Alle kunngjeringar, fråsegner og manifest om å gje avkall på anneksjonar som ikkje vert fylgde med at retten til å riva seg laus vert sett ut i livet i praksis, er ingenting anna enn borgarleg lureri imot folket, eller så er dei fromme småborgarlege ynskje.

Det proletariske partiet strevar for å skapa ein så stor stat som mogleg, for det er til føremon for det arbeidande folket. Det strevar for å dra nasjonane tettare saman, og for å medvirka til ei vidare samansmelting av dei. Men det ynskjer ikkje å nå dette målet med vald, men berre gjennom eit fritt broderleg samband mellom arbeidarane og det arbeidande folket i alle nasjonar.

Di meir demokratisk den russiske republikken vert, og di større framgang han har i å organisera seg som ein republikk av sovjet av arbeidar- og bonderepresentantar, di sterkare vil kreftene vera for at det arbeidande folket i alle nasjonar friviljug skal verta dregne til ein slik republikk.

Full fridom til lausriving, breiast råd lokalt (og nasjonalt) autonomi og nøye utarbeidde garantiar for rettane til dei nasjonale minoritetane — dette er programmet til det revolusjonære proletariatet.

NASJONALISERING AV BANKANE OG DEI KAPITALISTISKE SYNDIKATA[11]Samanslutning av føretak eller finansfyrstar for å få herredøme over marknaden. — Oktober.

15. Under ingen omstende kan eit proletarisk parti setja seg som mål å «innføra» sosialismen i eit land av småbønder så lenge det overveldande fleirtalet av folkesetnaden enno ikkje har innsett at ein sosialistisk revolusjon er naudsynt.

Men berre borgarlege sofistar[12]Sofist — ordkløyvar, flisespikkar. Eigentleg lærar i retorikk (overtalingskunst), moral og filosofi i det gamle Aten. — Oktober. som løyner seg bak «nesten-marxistiske» slagord, kan ut frå denne sanninga rettferdiggjera ein politikk med å utsetja revolusjonære tiltak som det ikkje kan drygast med når tida er fullmogen for dei. Slike tiltak har fleire borgarlege statar ofte tydd til under krigen, og dei er heilt ut uunnverlege om ein skal stri mot den fullstendige økonomiske oppløysinga og hungersnauda som trugar.

Slike tiltak som å nasjonalisera jorda, alle bankane og dei kapitalistiske syndikata, eller i det minste straks å føra dei inn under kontrollen til sovjeta av arbeidarrepresentantar osb. — tiltak som på ingen måte tyder å «innføra» sosialismen — må vi gå vilkårslaust inn for, og så sant det berre er mogleg, føra ut i livet på ein revolusjonær måte. Utan slike tiltak, som berre er steg fram mot sosialismen, og som er heilt ut gjennomførlege økonomisk, vil det vera umogleg å lækja dei såra som krigen har ført med seg og halda seg frå det trugande samanbrotet. Partiet til det revolusjonære proletariatet vil aldri vikja attende for å leggja hand på dei eventyrlege profittane til kapitalistane og bankeigarane, som gjer seg rike på krigen på ein særleg skammeleg måte.

STODA INNANFOR DEN SOSIALISTISKE INTERNASJONALEN

16. Dei internasjonale skuldnadene til den russiske arbeidarklassen kjem nett no i framgrunnen med særskilt kraft.

Det er berre dei gideslause som ikkje sver til internasjonalismen i desse dagane. Jamvel dei sjåvinistiske fedrelandsforsvararane, jamvel Plekhanov og Potresov, jamvel Kerenski, kallar seg internasjonalistar. Difor vert det endå meir ei tvingande plikt for det proletariske partiet å stilla internasjonalismen i handling opp imot internasjonalismen i ord, klårt, nøyaktig og avgjort.

Reine appellar til arbeidarane i alle land, tomme forsikringar om at dei held seg til internasjonalismen, beinveges eller omveges freistnader på å fastsetja ei «rekkjefylgje» for korleis det revolusjonære proletariatet i dei ulike krigførande landa skal gå fram, strevsame freistnader på å få i stand «avtalar» mellom sosialistane i dei krigførande landa om spørsmålet om den revolusjonære kampen, all ståheien med å kalla saman sosialistkongressar for å få i stand fredskampanjar, osb., osb. det hjelper ikkje kor truverdige opphavsmennene til slike idear, freistnader og planar er — når ein ser på kva dei objektivt er verde, tel dei ikkje for meir enn frasemakeri. I beste fall er dei uskuldige og fromme ynske som berre duger til å løyna korleis sjåvinistane narrar folket. Dei franske sosialsjåvinistane er dei mest hendte og utlærte i metodane for parlamentarisk hokus-pokus. Dei har for lenge sidan slege alle rekordar i skvalder og høglydde pasifistiske og internasjonalistiske frasar kopla saman med eit utruleg skamlaust svik mot sosialismen og Internasjonalen. Dei har teke imot plassar i regjeringane som fører den imperialistiske krigen, røysta for kredittar eller lån (nett slik Tsjkheidze, Skobelev, Tsereteli og Steklov nyleg har gjort det i Russland), stilt seg imot den revolusjonære kampen i sitt eige land, osb., osb.

Gode menneske gløymer ofte den brutale og ville bakgrunnen som den imperialistiske verdskrigen gjev. Denne bakgrunnen toler ikkje frasar, og spottar uskuldige og fromme ynskje.

Det finst eitt og berre eitt slag røynleg internasjonalisme, og det er — å arbeida heilhuga for å utvikla den revolusjonære rørsla og den revolusjonære kampen i eins eige land, og å stø (med propaganda, samkjensle og materiell hjelp) denne kampen, denne, og berre denne lina i kvart einaste land utan unntak.

Alt anna er svik og manilovisme.[13]Manilovisme — etter namnet Manilov, ein person i satiren «Daude sjelar» av Gogol. Manilov vart framstilt som ein slapp og sentimental godseigartype. Namnet har vorte eit synonym for ein lat og … Continue reading

Gjennom dei vel to åra med krig har den internasjonale sosialistiske rørsla og arbeidarrørsla i alle land utvikla tre straumdrag. Den som ser bort ifrå røyndomen og nektar å godta at desse tre straumdraga finst, å analysera dei, å slåst fylgjestrengt for det straumdraget som er verkeleg internasjonalistisk, er dømd til maktesløyse, hjelpeløyse og mistak.

Dei tre straumdraga er:

1) Sosialsjåvinistane, dvs. sosialistar i ord og sjåvinistar i gjerning, menneske som godtek «forsvar av fedrelandet» i ein imperialistisk krig (og framfor alt i den imperialistiske krigen vi no er inne i).

Desse menneska er klassefiendane våre. Dei har gått over til borgarskapet.

