«Uthald og tolmod» — intervju med Rickard Turesson

Hausten 2023 gjennomførte redaksjonen for maoisme.no eit intervju med Rickard Turesson frå Kommunistiska Arbetarföreningen (KAF). Rickard har vore aktiv i den maoistiske rørsla sidan slutten av sekstitalet, står soleis for ein kontinuitet frå KFML via SKP(m-l), KF og fram til KAF i dag.

Vi som har gjort det til vår oppgåve å byggja eit revolusjonært kommunistisk parti i Noreg på maoistisk grunnlag, bør trekkja alle lærdommar vi kan frå forgjengarane våre, som sit på eit vell av både positive og negative erfaringar. I Noreg har dei fleste veteranane frå ml-rørsla forlate det kommunistiske standpunktet, og mange har gått inn i det sosialdemokratiske partiet Raudt. Rickard har derimot haldt fast på marxismen-leninismen-maoismen heilt fram til i dag, og er enno aktiv kommunist.

Det går fram av intervjuet at vi ikkje er samde i alt — likevel trur vi at intervjuet vil vera lærerikt for ein ny generasjon revolusjonære kommunistar i Noreg, og vi håpar at dei maoistiske rørslene i Noreg og Sverige vil halda fram med å gjensidig læra av kvarandre.


Spørsmål: Takk så mykje for at du kunne stilla til intervju. Du har lang fartstid i den svenske maoistiske rørsla, og vi norske maoistar er svært interesserte i å læra av historia til den svenske rørsla, med både positive og negative erfaringar. Vil du starta med å fortelja litt om deg sjølv, og korleis du vart politisk aktiv?

Svar: Eg kjem frå ein radikal heim. Far min var skogsarbeidar. Han var ikkje kommunist, heller syndikalist, sjølv om han ikkje var organisert. Han brukte å seia: «Eg hater prestar, kapitalistar og bønder» (og med dette meinte han dei snåle storbøndene som han ofte jobba for). Farfaren min hadde vore formann for fagforeininga til skogs- og fløytingsarbeidarane. Båe to var husmenn, det vil seia at dei hadde eit lite jordbruk som ikkje kunne forsørgja dei. Lønnsarbeid var derfor den viktigaste inntektskjelda deira. Dette brukte å vera svært vanleg på landsbygda i Norrland. Foreldra mine hadde berre gått fem år på folkeskolen, men las alltid mykje, både bøker og vekeblad. Biblioteket til min far strekte seg berre tre hyllemeter, men han og mor mi lånte heile tida bøker frå biblioteket. I ein artikkel om si politiske vekking skriv Set Persson, Sveriges kanskje mest framståande kommunist, korleis Jack Londons bøker bidrog til å radikalisera han. I biblioteket til far min fanst det godt om svenske arbeidarforfattarar — og Jack London. Eg vart ferdig med biblioteket til far min innan eg fylte tretten år.

I motseiing til foreldra mine, søkte eg meg vidare til realskolen og seinare til gymnaset. Eg byrja å bli radikalisert rundt 15-årsalderen, takk vere sjølvstudium; før eg byrja å sjå på meg sjølv som kommunist, hadde eg ein periode der eg nærmare var laugssosialist.[1]Laugssosialismen var ei sosialistisk retning frå tidleg på 1900-talet, som tok til orde for å eit økonomisk system grunna på sjølvstyrte grupper av arbeidarar, modellert etter det … Continue reading Men i 1961 var eg definitivt kommunist; eg las regelmessig Ny Dag, vekebladet til SKP.[2]Sveriges Kommunistiske Parti. Gjennom historia har det eksistert fleire parti i Sverige med dette namnet — her vert det vist til partiet som vart stifta i 1973 med utgangspunkt i KFML. Eg vart då portrettert som «den einaste kommunisten på skolen, som høyrde på Radio Moskva» i ein elevrevy som var arrangert av elevrådet. Eg var eigentleg ganske stolt av å gå mot straumen.

I 1961 hoppa eg av etter første år på gymnaset, og drog til sjøs i staden. Mellom 1962 og 1968 hadde eg mange ulike jobbar, både på land og til sjøs, mellom anna på norske båtar. Derfor har eg lese bøker og aviser på norsk sidan 1963. Eg vart ikkje verande særleg lenge på éin arbeidsplass; eg tok aldri ut ferie, men slutta heller i jobben. Det kan tenkjast at eg rakk å jobba på opp mot 20 arbeidsplassar av ulik art. Dette gav meg mykje erfaring frå arbeidslivet.

I samband med hendingane i mai 1968 syntest eg det var på tide å gi opp det flyktige livet mitt. Eg drog til Uppsala, las til studiekompetansen på sommaren, og byrja å lesa filosofi og økonomisk historie ved universitetet. Men det gjekk berre nokre månadar før eg organiserte meg politisk i Vänsterns Ungdomsförbund (VUF), ungdomsforbundet til Vänsterpartiet Kommunisterna (tidlegare SKP). Eg kunne ha meldt meg direkte inn i Kommunistiska Förbundet Marxist-Leninisterna (KFML), men eg reagerte svært sterkt emosjonelt på den såkalla rebell-rørsla i Uppsala, som hadde oppstått innanfor KFML.

Målet til rebell-rørsla var å gjennomføra ein kulturrevolusjon i Sverige, trass i at det ikkje eingong hadde skjedd ein sosialistisk revolusjon i Sverige. Dei freista å verva arbeidarar, mellom anna ved å gå på byggeplassane i Uppsala og vifta med Maos lille raude. Men rebell-rørsla dansa berre éin sommar. Nokre av dei leiande rebellane vart seinare muting-teoretikarar; dei hevda altså at den svenske arbeidarklassen var oppkjøpt, noko som plaga meg enda meir. Dette streid heilt med mine eigne røynsler, då eg mellom anna på ein båt hadde arbeidd 12 timar om dagen for luselønn. No er eg derimot heilt medviten om kva som kan koma ut av eit kommunistisk parti når kadrar forfell, alt frå reine skrullingar til fascistar.

Eg var aktiv 1968 – 1970 i VUF, vart valt til formann i VUF-Uppsala og til VUFs forbundsleiing og arbeidsutval. Eg vart radikalisert raskt, og byrja på alvor å studera dei kommunistiske klassikarane, inkludert Mao Zedong, så vel som den svenske kommunistiske rørsla si historie, her medrekna Set Persson og hans Sveriges Kommunistiske Arbetarförbund, og eg nærma meg KFML i alle vesentlege spørsmål. Eg deltok svært aktivt i linjekampane. Sidan VUF ikkje var ein ideologisk samla organisasjon, og dessutan stod under sterkt press frå KFML, var det uunngåeleg at VUF ville kløyvast før eller sidan, noko som skjedde våren-sommaren 1970. Det vart kløyvd i ikkje mindre enn fire delar: éin del gjekk til KFML, eg mellom dei, ein del gjekk til Förbundet Kommunist (ein halvtrotskistisk organisasjon), ein annan del stifta Marxist-Leninistiska Kampförbundet (som stod til høgre for KFML) og nokre få VPK-tilhengjarar og trotskistar. Det revisjonistiske Vänsterpartiet Kommunisterna mista ungdomsforbundet sitt over natta og var tvungne til å byggja det opp att seinare.