Dei er fleirtalet av dei offisielle leiarane i dei offisielle sosialdemokratiske partia i alle land — Plekhanov & co. i Russland, folk som Scheidemann i Tyskland, Renaudel, Guesde og Sembat i Frankrike, Bissolati & co. i Italia, Hyndman, fabianarane[14]Fabianarane — ein reformistisk britisk organisasjon grunnlagt i 1884. Medlemer i organisasjonen var for størstedelen borgarlege intellektuelle, vitskapsmenn, forfattarar og politikarar (S. og B. … Continue reading og arbeidarpartifolka (leiarane for «Arbeidarpartiet»[15]Arbeidarpartiet (Labour Party) — vart stifta i 1900 som ei samansmelting av fagforeiningar, sosialistiske organisasjonar og grupper som arbeidde for å velja arbeidarrepresentantar inn i … Continue reading(the «Labor Party»)) i Storbritannia, Branting & co. i Sverige, Troelstra og partiet hans i Nederland, Stauning og partiet hans i Danmark, Victor Berger og andre «fedrelandsforsvararar»i Amerika, osb.

2) Det andre straumdraget, som er kjent som «sentrum», er folk som vaklar mellom sosialsjåvinistane og dei verkelege internasjonalistane.

«Sentrum» sver og kunngjer alle at dei er marxistar og internasjonalistar, at dei er for fred, for å driva all slags «press» imot regjeringane, for å «krevja» på alle måtar at deira eigne regjeringar skal «slå fast viljen folket har til fred», at dei er for alle slags fredskampanjar, for fred utan landevinningar, osb., osb. — og for fred med sosialsjåvinistane. «Sentrum» er for «einskap», «sentrum» er mot splitting.

«Sentrum» er plassen for honningsøte småborgarlege frasar, for internasjonalisme i ord og feig opportunisme og smeiking av sosialsjåvinistane i gjerning.

Kjernen i saka er at «sentrum» ikkje er overtydde om at ein revolusjon imot deira eiga regjering er naudsynt.

Dei forkynner ikkje revolusjon. Dei fører ikkje nokon heilhuga revolusjonær kamp. Og for å unngå slik kamp, triv dei til dei flauaste orsakingane som høyrest mest marxistisk ut.

Sosialsjåvinistane er klassefiendane våre. Dei er borgarskapet innan arbeidarrørsla. Dei står for eit lag, eller grupper, eller seksjonar av arbeidarklassen som objektivt har vorte muta av borgarskapet (med betre løner, tillitsverv osb.), og som hjelper sitt eige borgarskap med å plyndra og undertrykkja små og veike folk og å slåst for å dela opp det kapitalistiske byttet.

«Sentrum» er rutinedyrkarar som er opplærde av forgiftinga til legalismen, utskjemde av atmosfæren i parlamentet, osb., dei er byråkratar som har vent seg til koselege stillingar og lette jobbar. Historisk og økonomisk sett er dei ikkje noko særskilt lag, men står berre for ein overgang frå ein tidlegare fase i arbeidarrørsla — fasen mellom 1871 og 1914, som gav mykje verdifullt til proletariatet, særleg i den umissande kunsten å driva sakte, uthaldande og systematisk organisasjonsarbeid i stor og i den største målestokken — til ein ny fase som vart objektivt naudsynt då den første imperialistiske verdskrigen braut ut, den som innleidde epoken med den sosialistiske revolusjonen.

Viktigaste leiaren og hovudtalsmann for «sentrum» er Karl Kautsky, den mest framståande autoriteten i Den andre internasjonalen (1889—1914). Etter august 1914 er han eit godt døme på ein som har spela fullstendig fallitt som marxist, ein med utruleg lite ryggrad og den mest skarvelege vakling og svik. I dette «sentrums» straumdraget finn vi Kautsky, Haase, Ledebour og den såkalla arbeidar- eller arbeidsgruppa[16]Arbeidar- eller arbeidsgruppa — ein organisasjon for dei tyske sentristane, danna i mars 1915 av medlemer som hadde brote med den offisielle sosialdemokratiske gruppa i Riksdagen. Seinare, i 1917, … Continue reading i Riksdagen. I Frankrike er det Longuet, Pressemane og dei såkalla minoritære[17]Minoritære eller longuetistar — mindretalet i Det franske sosia- listparitet som vart danna i 1915. Dei minoritære var tilhengjarar av sosialreformisten Longuet. Dei hadde sentristiske syn og … Continue reading (mindretalsfolk) i det store og heile. I Storbritannia finn vi Philip Snowden, Ramsay MacDonald og mange andre leiarar i Det uavhengige arbeidarpartiet, (the Independent Labour Party)[18]Det uavhengige arbeidarpartiet (The Independent Labour Party) — ein reformistisk organisasjon skipa av leiarane for dei «nye fagforeiningane» i 1893 under den aktive streikerørsla og den … Continue reading, og sume av leiarane i Det britiske sosialistpartiet[19]Det britiske sosialistpartiet (The British Socialist Party) — vart danna i Manchester i 1911. BSP dreiv agitasjon i marxistisk ånd. Det var ikkje opportunistisk, det var verkeleg «uavhengig av … Continue reading (the British Socialist Party). I USA Morris Hillquit og mange andre. I Italia Turati, Treves, Modigliani og andre. I Sveits Robert Grimm og andre. I Austerrike Victor Adler & co. I Russland partiet til Organisasjonskomiteen, Axelrod, Martov, Tsjkheidze, Tsereteli og andre, osb.

Sjølvsagt skjer det at einskildindivid umedvite driv over frå det sosialsjåvinistiske til det sentristiske synet, og like eins andre vegen. Kvar einaste marxist veit at klassane skil seg frå kvarandre, jamvel om einskildindivid kan gå temmeleg greitt over frå ein klasse til ein annan. På same måten skil strraumdrag i det politiske livet seg frå einannan, jamvel om einskildindivid kan gå fritt over frå eitt straumdrag til eit anna, og trass i alle freistnader og alt strev på å smelta saman straumdraga.

3) Det tredje straumdraget, dei sanne internasjonalistane, er best representerte av «Zimmerwaldvenstre».[20]Zimmerwald-venstre — I byrjinga av september 1915 heldt internasjonalistane sin fyrste konferanse i Zimmerwald. Lenin kalla denne konferansen det «fyrste steget» i utviklinga av den … Continue reading(Som eit vedlegg prentar vi opp att fråsegna deira frå september 1915, slik at lesaren kan få fyrstehands kjennskap til korleis dette straumdraget vart til.)

Det mest særmerkte med dette straumdraget er at det har brote fullt ut både med sosialsjåvinismen og «sentrismen», og fører ein djerv revolusjonær kamp mot si eiga imperialistiske regjering og sitt eige imperialistiske borgarskap. Prinsippet deira er: «Hovudfienden vår er heime». Det fører ein miskunnlaus kamp mot honningsøte sosialpasifistiske frasar (ein sosialpasifist er sosialist i ord og borgarleg pasifist i gjerning. Borgarlege pasifistar drøymer om ein evigvarande fred utan å kasta av seg åket og herredømet til kapitalen), og mot alle utflukter som vert nytta for å nekta for at det er mogleg, høveleg og rett tid for ein proletarisk revolusjonær kamp, og for ein proletarisk sosialistisk revolusjon i samband med den krigen vi er inne i.

Den mest framståande representanten for dette straumdraget i Tyskland er Spartakusgruppa eller Internasjonal-gruppa[21]Spartakusgruppa eller Internasjonalgruppa — medlemer av Spartakusforbundet, ein revolusjonær organisasjon av tyske venstresosialdemokratar som vart danna tidleg under den fyrste verdskrigen under … Continue reading), der Karl Liebknecht er med.

Karl Liebknecht vert halden svært høgt som talsmann for dette straumdraget for den nye og ekte proletariske internasjonalen.

Karl Liebknecht oppmoda arbeidarane og soldatane i Tyskland om å snu våpena sine mot si eiga regjering. Karl Liebknecht gjorde det ope frå talarstolen i Riksdagen. Så drog han til ein demonstrasjon på Potsdamer Platz, ein av dei største opne plassane i Berlin, med ulovleg prenta flygeblad som forkynte slagordet «Ned med regjeringa!». Han vart arrestert og dømd til hardt straffarbeid. Han sit no og sonar i eit tysk fengsel, på same måten som hundrevis, om ikkje tusenvis av andre sanne tyske sosialistar som har vorte sette fast for verksemda si mot krigen.

I talane og breva sine gjekk Karl Liebknecht til miskunnlaust åtak ikkje berre mot sine eigne plekhanovar og potresovar (slike som Scheidemann, Legien, David & co.), men og mot sine eigne sentristar, sine eigne tsjkheidzear og tsereteliar (Kautsky, Haase, Ledebour & co.).

Karl Liebknecht og venen hans Otto Rühle, to av eitt hundre og ti riksdagsmenn, braut disiplinen, knuste «einskapen» med «sentrum» og sjåvinistane, og gjekk imot dei alle. Liebknecht åleine står for sosialismen, den proletariske saka, den proletariske revolusjonen. Heile resten av dei tyske sosialdemokratane er eit «stinkande lik», for å sitera dei råkande orda til Rosa Luxemburg (som òg er med i, og er ein av leiarane for Spartakusgruppa).

Ei anna gruppe sanne internasjonalistar i Tyskland er gruppa kring avisa Arbeiterpolitik i Bremen.

Dei som står internasjonalistane i gjerning nærast er: I Frankrike, Loriot og venene hans (Bourderon og Merrheim har sklidd ned til sosialpasifisme), like eins franskmannen Henri Guilbeaux, som gjev ut bladet Demain i Geneve. I Storbritannia, avisa The Trade Unionist og sume av medlemene i Det britiske sosialistpartiet og i Det uavhengige arbeidarpartiet (t.d. Russel Williams, som gjekk ope inn for å bryta med leiarane som har svike sosialismen), den skotske sosialistiske læraren MacLean, som den borgarlege regjeringa i Storbritannia dømde til hardt straffarbeid for den revolusjonære kampen sin mot krigen, og hundrevis av britiske sosialistar som er i fengsel for same lovbrotet. Dei, og berre dei er internasjonalistar i gjerning. I USA, Det sosialistiske arbeidarpartiet og dei innanfor det opportunistiske sosialistpartiet[22]Det sosialistiske partiet (USA) — skipa i 1901 i Indianapolis. Under fyrste verdskrigen splitta partiet seg i fleire retningar. Den revolusjonære fløya, som tok eit internasjonalistisk … Continue reading som i januar 1917 tok til å gje ut avisa The Internationalist. I Nederland, partiet til «tribunistane»[23]«Tribunistane» — medlemer av det sosialdemokratiske partiet i Nederland. Dei representerte venstrefløya i arbeidarrørsla i landet og tok stort sett eit internasjonalistisk standpunkt under den … Continue reading som gjev ut avisa De Tribune (Pannekoek, Herman Gorter, Wijnkoop og Henriette Roland Holst, som jamvel om ho var sentrist i Zimmerwald no har gått inni rekkjene våre). I Sverige, det ungsosialistiske eller venstresosialistiske partiet[24]Det ungsosialistiske eller venstresosialistiske partiet — venstrefløya i det svenske sosialdemokratiske partiet. I mai 1917 danna dei det venstresosialdemokratiske partiet i Sverige og vedtok på … Continue reading, som vert leidd av Lindhagen, Ture Nerman, Carlsson, Ström og Z. Höglund, som i Zimmerwald var personleg aktiv i organisasjonen til «Zimmerwaldvenstre», og som no sit i fengsel for den revolusjonære kampen sin imot krigen. I Danmark, Trier og venene hans, som har gått ut av det danske «sosialdemokratiske» partiet som no er reint borgarleg og har minister Stauning som leiar. I Bulgaria «Tesnyaki»[25]«Tesnyaki» — det revolusjonære sosialdemokratiske arbeidarpartiet i Bulgaria, stifta i 1903 etter kløyvinga i Det sosialdemokratiske partiet. Grunnleggjar og leiar av partiet var D. Blagoev, … Continue reading. I Italia er Constantino Lazzari, partisekretæren, og Serrati, redaktøren for hovudorganet Avanti![26]«Avanti» (italiensk: Framover) — dagsavis, hovudorgan for Det italienske sosialistpartiet, fyrste gong gjeve ut i Roma i desember 1896. Under fyrste verdskrigen (1914—18) tok avisa eit … Continue reading dei næraste. I Polen Radek, Hanecki og andre leiarar for sosialdemokratane som er samla under «Regionsstyret», og Rosa Luxemburg, Tyszka og andre leiarar for sosialdemokratane som er samla under «Hovudstyret»[27]«Regionstyret» og «Hovudstyret» — eksekutivorgana til sosialdemokratane i kongedømet Polen og Litauen.. I Sveits dei til venstre som drog opp argumenta for «folkerøystinga» (januar 1917) for å stri imot sosialsjåvinistane og «sentrum» i sitt eige land, og som på sosialistkongressen for kantonen Zürich i Töss 11. februar 1917 sette fram ei gjennomført revolusjonær fråsegn mot krigen. I Austerrike, dei unge venstreorienterte venene til Friedrich Adler, som delvis førde verksemda si gjennom Karl Marx-klubben i Wien. Han er no stengd av den erkereaksjonære austerrikiske regjeringa, som øydelegg livet til Adler på grunn av dei heltemodige, men dårleg gjennomtenkte skota han løyste mot ein minister, og så frametter.

Det er ikkje eit spørsmål om nyanseskilnader, noko som så visst finst jamvel på venstresida. Det er eit spørsmål om straumdrag. Saka er at det ikkje er lett å vera internasjonalist i gjerning i ein fælsleg imperialistisk krig. Det er få slike menneske, men det er einast slike menneske som framtida til sosialismen er avhengig av. Dei åleine er leiarane for folket, og ikkje for førarane deira.

Skilnaden mellom reformistane og dei revolusjonære — mellom sosialdemokratar og sosialistar allment måtte objektivt sett gå igjennom ei forandring under dei vilkåra den imperialistiske krigen stiller. Dei som avgrensar seg til å «krevja» at dei borgarlege regjeringane skal slutta fred eller «slå fast viljen folket har til fred», osb., sklir i røynda over i reformar. For objektivt sett kan spørsmålet om krigen berre løysast på ein revolusjonær måte.