Spørsmål: Som nemnt vart du sjølv med i KFML.[3]Kommunistiska Förbundet Marxist-Leninisterna Tre år etter at KFML vart danna (1967) vart forbundet splitta, og utbrytarane danna KFML(r) – vi kan sjå bort frå den eksentriske ”rebell-rörelsen”, som aldri fekk større politisk innverknad. Kva var årsakene til splittinga med (r)-ane? Korleis forstod dokker splittinga då, og korleis ser du på ho no, i lyset av etterpåklokskapen?

Svar: Fram til oktober 1970 utvikla KFML seg kjapt. Vendepunktet kom ved hamne- og gruvearbeidarstreiken i årsskiftet 1969-70. Før dette hadde sjølvsagt DFFG (De förenade FNL-grupperna) haldt fram med å veksa hurtig. Etter årsskiftet 1969-70 hadde Gnistan [organ for KFML] ein sprangvis vekst i opplaget sitt. Dette var del av eit allment oppsving med opphav i gruvearbeidarstreiken, så vel som KFMLs innsats i sjølve støttearbeidet. Gnistans valnummer vart trykt opp i 40 000 eksemplar. KFML sin framgang bygde altså nesten utelukkande på propagandistisk verksemd (då også DFFGs verksemd i hovudsaka var propagandistisk).

Men allereie i samband med gruvearbeidarstreiken oppstod det motseiingar innanfor KFML, først og fremst i leiinga, på grunn av ein del høgrefeil. Det utvikla seg ei «venstre»-opportunistisk linje, leia av Frank Baude. Desse motseiingane vart haldt hemmelege av leiinga, og det vart attpåtil gjort eit formelt vedtak i KFMLs forbundsleiing om å ikkje diskutera motseiingane internt i KFML fram til valet. Dette var alvorlege feil (merk at vedtaket var einstemmig) som bidrog til at KFML som organisasjon vart overrumpla då den opne striden brøyt ut og snart endte i kløyving, samtidig som det ikkje hindra Frank Bande og co. å fraksjonera og førebu splittinga i løpet av sommaren 1970.

KFML(r) var ei «venstre»-opportunistisk-trotskistisk retning med ultra-proletære forteikn. Den tok så å seia vare på alle lyta til KFML, og systematiserte dei til ei heil linje. Karakteristisk for denne «venstre»-opportunistisk-trotskistiske linja var mellom anna: den nekta for at det var naudsynt å kjempa for dagskrava og sette denne kampen opp mot kampen for sosialismen; den forkasta einheitsfronttaktikken og nekta for at det var nødvendig å samla så mange som mogleg på eit rett grunnlag. Samarbeidet skulle skje omkring KFML(r); den fornekta at det var naudsynt å jobba i dei eksisterande masseorganisasjonane, først og fremst fagforeiningane, og utforma den anarko-syndikalistiske linja «Leve dei ville streikane! Fram mot den sosialistiske revolusjonen!», den såg på småborgarskapet som ein tvers gjennom reaksjonær klasse på trotskistisk vis og utvida småborgarskapet til også å omfatta sjikt som ikkje-meirverdiproduserande arbeidarar.

Samtidig hadde KFML(r) ei vurdering av hovudmotseiinga som var rett i ord, nemleg at den gjenn mellom proletariat og borgarskap, så vel som eit prinsipielt riktig syn på grunnorganisasjonane på arbeidsplassane. Dessutan beit KFML(r) seg merke i svakheitene til KFML, først og fremst i spørsmål om det allmenne organisasjonsarbeidet og ved å utvikla ein ganske så slagkraftig propaganda.

Innanfor KFML oppstod det snart eit feilaktig syn på korleis ein skulle kjempa mot KFML(r). Det var feil å driva teoretisk-ideologisk kamp mot KFML(r), for då «festa ein merksemd» på KFML(r). Dessutan meinte ein at KFML(r) snart ville falla saman av seg sjølv. Dette stemte naturlegvis ikkje. KFML(r) kunne — utan stadig ideologisk-politisk krysseld  — utvida seg relativt kjapt fram til valet 1973, då utvidinga vart brote fordi valresultatet synte kor få som eigentleg støtta KFML(r). Røynda stakk hòl på innbillingane om valresultatet som hadde funnest innanfor KFML(r). Dette førte til motseiingar innanfor KFML(r), som fekk ytterlegare støtte av SKPs kampanje (KFML vart omdanna til Sveriges Kommunistiska Parti i 1973) mot det sosialimperialistiske Sovjetunionen i 1974 og det faktum at SKP byrja å ta opp den teoretiske kampen mot KFML(r), mellom anna gjennom heftet «KFML och facket», som var eit generalåtak på KFML(r)s faglege linje. I 1974 vart KFML(r) kløyvd, og ein tredjedel av medlemmane forlot organisasjonen. Mange av desse slutta seg til SKP.

Framveksten av KFML(r) var uttrykk for ein «venstre»-subjektivistisk overvurdering av det oppsvinget som starta i 1968 i Vest-Europa og Sverige. Allereie parolen «Leve dei ville streikane! Fram mot den sosialistiske revolusjonen!», som var ein karikatur på Kominterns linje frå 1928, vitna om dette. Streikebølgja i Sverige, som starta med hamnearbeidarstreiken i 1969, haldt fram i og for seg til 1975, då den store skogsarbeidarstreiken fann stad. Men oppsvinget var praktisk talt importert, dvs. først og fremst inspirert av frigjeringskrigen mot USA i Indokina og Kulturrevolusjonen i Kina. Ein må hugsa på at Vest-Europa og Sverige opplevde ein økonomisk høgkonjunktur fram til oljekrisa i 1973; oppsvinget var altså ikkje i første rekkje eit uttrykk for at dei innanlandske, objektive klassemotseiingane hadde skjerpa seg. Derimot verka dei ytre faktorane naturlegvis gjennom dei indre faktorane, til dømes oppsamla misnøye mellom arbeidarklassen og progressive intellektuelle med så vel det sosialdemokratiske partiet som det revisjonistiske Vänsterpartiet Kommunisterna (VPK).

Dessutan er det lettare å kløyva ein kommunistisk organisasjon under eit oppsving, då alle gå ut frå at oppsvinget vil halda fram. Om oppsvinget har skifta til nedgang, eit lågpunkt i kampen, så viser kløyvarane ofte eigentleg at dei vil forlata politikken heilt. Dei gir ganske enkelt opp. Under eit oppsving innbiller ofte sjølv opportunistar seg at det er betre å vera først i ein romersk landsby enn nummer to i Roma. Det er ganske interessant av det vart danna langt fleire venstreorganisasjonar i Sverige og Danmark enn i Noreg frå og med slutten av 1960-talet; AKP(m-l) i Noreg hadde ei langt sterkare stilling på venstresida enn maoistane i Sverige og Danmark.