Det finst ingen utveg for at denne krigen kan enda i ein demokratisk fred utan tvang, eller for at folket skal verta fri for børa med å betala milliardar i renter til kapitalistane som har tent formuar på krigen, utan gjennom at proletariatet går til revolusjon.

Det både kan og må setjast fram krav om reformar av alle slag til dei borgarlege regjeringane, men utan å søkka ned til manilovisme[28]Sjå note 14. — Oktober. og reformisme, kan ein ikkje krevja at folk og klassar som er vovne saman med den imperialistiske kapitalen med tusen trådar, skal riva av desse trådane. Og dersom dei ikkje vert rivne av, vert alt snakk om ein krig mot krigen berre tomt og svikefullt skravl.

«Kautskyanarane», «sentrum», er revolusjonære i ord og reformistar i gjerning. Dei er internasjonalistar i ord og følgjesveinar for sosialsjåvinistane i gjerning.

SAMANBROTET FOR ZIMMERWALDINTERNASJONALEN[29]Zimmerwald-internasjonalen — internasjonal sosialistkonferanse i Sveits frå 5.—8. september 1915 med representantar frå sentralkomiteen i RSDAP, for venstre-sosialdemokratane i Sverige, Noreg, … Continue reading. — DET ER NAUDSYNT Å GRUNNLEGGJA EIN TREDJE INTERNASJONALE.

17. Alt frå fyrste stund stilte Zimmerwald-internasjonalen seg i ei vaklande, «kautskyansk», «sentristisk» stilling. Det tvinga straks Zimmerwaldvenstre til å avgrensa seg, skilja seg frå resten og til å senda ut si eiga fråsegn (ho vart offentleggjort i Sveits på russisk, tysk og fransk).

Der Zimmerwald-internasjonalen kom mest til kort, og årsaka til at han braut saman (for politisk og ideologisk hadde han alt brote saman), var at han vakla og ikkje kunne avgjera ei så viktig sak som i praksis var så grunnleggjande som den om dei skulle bryta fullstendig med sosialsjåvinismen og den gamle sosialsjåvinistiske internasjonalen, som Vandervelde og Huysmans stod i brodden for i Haag (Nederland), osb.

Det er enno ikkje kjent i Russland at Zimmerwald-fleirtalet ikkje er anna enn kautskyanarar. Like fullt er dette ein grunnleggjande røyndom som ikkje kan oversjåast, og som no er allment kjent i Vest-Europa. Jamvel sjåvinisten, denne ekstreme tyske sjåvinisten Heilman, redaktør for den erkesjåvinistiske Chemnitzer Volksstimme[30]Volksstimme (tysk: Folkets røst) — organ for det tyske sosialdemokratiske partiet, utgjeve i Chemnitz frå januar 1899 til februar 1933. og medarbeidar i Parvis si erkesjåvinistiske Glocke[31]Die Glocke (tysk: Klokka) — Tidsskrift gjeve ut i Munchen og Berlin mellom 1915 og 1925 av sosialsjåvinisten Darvus, medlem av det tyske sosialdemokratiske partiet. (ein «sosialdemokrat», sjølvsagt og ein glødande tilhengjar av sosialdemokratisk «einskap»), vart tvinga til å vedgå i pressa at «sentrum», eller «kautskyanismen», og Zimmerwald-fleirtalet var ein og same tingen.

Denne kjensgjerninga vart endeleg slege-fast mot slutten av 1916 og fyrst på 1917: Jamvel om sosialpasifismen vart fordømd i Kienthal-fråsegna[32]Kienthal-manifestet — appellen «Til folka som lir under ruinering og daude», vedteken på den andre konferansen til Zimmerwaldinternasjonalistane 24.—30. april 1916 i Kienthal i Sveits., sokk heile Zimmerwald-høgre, heile Zimmerwald-fleirtalet ned i sosialpasifisme: Kautsky & co. i ei rad fråsegner i januar og februar 1917, Bourderon og Merrheim i Frankrike, som samrøystes røysta i lag med sosialsjåvinistane for dei pasifistiske fråsegnene til sosialistpartiet (desember 1916) og Confédération Générale du Travail (Den faglege landsorganisasjonen, også i desember 1916. Turati & co. i Italia, der heile partiet tok eit sosialpasifistisk standpunkt, medan Turati sjølv i ein tale den 17. desember «sklei» (sjølvsagt ikkje tilfeldig) ut i nasjonalistiske frasar som reinvaska den imperialistiske krigen.

I januar 1917 gjekk ordstyraren på konferansane i Zimmerwald og Kienthal, Robert Grimm, saman med sosialsjåvinistane i sitt eige parti (Greulich, Pfliger, Gustav Miller og andre) imot internasjonalistane i gjerning.

Ved to konferansar der Zimmerwaldistar frå ulike land møttest i januar og februar 1917, vart denne tvetydige, tvitunga framferda til Zimmerwald-fleirtalet formelt brennemerka av venstre-internasjonalistane frå ei rekkje land: Av Mintzenberg, sekretær i den internasjonale ungdomsorganisasjonen og redaktør for det framifrå internasjonalistiske skriftet Die Jugendinternationale[33]Die Jugendinternationale (Ungdomsinternasjonalen) — organ for den internasjonale unionen av sosialistiske ungdomsorganisasjonar tilknytta Zimmerwald-venstre (sjå note 21). Gjeve ut i Zårich frå … Continue reading, av Sinovjev, som representerte sentralkomiteen i partiet vårt, av K. Radek frå det polske sosialdemokratiske partiet («Regionstyret»), og av Hartstein, ein tysk sosialdemokrat og medlem i Spartakusgruppa.

Det russiske proletariatet har fått mykje til gjevandes. Ingen stad i verda har arbeidarklassen enno lukkast i å utvikla så mykje revolusjonær energi som i Russland. Men den som har fått mykje, vert det òg kravd mykje av.

Vi kan ikkje lenger verta sitjande i Zimmerwaldmyra. Vi kan ikkje halda fram i halvalliansen med den sjåvinistiske Internasjonalen til slike som Plekhanov og Scheidemann av omsyn til «kautskyanarane» fra Zimmerwald. Vi må bryta med denne Internasjonalen straks. Det er berre for å få opplysningar, vi må verta verande i Zimmerwald.

Det er vi som nett no og utan borthefting må grunnleggja ein ny, revolusjonær, proletarisk Internasjonale. Eller snarare, vi må ikkje vera redde for å gå offentleg ut med at denne nye Internasjonalen alt er skipa og i verksemd.

Dette er Internasjonalen til dei «internasjonalistane i gjerning» som eg har rekna nøyaktig opp ovanfor. Dei, og berre dei, representerer dei revolusjonære, internasjonalistiske massane, og ikkje dei som forfører dei.

Og dersom det er få sosialistar av dette slaget, la kvar einaste russisk arbeidar spørja seg sjølv om det var mange verkeleg klassemedvitne revolusjonære i Russland like før februar- og marsrevolusjonen i 1917.

Det er ikkje eit spørsmål om kor mange, men om å gje eit korrekt uttrykk for ideane og politikken til det verkeleg revolusjonære proletariatet. Det som gjeld er ikkje å «proklamera» internasjonalisme, men å verta i stand til å vera ein internasjonalist i gjerning, jamvel i dei tyngste tider.

Lat oss ikkje narra oss sjølve med å vona på semjer og internasjonale kongressar. Så lenge den imperialistiske krigen står på, vert det internasjonale samkvemet halde i skruvstikka til militærdiktaturet til det imperialistiske borgarskapet. Jamvel «republikanaren» Miljukov, som er nøydd til å tola parallellstyret til sovjetet av arbeidarrepresentantar, gav ikkje Fritz Platten, den sveitsiske sosialisten, sekretær i partiet, ein internasjonalist og deltakar i konferansane i Zimmerwald og Kienthal, lov til å koma inn i Russland i april 1917.

Platten vart nekta å koma inn trass i at han har russisk kone og skulle vitja slektningane til kona si, og trass i at han hadde teke del i revolusjonen i 1905 i Riga og vart sett i russisk fengsel for det, og betalte kausjon til tsarregjeringa for å verta sett fri og no ønskte å få att kausjonen. — Ettersom «republikanaren» Miljukov kunne gjera noko slikt i april 1917 i Russland, då kan vi gjera oss opp ei meining om kor mykje dei er verde, lovnadene og forsikringane, frasane og fråsegnene til borgarskapet om fred utan anneksjonar osb.

Og då Trotski vart arrestert av den britiske regjeringa? Og då Martov vart nekta å reisa frå Sveits, og dei freista lura han til Storbritannia der lagnaden til Trotski venta på han?

Lat oss ikkje ha illusjonar. Vi må ikkje lura oss sjølve.

Å venta på internasjonale kongressar eller konferansar er berre å svika internasjonalismen, sidan det har synt seg at ikkje eingong frå Stockholm, får sosialistar som er lojale mot internasjonalismen, eller jamvel breva deira, lov til å koma inn her, jamvel om det er fullt ut mogleg, og jamvel om militærsensuren er ytterst streng.

Partiet vårt må ikkje «venta», men straks grunnleggja en tredje Internasjonale. Hundrevis av sosialistar som sit fengsla i Tyskland og Storbritannia vil då kunne draga ein letta sukk. Tusenvis av tyske arbeidarar som no streikar og demonstrerer slik at dei skremmer slyngelen og banditten Wilhelm, vil få greie på avgjerda vår frå illegale flygeblad. Dei vil få vita at vi har broderleg tillit til Karl Liebknecht og berre til han, at vi har vedteke å kjempa mot «revolusjonært fedrelandsforsvar» jamvel no. Dei vil lesa dette og verta styrkte i den revolusjonære internasjonalismen sin.

Den som har fått mykje, vert det kravd mykje av. Ikkje noko anna land i verda er så fritt som Russland er no. Lat oss nytta denne fridomen, ikkje til å tala for å stø borgarskapet eller borgarleg «revolusjonært fedrelandsforsvar», men til å gå ut djervt, ærleg, proletarisk og på Liebknechts vis og grunnleggja Den tredje internasjonalen, ein Internasjonale som stiller seg kompromisslaust fiendsleg både til dei sosialsjåvinistiske svikarane og til dei vaklande «sentristane».

18. Etter det som er sagt, treng vi ikkje kasta bort mange orda på å forklåra at det ikkje kjem på tale å slå saman dei russiske sosialdemokratane i eitt parti.

Det er betre å verta ståande att med berre ein ven, som Liebknecht, og det tyder å verta ståande i lag med det revolusjonære proletariatet — enn jamvel for ein augneblink å nøra tankar om å gå saman med partiet til Organisasjonskomiteen, med Tsjkheidze og Tsereteli, som kan tola ein blokk med Potresov i Rabotskaja Gazeta[34]Rabotsjaja Gazeta — dagsavis gjeve ut av mensjevikane i Petrograd fra 7. (20.) mars til 30. november (13. desember) 1917. Ho vart talerøyr for sentralkomiteen til mensjevikane 30. august (12. … Continue reading, som røysta for lånet i eksekutivkomiteen i Sovjetet av arbeidarrepresentantar[35]April 1917 vedtok eksekutivkomiteen i Petrograd-sovjetet med 21 mot 14 røyster ein resolusjon til støtte for eit såkalla «fridomslån» som skulle hjelpa den provisoriske regjeringa til å halda … Continue reading, og som har sokke ned til «fedrelandsforsvar».

Lat dei daude gravleggja sine daude.

Den som ynskjer å hjelpa dei vinglande, må fyrst slutta å vingla sjølv.

KVA NAMN BØR PARTIET VÅRT HA — EIT SOM ER VITSKAPLEG KORREKT OG KAN HJELPA TIL Å KLÅRA OPP MEDVITET TIL PROLETARIATET POLITISK?

Eg kjem no til siste punktet, namnet på partiet vårt. Vi må kalla oss Det kommunistiske partiet — nett det som Marx og Engels kalla seg.

Vi må ta opp att at vi er marxistar og at vi legg til grunn Det kommunistiske manifestet, som sosialdemokratane har forvrengt og svike på to hovudpunkt: 1) Arbeidarane har ikkje noko fedreland: «Fedrelandsforsvar» i ein imperialistisk krig er eit svik mot sosialismen. 2) Den marxistiske læra om staten har vorte forvrengd av Den andre internasjonalen.

Namnet «sosialdemokrati» er vitskapleg feil. Marx peika ofte på det, særleg i Kritikk av Gothaprogrammet frå 1875, og Engels stadfesta det i ei lettare tilgjengeleg form i 1895[36]Sjå Engels, føreordet til Internationales aus dem Volkstaat (1871-75) — Oktober.. Frå kapitalismen kan manneætta gå rett over berre til sosialismen, dvs. til samfunnseige av produksjonsmidla og fordeling av produkta etter den arbeidsmengda kvar einskild set inn. Partiet vårt ser lengre fram: Sosialismen må uunngåeleg gå gradvis over i kommunismen, og på fana hans står skrive: «Frå kvar etter evne, til kvar etter trong.»

Dette er første argumentet mitt.

Her er det andre: Andre delen av namnet på partiet vårt (sosialdemokratar) er og vitskapleg feil. Demokrati er ei statsform, medan vi marxistar går imot alle slags statar.

Leiarane for Den andre internasjonalen (1889-1914), Plekhanov, Kautsky og slike som dei, har forflata og forvrengt marxismen.

Marxismen skil seg frå anarkismen med di han godtek at det trengst ein stat for å gjennomføra overgangen til sosialismen. Men (og her er det vi skil oss frå Kautsky & co.) ikkje ein stat av same slag som dei vanlege borgarleg-demokratiske republikkane, men ein stat som Pariskommunen i 1871 og sovjeta av arbeidarmålsmenn i 1905 og 1917.

Tredje argumentet mitt: Den levande røyndomen, revolusjonen, har i røynda alt no, jamvel om det enno er som ein veik spire, grunna nett denne nye sorten «stat», som ikkje er ein stat i rette tydinga av ordet.