Dei viktigaste feilane som KFML/SKP gjorde i kampen mot KFML(r) var to. Den første feilen var at motseiingane innanfor KFMLs forbundsleiing, som oppstod under gruvestreiken, skulle ha blitt langt fram for medlemmane trass i valkampen 1970. Det var først og fremst Frank Baude og hans gjeng som vann på at lokket vart lagt på. Det innebar at dei kunne fraksjonera i fred og ro. Som Mao Zedong har påpeika, treng ein berre vera redd for hemmelege fraksjonar — ikkje opne. Den andre feilen var at KFML/SKPs leiing tok for lett på den opne teoretiske kampen mot KFML(r) fram til 1974 på grunn av den høgreopportunistiske teorien om å ikkje «festa merksemda» på KFML(r), men ingenting ròtent fell av seg sjølv. Fram til 1974 fanst det også store organisatoriske manglar innanfor SKPs daglegleiing. Desse manglane vart først bøtte på då venstresida i partiet steg for steg overtok daglegleiinga frå og med 1974.

Spørsmål: Korleis utvikla den interne linjekampen seg i KFML/SKP etter 1974? Kva var dei viktigaste skiljelinjene mellom høgrelinja og venstrelinja i organisasjonen?

Svar: KFMLs forbundsleiing utløyste ei korrigeringsrørsle frå og med mai 1971 under slagordet «KFMLs kamp på alvor foreinast med kampen til massane!» Denne korrigeringsrørsla var retta mot sekterisme og «venstre»-opportunistiske idear. Men éin tendens skjulte ein annan, og alvorlege høgrefeil utvikla seg i siste fase av korrigeringsrørsla. Desse ytra seg på fleire vis, mellom anna ved at slagordet «KFMLs kamp på alvor foreinast med kampen til massane!» ikkje fekk det nødvendige tillegget og den praktiske innretninga om at arbeidarklassen både er revolusjonen sin leiande kraft og hovudkraft. All politisk verksemd vart likestilt.

Det utvikla seg ein sterk liberalisme i synet på partimedlemskap, og nyrekrutteringa vart sett på berre frå den kvantitative sida: det vart ikkje eingong stilt krav om aktivt arbeid som vilkår for partimedlemskap. Organisasjonsspørsmåla vart forsømte og ei «la gå»-innstilling spreidde seg, noko som mellom anna kom til uttrykk i mangelen på planmessig utbygging av partiet. Studia vart forsømde og propagandaarbeidet sin rolle undervurdert. Nokon tryggingspolitikk for organisasjonen fanst det ikkje.

I løpet av 1971 oppstod det ein ny «venstre»-opportunistisk organisasjon, nemleg MLF, som stod fast på at propagandaen måtte stå i sentrum. Men kjerna i korrigeringsrørsla, nettopp at KFML måtte byrja å ta opp arbeidet i dei eksisterande masseorganisasjonane, særleg fagforeiningane, og dessutan utvikla ein konkret dagspolitikk, var naturlegvis i hovudsak rett. Dette var ei heilt naudsynt innretning for at KFML politisk skulle kunna forankra seg i arbeidarklassen. MLF fekk berre knapp støtte innanfor KMFL på grunn av si sekteriske grunnhaldning. Men MLF hadde også rett i noko av punktkritikken sin, og ein stor del av KFMLs kadrar delte kritikken deira av KFMLs avvik. Men når striden brøyt ut, var spørsmåla stilte som «alt eller ingenting», 100 prosent svart eller kvitt. Den øvrige venstreopposisjonen fortrengte sin eigen punktkritikk og slutta fullt og heilt opp om forbundsleiinga. Dette gjorde det lettare for Enad Vänster (samla venstreside)-linja å slå gjennom seinare.

Men det viktigaste uttrykket for utbreiinga av høgreopportunismen i KFML/SKP var linja andsynes VPK og den moderne revisjonismen. Denne innebar i praksis å behandla VPK som eit progressivt og anti-imperialistisk parti som tilhøyrde venstresida. Denne linja fekk sitt fremst uttrykk under valkampen i 1973, særleg under Enad Vänster-kampanjen. Dette vart kombinert med ei forsonleg innstilling til den sovjetiske sosialimperialismen, som mellom anna ikkje vart særmerkt som sosialfascistisk. Høgresida i partiet, under leiing av Bo Gustafsson og Sture Ring, hindra også at kampanjen mot Sovjet vart fullført — tvert om rann han ut i sanden. Dei drev også gjennom retrettar når det gjaldt den vietnamesiske utpressinga andsynes DFFG.

Høgresida si opne kursendring av linja mot VPK vart innleidd med Bo Gustafssons kommentar til VPKs programforslag hausten 1972, som ifølgje han innehaldt «vesentlege framsteg». Derfrå var det ikkje lange vegen til å hevda at VPK hadde forbetra seg i dagspolitikken og til å tona ned kritikken i det heile tatt.

Idéen om Enad Vänster var også eit resultat av ei veldig undervurdering av eigen styrke. Idéen om Enad Vänster vart sikkert fødd etter det store 1. mai-møtet med 50 000 deltakarar på Norra Bantorget 1972. Enad Vänster-kampanjen vart driven gjennom med kupptaktikk: eit forslag til teknisk valsamarbeid utarta snart til ei pakkeløysing, der skiljelinjene andsynes VPK vart viska ut. Det byrja å oppstå tvil om KFML/SKPs eksistensgrunnlag. Denne Enad Vänster-linja vart samanfatta i fråsegna «Ena alla kommunister i ett starkt kommunistiskt parti!», som vart vedteke på andre halvdel av SKPs første kongress i 1973. Denne resolusjonen ymta om at samanslåing av dei to organisasjonane var mogleg. Skiljelinjene vart reduserte til spørsmålet om «kommunistiske fagforeiningar» og til spørsmålet om «korleis sosialismen skulle sjå ut».

Men Enad Vänster-linja hadde fullstendig hegemoni i SKP. På SKPs første kongress røysta berre 3-4 av dei utsendte mot eitt av dei mest ekstreme uttrykka for hestehandel med VPK, nemleg det siste «kompromissforslaget» om å stilla opp på VPKs valliste men med eigne kandidatar (unntatt det første namnet). I partileiinga fanst ei linje som hevda at det var rett å underordna seg VPK i valet, eventuelt å stemma på VPK. Fleirtalet i partileiinga prøvde å hindra at denne linja vart kjent for medlemmane. Den lekte likevel ut i små drypp. I partileiinga vart det hestehandla for å skapa ei samla partileiing før kongressen. Fleirtalet i partileiinga godtok sjølvstendig valdeltaking på alle nivå, så lengje mindretalet godtok fråsegna «Ena alla kommunister i ett starkt kommunistiskt parti!».