Dette er alt no ei sak som gjeld det folket utfører i praksis, og ikkje berre ein teori for leiarane.

I si eigentlege meining tyder staten at oppsetjingar av væpna menn som er skilde frå folket, rår over folket.

Den nye staten vår som stig fram no er og ein stat, for vi òg treng oppsetjingar av væpna menn, vi og treng den strengaste orden, og må utan miskunn knusa med vald alle freistnader på ein kontrarevolusjon anten frå tsaren eller frå Gutsjkov-borgarskapet.

Men den nye staten vår som stig fram, er ikkje lenger ein stat i eigenleg tyding, for i sume delar av Russland er desse oppsetjingane av væpna menn massane sjølve, heile folket, og ikkje ymse menneske med særrettar som er sette over folket og skilde frå folket og i praksis uavsettelege.

Vi må sjå framover, og ikkje bakover på det vanlege borgarlege demokrati-slaget som tryggjar det borgarlege herredømet med hjelp frå dei gamle, monarkistiske styringsorgana, politiet, hæren og byråkratiet.

Vi må sjå framover mot det nye demokratiet som stig fram, det som alt sluttar å vera eit demokrati, for demokrati tyder at folket har herredømet, og det væpna folket kan ikkje herska over seg sjølv.

Nemninga demokrati er ikkje berre vitskapleg feil når ho vert nytta om eit kommunistisk parti. Ho har no, etter mars 1917, beint fram vorte som skylappar for augo på det revolusjonære folket og hindrar dei frå på eige initiativ å byggja djervt og fritt opp det nye: Sovjeta av arbeidar-, bonde- og alle andre representantar som einaste makta i «staten» og eit varsku om at staten i alle former skal «døy bort».

Fjerde argumentet mitt: Vi må gå ut ifrå den stoda sosialismen er i internasjonalt nett no.

Ho er ikkje som ho var i åra mellom 1871 og 1914, då Marx og Engels med opne augo fann seg i den unøyaktige, opportunistiske nemninga «sosialdemokrati». For på den tida, etter at Pariskommunen hadde lidd nederlag, sette historia langsamt organisasjons- og opplæringsarbeid på dagsordenen. Ikkje noko anna var mogleg. Anarkistane tok då (som no) grunnleggjande feil ikkje berre teoretisk, men òg økonomisk og politisk. Anarkistane mistolka det som særmerkte tida, for dei makta ikkje å skjøna stoda i verda: Dei britiske arbeidarane var korrumperte av imperialistiske profittar, i Paris var Kommunen slegen, i Tyskland hadde den borgarleg-nasjonale rørsla nyleg (1871) sigra, det halvføydale Russland låg i sin gamle svevn.

Marx og Engels dømde rett om tida: Dei skjøna den internasjonale stoda, dei skjøna at det måtte gå sakte å gå fram mot starten på den sosiale revolusjonen.

Vi for vår del må òg skjøna særdraga og oppgåvene for den nye tidsalderen. La oss ikkje etterlikna dei syrgjelege marxistane som Marx sa dette om: «Eg har sådd draketenner og hausta fluger.»[37]Dette uttrykket av Heine gav Marx og Engels att i Den tyske ideologien (1845-56). — Oktober.

Det var objektivt uunngåeleg at kapitalismen utvikla seg til imperialisme og at det førte til den imperialistiske krigen. Krigen har ført manneætta fram til kanten av eit stup, fram til grensa for at sivilisasjonen vert øydelagd, og enda fleire millionar, tallause millionar menneske vert gjorde om til dyr og øydelagde.

Den einaste vegen ut or dette er gjennom ein proletarisk revolusjon.

Nett i den stunda ein slik revolusjon tek til, når han tek dei fyrste nølande, fomlande stega sine, steg som avslører altfor stor tillit til borgarskapet, i den stunda er det at fleirtalet (det er sanninga, det er røyndomen) av dei «sosialdemokratiske» parlamentarikarane, av dei «sosialdemokratiske» avisene — og det er nett desse organa som har innverknad på folket — har gått over frå sosialismen, har svike sosialismen og har gått over på sida til «sitt eige» nasjonale borgarskap.

Folket har vorte forvirra, har vorte ført på avvegar og narra av desse leiarane.

Og vi kjem til å hjelpa og oppmuntra dette lureriet dersom vi held fast på det gamle og avlegse partinamnet, som er like forfalle som Den andre internasjonalen!

Det kan nok vera at «mange» arbeidarar skjønar sosialdemokrati på ein ærleg måte. Men tida er inne til å læra korleis ein skil det subjektive frå det objektive.

Subjektivt er slike sosialdemokratiske arbeidarar svært lojale leiarar for proletarane.

Objektivt er like fullt stoda i verda slik at det gamle namnet på partiet vårt gjer det enklare å narra folket og hindrar marsjen frametter. For ved kvart steg, i kvar avis, i kvar parlamentsgruppe ser massane leiarar, dvs. folk med røyster som ber lengre og handlingar som vert lagde meir merke til. Likevel er dei alle «liksom sosialdemokratar». Dei er alle «for einskap» med dei som svik sosialismen, med sosialsjåvinistane, og dei legg alle fram dei gamle rekningane som er skrivne ut av «sosialdemokratiet» …

Og kva argument er det imot? … Vi vil verta blanda saman med anarkist-kommunistane, seier dei … Kvifor er vi ikkje redde for å verta blanda saman med sosialnasjonalistane, dei sosialliberale eller radikalsosialistane, det fremste borgarlege partiet i den franske republikken og det mest drivne i borgarleg lureri mot folket? … Vi får høyra: Folket er vane med det, arbeidarane har etter kvart vorte «glad i» det sosialdemokratiske partiet sitt.

Dette er det einaste argumentet. Men det er eit argument som forkastar den marxistiske vitskapen, oppgåvene for morgondagen i revolusjonen, den objektive stillinga til verdssosialismen, det skammelege samanbrotet til Den andre internasjonalen, og den skaden som flokkane av «liksom-sosialdemokratar» som svermar rundt proletarane gjer mot det praktiske arbeidet.

Det er eit argument for rutine, eit argument for tiltaksløyse, eit argument for stillstand.

Men vi skal byggja ei anna verd. Vi skal få ein ende på den imperialistiske verdskrigen der fleire hundre millionar menneske har vorte dregne inn, og der interessene til milliardar og atter milliardar av kapital er blanda inn, ein krig som ikkje kan enda i ein verkeleg demokratisk fred utan den største proletariske revolusjonen i historia til manneætta.

Like fullt er vi redde oss sjølve. Vi likar ikkje å kasta av oss den «gode gamle» skitne skjorta …

Men tida er inne til å kasta av den skitne skjorta og ta på reine klede.

Petrograd, 10. april 1917.

Noter

Noter
1 Samanslutning av føretak eller finansfyrstar for å få herredøme over marknaden. — Oktober.
2 Zimmerwald-internasjonalen — internasjonal sosialistkonferanse i Sveits frå 5.—8. september 1915 med representantar frå sentralkomiteen i RSDAP, for venstre-sosialdemokratane i Sverige, Noreg, Sveits og Tyskland, den polske sosialdemokratiske opposisjonen og sosial-demokratane frå Litauen. Denne konferansen, samt ein som vart halden seinare i Kienthal, førte til ei styrking av ideologisk einskap på marxismen-leninismen sin grunn mellom venstrekreftene i dei vesteuropeiske sosialdemokratia. Desse kreftene spela seinare ei aktiv rolle for å skipa kommunistparti i landa sine og for å oppretta Den tredje kommunistiske internasjonalen.
3 Stolypin hengjaren — tilnamn på den russiske regjeringssjefen 1906—11. Under herredømet til Stolypin var tukthusa, festningane og forvisningsstadene overfylte av revolusjonære. Galgar vart sette opp over heile landet, og fekk namnet «Stolypin-slipset».
4 Kadettane — medlemer av det konstitusjonelt-demokratiske partiet. Det var det viktigaste borgarlege partiet i Russland og talerøyr for det liberale monarkistiske borgarskapet. Det vart skipa i oktober 1905. K. sa seg å vera demokratar og kalla seg «partiet for folket sin fridom». På det viset freista dei å få oppslutnad mellom bøndene.

Målet deira var å halda på tsarismen i form av eit konstitusjonelt demokrati. Seinare vart K. partiet for det imperialistiske borgarskapet.

Under fyrste verdskrigen var k. aktive hjelpesmenn for utanrikspolitikken til tsarregjeringa som gjekk ut på å annektera nye område. Då den borgarleg-demokratiske revolusjonen kom i februar 1917, freista dei å berga monarkiet. K. hadde ei leiande stilling i den borgarlege provisoriske regjeringa og førte ein anti-folkeleg, kontrarevolusjonær politikk som vart godteken av dei britiske, franske og amerikanske imperialistane. Etter at den sosialistiske Oktoberrevolusjonen hadde sigra, organiserte &. samansverjingar og oppreister mot Sovjetrepublikken.

5 Trudovik — medlem av trudovikgruppa i statsdumane. Ho vart skipa i april 1906 av småborgarlege demokratar, bønder og intellektuelle med narodnik-sympatiar. Gruppa vingla mellom kadettane og dei sosialrevolusjonære. Under fyrste verdskrigen tok dei fleste medlemene eit sosialsjåvinistisk standpunkt.
6 Nemning på den nasjonaliteten som bur i dei sentrale delane i Russland. Det er den største nasjonaliteten i dette området. — Oktober.
7 Med narodnik-partia forstod Lenin tre småborgarlege parti av narodnik-typen, trudovikane, dei sosialrevolusjonære og folkesosialistane
8 Sjå note 3. — Oktober.
9 Katten vaska lyder, men held fram med å eta — sitat frå fabelen «Katten og kokken» av Krylov. — Oktober.
10 Sjå note 9. — Oktober.
11 Samanslutning av føretak eller finansfyrstar for å få herredøme over marknaden. — Oktober.
12 Sofist — ordkløyvar, flisespikkar. Eigentleg lærar i retorikk (overtalingskunst), moral og filosofi i det gamle Aten. — Oktober.
13 Manilovisme — etter namnet Manilov, ein person i satiren «Daude sjelar» av Gogol. Manilov vart framstilt som ein slapp og sentimental godseigartype. Namnet har vorte eit synonym for ein lat og viljesvak drøymar og pratmakar.
14 Fabianarane — ein reformistisk britisk organisasjon grunnlagt i 1884. Medlemer i organisasjonen var for størstedelen borgarlege intellektuelle, vitskapsmenn, forfattarar og politikarar (S. og B. Webb, Ramsay MacDonald, Bernhard Shaw 0.a.). Dei nekta for at det var naudsynt med proletarisk klassekamp og sosialistisk revolusjon. Dei sto fast på at overgangen frå kapitalisme til sosialisme kunne verta oppnådd ved hjelp av mindre og gradvise reformer.
15 Arbeidarpartiet (Labour Party) — vart stifta i 1900 som ei samansmelting av fagforeiningar, sosialistiske organisasjonar og grupper som arbeidde for å velja arbeidarrepresentantar inn i parlamentet.

Namnet «Arbeidarpartiet» tok det i 1906. Fagforeiningsmedlemer vart utan vidare medlem av partiet så sant dei betalte kontigenten. Sidan partiet vart stifta har det ført ein klassesamarbeidspolitikk med borgarskapet. Under den fyrste verdskrigen stod leiarane på eit sosialsjåvinistisk standpunkt.