Opposisjonen mot høgrelinja byrja å utvikla seg 1973-1974. Den tok utgangspunkt i spørsmålet om å stilla sjølvstendig til eit nyval eller ikkje. Sovjetkampanjen, som i sin tur var inspirert av KKP, støtta også opp under ei skjerpa haldning mot VPK. Men framfor alt førte Sovjetkampanjen til at SKP kom i vinden att. Partileiinga delte seg i to leirar: den eine leiren, som vart leia av Bo Gustafsson/Sture Ring, byrja å ana uråd på grunn av motbøren — den andre leiren såg Sovjetkampanjen som innleiinga til eit oppgjer med høgreopportunismen i SKP.

Den høgreopportunistiske innverknaden i SKP vart rulla opp steg for steg før den andre kongressen. Oppgjeret tok organisasjonsspørsmåla som utgangspunkt for eit generalåtak. Grunnlaget for dette var at tilstanden i spørsmålet om arbeidsmoral og kampånd, så vel som den organisatoriske stoda i det heile tatt, var syrgjeleg. I første steg i oppgjeret med den høgreopportunistiske innverknaden, vart det derfor tatt opp spørsmål som:

– strengare medlemskrav og innføring av kandidatmedlemsskap

– planmessig utbygging av partiet og konsentrasjon på industriproletariatet

– diskusjon om organisasjonsspørsmålet for å i første rekke avskaffa trippelorganiseringa

– spørsmålet om tryggleik

– rollen til studia

– rollen til propagandaen

Dette førte til at den marxist-leninistiske linja veldig raskt flytta fram stillingane sine i den indre partistriden. Dette vart også underretta av at programkommisjonen, leia av Bo Gustafsson, la fram eit usselt programforslag i forkant av sommarleiren 1975. Det førte umiddelbart til konklusjonen at det ville vera umogleg å vedta eit partiprogram på kongressen i 1976.

Den første styrkemålinga mellom dei to linjene fann stad på vårkonferansen i oktober 1976, då den marxist-leninistiske linja vart stødd av drygt 80 prosent av utsendingane. Sidan høgresida i partiet skjøna at dei ville tapa den føreståande kongressen, fremja dei linja om at denne skulle utsetjast. Men dei tapte i den allmenne medlemsavstemminga — 35 prosent mot 65 prosent (som også vart resultatet på kongressen). Det andre steget i oppgjeret med den høgreopportunistiske innverknaden sette i gong: linja andsynes VPK og Enad Vänster-taktikken så vel som den forsonande innstillinga til Sovjet vart åtaka. Dimed var grunnen lagt for sigeren på SKPs andre kongress over Gustafsson/Ring-fløya.

Motseiingane vart stilte då det vart laga to ulike forslag til verksemdrapport, dvs. fleirtal- og mindretal forslaget. Den høgreopportunistiske linja hadde fleirtal i partileiinga med 12 mot 9. Slik vart dei to ulike linjene stilte klart mot kvarandre. SKPs andre kongress vart altså eit nederlag for Gustafsson/Ring-fløya.

Sigeren var ei følgje av…

1. at mindretalet i partileiinga si hovudlinje var marxist-leninistisk. Fleirtalet av medlemmar hadde aldri slukt høgrelinja heilt ukritisk, men kampen vart ført både av kadrane og i leiinga.

2. at fleirtalet i partileiinga ikkje tok opp kampen om daglegleiinga, men overlét denne til representantar for mindretalet. Dessutan tillét dei open linjekamp innanfor SKP, først og fremst fordi dei overdreiv sin eigen styrke og undervurderte motstandarane. Fleirtalet i partileiinga var rett og slett i ferd med å forfalla, noko som fekk utslag i svekka kamplyst, uvilje til å ofra seg og manglande seigleik i den indre partikampen.

Men det fanst store sprekkar i det oppgjeret som skjedde på den andre kongressen i SKP.

Spørsmål: Eg vil gjerne også venda tilbake til noko du nemnte tidlegare, om KFML(r) si vurdering av hovudmotseiinga. Du skriv at KFML(r) iallfall i ord hadde ei rett vurdering av hovudmotseiinga i Sverige, dvs. at denne gjekk mellom borgarskap og proletariat. Norske SUF(m-l) retta relativt hatske åtak mot KFML(r) på starten av 70-åra, og SUF(m-l) meinte at hovudmotseiinga i både Noreg og Sverige stod mellom monopolborgarskapet og folket, dvs. alle klassane som kunne samlast mot monopolborgarskapet. Korleis vart hovudmotseiinga oppfatta i KFML/SKP, og seinare i SKP(m-l)?

Svar: SUF(m-l) sto under sterk innverknad av KFML, då sistnemnte var den eldre og meir erfarne. Ein av KFMLs stiftarar, Nils Holmberg, hadde til og med arbeidd for Komintern. Dette vart stadfesta av Tron Øgrim og Sverre Knutsen, då eg trefte dei for første gong tidleg i 1975. På den andre sida var venstresida i SKP inspirert av det oppgjeret med høgreavviket som AKP(m-l) nyss hadde byrja.

Bo Gustavsson, ein av stiftarane til KFML, var den ivrigaste talsmannen i KFML/SKP for at hovudmotseiinga gjekk mellom monopolkapitalen og folket. KFML/SKP var det einaste maoistiske partiet i eit kapitalistisk og imperialistisk land i verda som fram til midten av 1970-talet tok til orde for denne hovudmotseiinga. Mao Zedong — og dei øvrige maoistiske partia i den imperialistiske blokken — tok til orde for at hovudmotseiinga gjekk mellom proletariatet og borgarskapet.[4]Se ”Om motsättningar”, Mao Zedong om filosofiska frågor. Oktoberförlaget 2016, sid. 69 -70 Denne hovudmotseiinga kunne — og kan — rett nok endra seg under særskilde vilkår, anten på grunn av ytre aggresjon eller eit overhengande trugsmål om fascistisk maktovertaking. Hovudmotseiinga i avhengige, nykolonale land kan nok ein gong vera ein annan.

Truleg var hovudmotseiinga monopolkapitalen og folket berre ein arv frå det gamle SKPs snakk om storfinansen mot folket. Men denne hovudmotseiinga skjulte at to polar, dvs. proletariatet og borgarskapet stod mot kvarandre, og gav eit inntrykk av at ikkje berre småborgarskapet og dei småborgarlege mellomlaga men også dei ikkje-monopolistiske sjikta i borgarskapet, skulle kunna vinnast over for revolusjonen. Dimed fanst det inga prinsipiell avgrensing andsynes Khrustsjovs anti-monopolistiske revolusjon i to steg. I det internasjonale tidsskriftet Internasjonalen, som AKP(m-l) gav ut, vart det gitt ut fire artiklar i nr 1/1976 om programdiskusjonen i SKP.[5]https://www.akp.no/ml-historie/pdf/internasjonalen/index.html Det går klart fram at Britta Ring, som høyrde til partihøgresida, tok til orde for ein anti-monopolistisk tostegsrevolusjon.[6]Altså: den demokratiske (borgarlege) revolusjonen må gjennomførast før den sosialistiske revolusjonen kan setjast på dagsorden. –T.B. Om ein kan samla 99,9% mot monopolborgarskapet, så trengst det vel ingen væpna revolusjon?

Allereie i «Det kommunistiske manifestet» er det klart at Marx/Engels ser proletariatet og borgarskapet som to motsette polar, der småborgarskapet, i hovudsak bønder og små næringsdrivande, er ei vaklande kraft som vert dradd mellom dei to. Det nye er at under framveksten av kapitalismen har det oppstått nye småborgarlege mellomlag, dvs. formelt lønnsarbeidarar, men som har ulike slags sjefs- eller arbeidsledande funksjonar, og i tillegg sjølvstendige yrkesutøvarar.

Ein kan seia at den tidlegare nemnte Enad Vänster-kampanjen var eit praktisk uttrykk for hovudmotseiinga monopolkapitalen og folket.

SKPs andre kongress 1976 tok ikkje stilling til spørsmålet om hovudmotseiinga, sjølv om mange på venstresida i partiet allereie då meinte at ordlyden om hovudmotseiinga måtte rettast opp. Sidan KFML/SKP hadde «investert mykje kapital» i polemikken mot KFML(r) i spørsmålet om hovudmotseiinga, hadde det gått prestisje i spørsmålet, og derfor vakla også nokre på venstresida i partiet.

SKP(m-l)/SKA hadde derimot ikkje noko problem med å endra hovudmotseiinga til den mellom proletariat og borgarskap. Sjølvsagt tolka SKP(m-l)/SKA hovudmotseiinga mellom proletariat og borgarskap annleis enn KFML(r)/KPML(r). SKP(m-l)/SKA såg småborgarskapet og dei småborgarlege mellomlaga som mellomkrefter som arbeidarklassen og det kommunistiske partiet burde streva etter å vinna over, eller i det minste nøytralisera, medan KFML(r)/KPML(r) såg dei som ein «reaksjonær masse» og ikkje eingong var klare for å samarbeida i einskilde kampsaker med organisasjonar som dei såg som småborgarlege. Innstillinga til mellomkreftene var eit nøkkelspørsmål for at bolsjevikpartiet kunne lykkast i å føra Oktoberrevolusjonen til siger, så vel som for at KKP kunne lykkast i å føra frigjeringskrigen mot Japan og borgarkrigen mot Kuomintang til siger.

Spørsmål: Motseiingane i SKP førte etter kvart til ny splitting, med konsekvens at venstresida stifta SKA/SKP(m-l). Kan du seia litt om historia til dette partiet? Korleis utvikla partiet seg, og korfor la SKP(m-l) seg ned i 1993?

Svar: For å kunne svara på det spørsmålet, må ein først gjera greie for dei motseiingane som oppstod i SKP etter den andre kongressen i 1976 og etter at Bo Gustafsson/Sture Ring-fløya brøyt med SKP våren 1977. Den nye partileiinga, som vart valt på den andre kongressen, var ikkje ideologisk samla. Den var ikkje einig i spørsmål som hovudmotseiinga i Sverige, grunnorganisasjonar på arbeidsplassane eller ei, men framfor alt var den ikkje einig om korleis «tre verder»-teorien skulle anvendast, noko som fekk ei avgjerande tyding seinare. «Tre verder»-teorien var i hovudsak korrekt. Den innebar at båe supermaktene, USA og Sovjet, utgjorde den første verda; dei små og mellomstore imperialistiske landa utgjorde den andre verda og resten av verda utgjorde den tredje verda. Teorien var eigentleg ikkje så merkeleg, berre ein innsåg at det som er avgjerande er å skilja mellom statsberande og ikkje-statsberande kommunistiske partiar, og korleis teorien elles skulle tolkast (mi utheving). Dei revolusjonære partia i t.d. den andre verda som skjøna denne skilnaden, haldt fram med å følgja sin hovudstrategi, altså å kjempa for den sosialistiske revolusjonen. Dei som ikkje skjøna han, men byrja å støtta sitt eige borgarskap mot den stigande supermakta, Sovjet, eller tok til orde for støtte til NATO, gjorde seg snart politisk umoglege.

Dei som seinare vart utestengde og tok initiativ til SKP(m-l)/SKA var allereie i 1976 klare på at det ikkje gjekk å mekanisk overføra tre verder-teorien til svenske forhold, rett og slett fordi KKP var eit statsberande parti, og SKP var eit parti som hadde den sosialistiske revolusjonen som mål.

Det mindretalet i partileiinga som sigra på den andre kongressen hadde også lagt seg til ein dårleg vane — å fraksjonera unødig i eit parti som tradisjonelt hadde hatt fraksjonsforbod. Delar av mindretalet i leiinga oppretta ein fraksjon både i samband med valkonferansen og i samband med den andre kongressen. Dette var uttrykk for at nokre innanfor mindretalet i leiinga ikkje stolte tilstrekkeleg på korkje si eige linje eller medlemmane. Dessutan fører hemmelege fraksjonar, som ikkje er naudsynte, til at fraksjonistane passar på kvarandre og at sekundære motseiingar kjem i bakgrunnen.

Den nye høgresida i partiet, der m.a. Per Axelsson, Vivi Löfstedt og Stedan Lindgren (som seinare forlét SKP) høyrde til, hadde lært av feilane til den gamle høgreside. Det gjaldt å ta makta over daglegleiinga og hindra ein demokratisk, open debatt. For å oppnå dette var dei tvungne til å fraksjonera innanfor partileiinga for å vinna fleirtal i denne.

Fram til hausten 1977 hadde den marxist-leninistiske linja fleirtal i partileiinga. Men kløyvinga i den internasjonale marxist-leninistiske rørsla påverka også stoda i SKP. SKP tok nesten einstemmig stilling (unntaket var berre eit halvt dusin medlemmar) mot APAs kritikk på kongressen deira i 1976 mot Mao Zedongs teori om dei tre verdene. Det var likevel ikkje mogleg å slutta ukritisk opp om KKP, då KKPs nye leiing m.a. omvurderte si innstilling til Jugoslavia, som plutseleg var eit sosialistisk land hausten 1977. Kinas kursendring gav den nye høgresida i partiet blod på tann, særleg sidan to av deira fremste talspersonar hadde vore med i ein partidelegasjon til Kina same haust. I røynda tok den nye høgresida til orde for at Sovjetunionen var hovudfienden i verdsmålestokk og at dei marxist-leninistiske partia og arbeidarklassen i Vest-Europa i første hand ikkje skulle kjempa mot sitt eige monopolborgarskap. Dessutan meinte dei at faren for ein tredje verdskrig var akutt, særleg i Europa, noko som viste seg å vera ei feilvurdering. Venstresida i partiet, som skjøna at denne linja ville ha øydeleggjande følgjer for SKP og redusera det til eit venstrereformistisk parti, byrja å utvikla ein kritikk mot desse tendensane.

Den nye høgresida i partiet hadde byrja fraksjonsarbeidet sitt allereie ved årsskiftet 1976-1977. Allereie i september 1977 vart Greger Bogården, som då hadde vorte stemt ut av det ståande utvalet, hindra frå å senda ut eit innlegg til resten av partileiinga. Dette var eit uhøyrd brot mot det indre partidemokratiet og SKPs vedtekter.

Kongressen valde partileiing, som valde arbeidsutval, som i sin tur valde det ståande utvalet. Partileiinga var naturlegvis overordna delane sine. På møtet i partileiinga januar 1978 vart Greger Bogården avsett som medlem av arbeidsutvalet, medan sjefsredaktøren for Marxistiskt Forum og leiaren for Röd Ungdom, som då også høyrde til venstresida, la ned verva sine.  Samtidig vart «Partiarbete» oppretta i staden for det tidlegare internorganet «Informationsbulletinen». Syna som låg til grunn for «Partiarbete» utgjekk frå Deng Xiaopings linje «Søk sanninga or fakta», noko som i klartekst ville seia at ei vedtatt linje ikkje skal utsetjast for internt kritikk så lengje ho gjeld. Dette stod rakt i motseiing til at «Den ideologiske og politiske linja er avgjerande i alt». Som følgje vart den indre partidebatten strupa, for å hindre mobilisering av medlemmane. Den nye høgresida i partiet hadde læret av den gamle høgresida.

Pinsehelga 1978 vart Greger Bogården suspendert for «fraksjonsarbeid». «Stopp tjuven», ropte tjuvane. Ein handlangar for den nye høgresida (som seinare vart tillitsvald i sosialdemokratane) hadde levert rapport over ein politisk samtale han hadde hatt med Greger Bogården. Sjølvsagt fraksjonerte venstresida i partiet, då vi ikkje hadde noko moglegheit til å koma ut med kritikken vår til medlemmane. Om eit revolusjonært parti står i fare for å utarta, er det naturlegvis rett å fraksjonera om den opne linjekampen blir umogleg. Venstresida i partiet fraksjonerte dessutan mot fraksjonistane.[7]Se följande artikel av Greger Bogården 1978: https://marxforum.se/index.php/2021/07/08/vilka-metoder-anvander-revisionister-for-att-ta-makten-i-ett-kommunistiskt-parti/ –RBT. Seinare vart Greger Bogården utestengd på rettmessig vis, i likskap med to andre medlemmar av partileiinga, Kurt Österlund og Göran Nilsson. Kurt Österlund og Greger Bogården deltok seinare i å stifta SKP(m-l)/SKA.

Einskapen i den nye høgresida i partiet, som var eit resultat av fraksjonering på «toppen», var naturlegvis berre overflatisk. Mange av deira leiande talspersonar, som Stefan Lindgren, Klas Borell, Ingemar Eriksson mfl., forlèt SKP og SKPs etterfølgjar, Solidaritetspartiet, vart ført i den politiske graven i 1990 av eit politisk B-lag. Allereie i 1980 var det tydeleg kva slags konsekvensar politikken til høgrelikvidatorane hadde. Den sosialdemokratiske avisa Arbetet skreiv:

«I det stille har SKPs politikk endra seg kraftig under det dramatiske tariffoppgjeret:

For første gang støtta dei LOs krav allereie frå starten.

I stort sett alle kamphandlingane til LO fekk dei støtte av SKP, og elden vart retta mot arbeidsgivarane.

For første gongen stilte SKP opp i SAP-LO sitt første mai-tog utan vilkår, fordi «storkonflikten kravde einskap».

For første gongen vart ein LO-avtale godkjend, og SKP kalla ho til og med bra.»

På SKAs kongress i 1982 vart det gjort ei sjølvkritisk vurdering av den indre partistriden.[8]Se ”Den sanna historien om de svenska kommunisterna”, Oktoberförlaget 2020, sid. 245 -254 eller https://marxistarkiv.se/sverige/kfml-skp/ska/ska-82-verksamhetsberattelse.pdf Det heitte mellom anna:

«Den einaste sjansen til å sigra over likvidatorane gjekk ut på å driva ein open og prinsipiell kamp frå byrjinga av, setja hardt mot hardt og samla flest mogleg rundt eit opprop og rundt gjenopprettinga av Informationsbulletinen. Dette skjedde i Ceylons Kommunistiske Parti i 1964, då marxist-leninistane umiddelbart svarte med eit offentleg opprop til forsvar for partiet, då eit revisjonistisk fleirtal bestemte seg for å gå til åtak på den planlagde kongressen og dessutan hindra opposisjonen frå å koma til orde. Likevel ville den marxist-leninistiske opposisjonen mest sannsynleg ikkje kunna sigra. Men den hadde sikkert vunne like stor støtte for oppropet og Informationsbulletinen som eitt år seinare, og framfor alt vunne tid. Då hadde også den marxist-leninistiske opposisjonen verkeleg gått i spissen og gitt mot til alle dei kameratane som støtta linja frå den andre kongressen. Den valde taktikken fekk i standen motsett verknad. Han støtta opp om vakling og tvil, og det oppstod eit «venstre»-sentristisk straumdrag, dvs. venstresida vart kløyvd. Han reiste spørsmålet: står eg verkeleg på den vinnande sida? Dei såg det formalorganisatorisk: medlemskapet i den eksisterande organisasjonen var alt. Dei innsåg ikkje at det kommunistiske partiet berre eksisterer for arbeidarklassens skuld og at det derfor ikkje er eit mål i seg sjølv. Dei sakna politisk perspektiv og vart «redde for sitt eige skinn». Alle andre feil var underordna denne grunnleggjande feilen. Om ikkje det var for denne grunnleggjande feilen, ville ikkje ei rekkje andre underordna feil ha skjedd. Den marxist-leninistiske opposisjonen haldt delvis fram i ein nødssituasjon. Det avgjørande hadde vore at kampen frå første byrjing fekk ei rett hovudinnretning, så snart den marxist-leninistiske opposisjonen viste misnøye.

I staden vart det oppfordra blant dei på venstresida som ikkje hadde vorte kasta ut av SKP, til å venta til kongressen i 1980. Det rette hadde altså vore å innleia ein offentleg polemikk allereie då høgrelikvidatorane strupa det indre partidemokratiet og seinast då dei leiande representantane for venstresida i partileiinga vart utestengde frå partiet.

SKP(m-l) vart altså danna i 1980 og bytte namn til Sveriges Kommunistiska Arbetarparti i 1982. Allereie i samband med partidanninga gav SKP(m-l) livlig støtte til Öjebyarbeidarane sin streikekamp. I den indre partikampen hadde 170 medlemmar skrive under på eit opprop: «Till försvar för Sveriges Kommunistiska Parti!», men då partiet vart danna stor det berre att 120 medlemmar. SKP(m-l)/SKA stod på linja til den andre kongressen og gav ut Kommunistiska Arbetartidningen, som på det meste vart trykt opp i 1000 eksemplar per nummer.

Korfor lyktes ikkje SKP(m-l)/SKA? For det første var vi altfor få då vi vart danna. Vi vart råka av «litenheitssyndromet»: sympatisørar hadde liten tru på at vi ville overleva, berre fordi vi var så få i tal. Dei tapa vi hadde lidd på grunn av tre kløyvingar kunne ikkje bøtast på gjennom nyrekruttering. For det andre vart vi stifta i ei stode då klassekampen nasjonalt og internasjonalt var i ein nedgåande fase. I Sverige hadde ei borgarleg regjering tatt over for ein sosialdemokratisk, og høgresida hadde innleia ein ideologisk offensiv. Kløyvinga mellom KKP og AAP demoraliserte den maoistiske venstresida; den internasjonale høgresida, symbolisert ved Reagan/Thatcher, innleia ein reaksjonær offensiv; det gjæra i austblokken, t.d. i Polen; Vietnam åtaka Kambodsja 1979; Berlinmuren vart opna i 1989 og Sovjetunionen fall saman straks etterpå; Tienanmen-massakren fann også stad i 1989. Dette diskrediterte mykje med kommunistiske forteikn. Mange maoistiske parti, særleg i den imperialistiske blokken, vart svekte eller forsvann heilt i løpet av 1980-talet.

I 1993 avgjorde derfor SKA, som berre omfatta 25 medlemmar, å ta eitt steg attende for å seinare kunne ta to framover. Dette skjedde ved at vi tok initiativ til å danna ei aviseigarforeining saman med KPS[9]KPS, Kommunistiska Partiet i Sverige, var en pro-albansk organisation, men som stod mycket nära SKA i de praktiska klasskampsfrågorna i Sverige. Deras medlemmar var dock egentligen ännu mer … Continue reading for å gi ut Nya Arbetartidningen (NAT). Dette førte til eit mellombels opprykk når det gjaldt opplaget til Nya Arbetartidningen, men snart var NAT attende ved startstreken. Nya Arbetartidningen vart gitt ut som papirtidsskrift til 2011 og vart oppdatert digitalt fram til 2014.[10]Nya Arbetartidningen fungerar fortfarande som webbplats – http://www.nat.nu/typo3/startsida/  – och den blogg – http://nyaarbetartidningen.bloggplatsen.se/ , som är knuten till … Continue reading No som vi sit på fasiten, kan vi seia at vi burde hatt is i magen i og slått ring om SKA. Då hadde vi sloppe ein del seinare unødige vanskar.

Spørsmål: Eg vil gjerne høyra meir om dette «litenheitssyndromet», kunne du sagt litt meir om dette? Kan ein liten organisasjon koma seg ut av «litenhetssyndromet» om ein fører ein fornuftig politisk linje? Både RK og KAF er enno relativt små; samtidig jobbar vi under ganske andre forhold enn dei SKP(m-l)/SKA møtte på slutten av syttitalet og starten av åttitalet. I Noreg har vi også den fordelen at revisjonistane står relativt svakt, og vi har ikkje noko «Kommunistiska Partiet» å konkurrera med.

Svar: «Litenheitssyndromet» var eit uttrykk vi nytta i SKP(m-l)/SKA. Det vil berre seia at det blotte faktum at et ein revolusjon er liten talmessig liten, særleg når klassekampen i det aktuelle landet er på det lågaste, kan nyttast som argument mot den same organisasjonen. Folk som elles er progressive og radikale har liten tru på at organisasjonen kan veksa, eller kapitulasjonistiske tendensar spreier seg attpåtil i sjølve organisasjonen. Det er alltid vanskelegare å driva revolusjonær politikk når eit revolusjonært oppsving har vorte erstatta av eit nederlag, ebba ut eller når borgarskapet har gått til ein framgangsrik motoffensiv med ulike middel. Ein slik situasjon oppstod i Tsar-Russland under Stolypin-reaksjonen i årene 1907-1912. SUKP(b)s historie skrivar:

«Under reaksjons-åra var det mange gongar vanskelegare å arbeida i partiorganisasjonane enn under den førre perioden, då revolusjonen var under utvikling. Tale på partimedlemmar minska sterkt. Mange av dei småborgarlege medløparane til partiet, særleg intellektuelle, forlét partiet, då dei frykta forfølgingane til tsarregjeringa. Lenin påviste at dei revolusjonære parti ved sånne tilfelle må utfylla kunnskapane sine. Under revolusjonens oppsvingsperiode hadde dei lært å gå til offensiv, under reaksjonsperioden må dei læra korleis ein skal gjennomføra ei tilbaketrekking riktig, korleis ein skal gå over til illegalitet, korleis ein skal verna og styrka det illegale partiet, korleis ein skal utnytta dei legale moglegheitene, utnytta alle slags legale organisasjonar, særleg masseorganisasjonane, til å styrka banda med massane.» (Proletärkultur 1979, sid. 134 – 135. Mi omsetjing til norsk –T.B.).

Ei liknande stode oppstod etter andre verdskrig i Sverige og andre delar av Vest-Europa. Sveriges Kommunistiske Parti, som hadde vore med i Komintern fram il 1943, gjorde stor framgang i valet i 1946, meln allereie i 1948 snudde utviklinga etter hendingane i Praha, då USA-imperialismen, borgarskapet og høgresosialdemokratiet i Sverige gjekk til motoffensiv. Valframgangen i 1946 viste seg i stor grad å vera avhengig av den prestisjen som Sovjetsamveldet hadde vunne gjennom innsatsen i andre verdskrig. Dessutan hadde SKP allereie under andre verdskrig byrja å opptre som ein vennleg pådrivar.

Set Persson i SKPs partileiing utvikla etter kvart ein kritikk mot denne revisjonistiske linja, særleg etter slutten av krigen. Men han vart isolert i SKP og tvunge til å forlaga partiet på kongressen i 1953. Den revisjonistiske leiinga i SKP gjorde alt for å hindra at hans kritikk kom ut til medlemmane. Set Persson tok initiativ til Sveriges Kommunistiska Arbetarförbund (SKA) i 1956. SKA samla til å byrja med 250 medlemmar, men partiet klarte ikkje veksa; særleg etter Set Perssons død starta ein nedgangsperiode. SKA vart oppløyst i 1967, og dei 25 gjenverande medlemmane slutta seg til KFML. SKA dreiv ein heilt korrekt kritikk både mot høgresosialdemokratiet og SKP, og Set Persson var den første i verda som åtaka Khrustsjov offentleg i skriftet «Vart vill Chrusjtjov leda kommunisterna?» i 1956. Men likevel lukkast ikkje SKA med å utvida seg, då klassekampen var på eit lågpunkt etter 1948, samtidig som både USA-imperialismen og dei borgarlege partia og høgresosialdemokratiet i Sverige dreiv ein hatsk anti-kommunistisk offensiv. Det same gjaldt for SKP(m-l)/SKA, som førte same hovudlinje som SKPs andre kongress i 1976. Venstresida i partiet hadde samla 170 medlemmar bak oppropet ”Till försvar för Sveriges Kommunistiska Parti” i 1978, men då SKP(m-l) vart danne hadde styrken sokke til 120 medlemmar. SKP(m-l) vart, som tidlegare nemnt, stifta i ei stode då klassekampen nasjonalt og internasjonalt var på nedtur. (Sjå svar på førre spørsmål).

Dei aller fleste maoistiske parti, særleg innanfor den imperialistiske blokken, fekk store problem og evna ikkje lenger å gå framover, men vart råka av kløyvingar, forfall i revisjonistisk retning eller forsvann heilt av det politiske kartet. Som tidlegare nemnt evna ikkje heller SKP(m-l)/SKA å halda stand.

Dette viser eigentleg berre det faktum at om eit kommunistisk parti skal veksa seg sterkt, så held det ikkje med ei riktig ideologisk og politisk linje, men dei objektive vilkåra må også vera gunstige. På den andre sida kan eit kommunistisk parti aldri fullt ut utnytta gunstige objektive vilkåra, først og fremst ei skjerping av klassekampen, om det ikkje forfektar ei i hovudsak rett ideologisk og politisk linje. Om ein seg på 68-rørsla i Sverige — eigentleg hadde oppsvinget byrja i 1964 med danninga av DFFG — og det etterfølgjande oppsvinget, så var ikkje dette bygd på ei skjerping av klassekampen i Sverige. Tvert om opplevde Sverige og andre vesteuropeiske land ein økonomisk høgkonjunktur fram til oljekrisa 1973. Oppsvinget var i prinsippet importert: solidaritetsarbeidet med folka i Indokina, KKPs oppgjer med den moderne sovjetrevisjonismen og Kulturrevolusjonen i Kina radikaliserte først og fremst ungdommar og intellektuelle. Oppsvinget spreidde seg seinare til arbeidarklassen i form av hamnearbeidar- og gruvearbeidarstreikane i 1969-1970, som innleidde ei streikerørsle som toppa seg med den store skogsarbeidarstreiken i 1975. Faktum var at alle organisasjonar i Sverige til venstre for VPK ekspanderte på denne tida; den som utvida seg mest var KFML/SKP, sidan KFML/SKP hadde ei rett hovudlinje og dessutan ein allsidig politikk. I dag freistar gonzalistane å tvinga fram eit oppsving som ikkje finst og påstår tilmed at den internasjonale kommunistiske rørsla er i ein strategisk offensiv. Samtidig er ingen av dei to mest kampvande maoistiske partia i verda, altså Indias Kommunistiske Parti (maoistisk) og Filippinanes Kommunistiske Parti, eingong i strategisk offensiv i sine eigne land ifølgje deira eigne utsegner; førstnemnde ligg på den strategiske defensiven og sistnemnte er på veg til å oppnå strategisk likevekt.

Ein kan ikkje hevda at det i dag finst eit tilsvarande oppsving i verda, særleg ikkje i dei imperialistiske landa, som det som starta på midten av 1960-talet og som haldt fram til Mao Zedongs død. Men det tyder ikkje at kommunistane i dag skal ta nederlaget på forskot eller råkast av pessimisme. Tvert om gjeld det å konsolidera og byggja ut dei kommunistiske organisasjonane, og det som er avgjerande her, er at det skjer ut frå ei rett ideologisk og politisk linje, då denne er avgjerande i alt. Dette er føresetnaden for at eit kommunistisk parti skal kunne gjera bruk av eit komande oppsving eller ei drastisk skjerping av klassekampen. Og det kjem til å henda!

Spørsmål: Eg vil også gjerne koma inn på korleis dokker forstod maoismen i SKA, og korleis du forstår maoismen i dag. Om eg har skjøna rett, kalla KAF seg marxist-leninistisk, medan KAF følgjer marxismen-leninismen-maoismen (og då Kommunistiska Föreningen vart stifta, var det også på grunnlag av MLM). På eitt eller anna tidspunkt må det altså ha skjedd eit skifte, der maoismen vart anerkjent som eit nytt steg i utviklinga av marxismen, og noko kvalitativt anna enn marxismen-leninismen. I RK seier vi gjerne at det var under Kulturrevolusjonen i Kina at maoismen tok sin eigentlege form, og at MLM vart «syntetisert» av Maos tilhengjarar på venstresida i KKP og vidare i den internasjonale kommunistiske rørsla etter kuppet i 1976.

Er det forresten forskjell på «marxismen-leninismen, Mao Zedongs tenking» og MLM? I så fall, kva består forskjellen i?

Svar: Dette spørsmålet har eg tidlegare tatt føre meg i artikkelen «Görs revolution utifrån etiketter?» i Marxistiskt Forum nr. 1/2017.[11]https://marxforum.se/index.php/2021/07/07/gors-revolution-utifran-etiketter/ Derfor kjem eg her til å delvis gjenta meg sjølv. Mi oppfatning er at revolusjonen ikkje kan gjerast ut frå merkelappar, men heller krev at den ideologiske og politiske linja er rett.

For det første: Mellom dei partia som hevdar å følgja MLM er det nokre som meiner, med Perus Kommunistiske Parti i spissen, at folkekrigen er allmenngyldig, altså brukbar også i imperialistiske land, medan andre som til dømes Indias Kommunistiske Parti (maoistisk) og Filippinanes Kommunistiske Parti ikkje meiner at folkekrigen kan brukast i imperialistiske land for å løysa hovudmotseiinga mellom proletariat og borgarskap.

Båe desse oppfatningane kan ikkje stemma samtidig, tvert om er dei gjensidig utelukkande, altså antagonistiske. Dette viser at ein merkelapp i seg sjølv ikkje avgjer om den ideologiske og politiske linja er rett eller ei; dette er det praksis som avgjer.

For det andre: Om ein som Perus Kommunistiske Parti hevdar at folkekrigen er universell, noko som står i direkte motseiing til Marx/Engels’, Lenins, Stalins, Kominterns og særleg Mao Zedongs prinsipp-politikk, så er det i seg sjølv ein provokasjon. Det er verken marxisme, leninisme eller maoisme. Til no har heller aldri noko kommunistisk parti freista å løysa hovudmotseiinga proletariat og borgarskap i eit kapitalistisk og imperialistisk land gjennom å starta ein folkekrig. Ingen av dei gonzalistiske partia i den imperialistiske blokken har i det heile tatt freista å innleia folkekrig. Derimot skjedde det framgangsrike folkekrigar i Europa under andre verdskrig, altså i Jugoslavia og Albania, to relativt