16 Arbeidar- eller arbeidsgruppa — ein organisasjon for dei tyske sentristane, danna i mars 1915 av medlemer som hadde brote med den offisielle sosialdemokratiske gruppa i Riksdagen. Seinare, i 1917, danna gruppa kjerna i det tyske sentristiske uavhengige sosialdemokratiske partiet, som prøvde å orsaka dei opne sosialsjåvinistane og stod for å halde på einskapen med dei.
17 Minoritære eller longuetistar — mindretalet i Det franske sosia- listparitet som vart danna i 1915. Dei minoritære var tilhengjarar av sosialreformisten Longuet. Dei hadde sentristiske syn og fylgde ein forsoningspolitikk overfor sosialsjåvinistane (sjå note 5). Under fyrste verdskrigen tok dei eit sosialpasifistisk standpunkt. Etter at Oktoberrevolusjonen hadde sigra, erklærte dei seg som tilhengjarar av proletariatets diktatur, men i røynda var dei mot det. Dei heldt fram med samarbeidspolitikken med sosialsjåvinistane og støtta den anneksjonistiske Versailles-traktaten. Då dei vart verande i mindretal på kongressen til Det franske sosialistpartiet i Tours i desember 1920, der venstrefløya hadde framgang, splitta longuetistane ut av partiet og slutta seg til To-og-ein-halv-internasjonalen, og då denne braut saman, gjekk dei attende til Den andre internasjonalen.
18 Det uavhengige arbeidarpartiet (The Independent Labour Party) — ein reformistisk organisasjon skipa av leiarane for dei «nye fagforeiningane» i 1893 under den aktive streikerørsla og den veksande kampanjen for å gjera den britiske arbeidarklassen uavhengig av dei borgarlege partia. Medlemene i partiet var sett saman av dei «nye fagforeiningsfolka» og medlemer frå nokre av dei gamle fagforeiningane så vel som av intellektuelle og småborgarar under påverknad frå fabianarane (sjå note 15). 13. august 1914 sende ILP ut eit manifest mot krigen. Men frå 1915 tok leiarane eit sosialsjåvinistisk standpunkt, under dekke av pasifistiske frasar. Då den tredje internasjonalen vart oppretta i 1919, vedtok ILP-leiinga å trekkja seg ut av Den andre internasjonalen, etter press frå dei vanlege medlemene som hadde gått til venstre. I 1921 slutta ILP seg til den såkalla To-og-ein-halvinternasjonalen.
19 Det britiske sosialistpartiet (The British Socialist Party) — vart danna i Manchester i 1911. BSP dreiv agitasjon i marxistisk ånd. Det var ikkje opportunistisk, det var verkeleg «uavhengig av dei liberale» (sjå Lenin, «Avdekking av dei britiske opportunistane» (1913) i Samla verk, eng.utg. 1964, band 19, s. 273). Men det vesle talet på medlemer og dei veike banda til massane gjorde BSP noko sekterisk.
20 Zimmerwald-venstre — I byrjinga av september 1915 heldt internasjonalistane sin fyrste konferanse i Zimmerwald. Lenin kalla denne konferansen det «fyrste steget» i utviklinga av den internasjonale rørsla mot den imperialistiske verdskrigen. Lenin fekk danna Zimmerwald-venstre på denne konferansen. Men i Z. var det berre bolsjevikpartiet med Lenin fremst som tok eit heilt ut konsekvent standpunkt mot krigen. Z. gav ut tidsskriftet «Vorbote» (Varslet), der det vart offentleggjort artiklar av Lenin.
21 Spartakusgruppa eller Internasjonalgruppa — medlemer av Spartakusforbundet, ein revolusjonær organisasjon av tyske venstresosialdemokratar som vart danna tidleg under den fyrste verdskrigen under leiing av Karl Liebknecht, Rosa Luxemburg, Franz Mehring, Klara Zetkin og andre. Den var og kjend som Internasjonalgruppa.
Spartakistane dreiv revolusjonær propaganda mellom massane mot den tyske imperialistiske krigen og avslørte røvarpolitikken til den tyske imperialismen og dei sosialdemokratiske leiarane sitt svik. Men gruppa var ikkje fri for halvmensjevikiske feilslutningar i teoretiske og praktiske hovudspørsmål. Dei propaganderte ein halvmensjevikisk teori om imperialismen, avviste den marxistiske tolkinga av prinsippet om nasjonal sjølvråderett (dvs. opp til og inkludert lausriving og danning av sjølvstendige statar), nekta for at nasjonale frigjeringskrigar var moglege i den imperialistiske epoken, undervurderte rolla til det revolusjonære partiet og fall på kne for spontaniteten i arbeidarrørsla (sjå SUKP/(B)s historie, Forlaget Oktober 1974, s. 172—181).
Lenin kritiserte feila til det tyske venstre i «Junius-brosjyra» (1916) og i «Ein karikatur av marxismen» og «Imperialistisk økonomisme» (1916
22 Det sosialistiske partiet (USA) — skipa i 1901 i Indianapolis. Under fyrste verdskrigen splitta partiet seg i fleire retningar. Den revolusjonære fløya, som tok eit internasjonalistisk standpunkt, vart seinare, i 1919, kjernekrafta i danninga av det kommunistiske partiet i USA.
23 «Tribunistane» — medlemer av det sosialdemokratiske partiet i Nederland. Dei representerte venstrefløya i arbeidarrørsla i landet og tok stort sett eit internasjonalistisk standpunkt under den fyrste verdskrigen. Namnet deira var henta frå avisa De Tribune som var hovudorgan for venstrefløya.
24 Det ungsosialistiske eller venstresosialistiske partiet — venstrefløya i det svenske sosialdemokratiske partiet. I mai 1917 danna dei det venstresosialdemokratiske partiet i Sverige og vedtok på partikongressen i 1919 å gå inn i Komintern. I 1921 danna den revolusjonære fløyai partiet Sveriges Kommunistiske Parti.
25 «Tesnyaki» — det revolusjonære sosialdemokratiske arbeidarpartiet i Bulgaria, stifta i 1903 etter kløyvinga i Det sosialdemokratiske partiet. Grunnleggjar og leiar av partiet var D. Blagoev, etterfylgjande leiarar og tilhengjarar av Blagoev var G. Dimitrov, V. Kolarovo.a. I 1914 gjekk Tesnyaki mot den imperialistiske krigen.
26 «Avanti» (italiensk: Framover) — dagsavis, hovudorgan for Det italienske sosialistpartiet, fyrste gong gjeve ut i Roma i desember 1896. Under fyrste verdskrigen (1914—18) tok avisa eit inkonsekvent internasjonalistisk standpunkt utan å bryta med reformistane.
27 «Regionstyret» og «Hovudstyret» — eksekutivorgana til sosialdemokratane i kongedømet Polen og Litauen.
28 Sjå note 14. — Oktober.
29 Zimmerwald-internasjonalen — internasjonal sosialistkonferanse i Sveits frå 5.—8. september 1915 med representantar frå sentralkomiteen i RSDAP, for venstre-sosialdemokratane i Sverige, Noreg, Sveits og Tyskland, den polske sosialdemokratiske opposisjonen og sosial-demokratane frå Litauen. Denne konferansen, samt ein som vart halden seinare i Kienthal, førte til ei styrking av ideologisk einskap på marxismen-leninismen sin grunn mellom venstrekreftene i dei vesteuropeiske sosialdemokratia. Desse kreftene spela seinare ei aktiv rolle for å skipa kommunistparti i landa sine og for å oppretta Den tredje kommunistiske internasjonalen.
30 Volksstimme (tysk: Folkets røst) — organ for det tyske sosialdemokratiske partiet, utgjeve i Chemnitz frå januar 1899 til februar 1933.
31 Die Glocke (tysk: Klokka) — Tidsskrift gjeve ut i Munchen og Berlin mellom 1915 og 1925 av sosialsjåvinisten Darvus, medlem av det tyske sosialdemokratiske partiet.
32 Kienthal-manifestet — appellen «Til folka som lir under ruinering og daude», vedteken på den andre konferansen til Zimmerwaldinternasjonalistane 24.—30. april 1916 i Kienthal i Sveits.
33 Die Jugendinternationale (Ungdomsinternasjonalen) — organ for den internasjonale unionen av sosialistiske ungdomsorganisasjonar tilknytta Zimmerwald-venstre (sjå note 21). Gjeve ut i Zårich frå september 1915 til mai 1918.
34 Rabotsjaja Gazeta — dagsavis gjeve ut av mensjevikane i Petrograd fra 7. (20.) mars til 30. november (13. desember) 1917. Ho vart talerøyr for sentralkomiteen til mensjevikane 30. august (12. september). Ho støtta den borgarlege provisoriske regjeringa og kjempa mot bolsjevikane. Ho var fiendsleg til Oktoberrevolusjonen og til opprettingaav sovjetstyre.
35 April 1917 vedtok eksekutivkomiteen i Petrograd-sovjetet med 21 mot 14 røyster ein resolusjon til støtte for eit såkalla «fridomslån» som skulle hjelpa den provisoriske regjeringa til å halda fram med den imperialistiske krigen. Bolsjevikmedlemene i komiteen gjekk mot lånet og la fram ein annan resolusjon der dei karakteriserte støtte til det som «den verste forma for «sivil våpenkvile»». Fleire medlemer av eksekutivkomiteen som ikkje var bolsjevikar, røysta saman med bolsjevikane.
36 Sjå Engels, føreordet til Internationales aus dem Volkstaat (1871-75) — Oktober.
37 Dette uttrykket av Heine gav Marx og Engels att i Den tyske ideologien (1845-56). — Oktober.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *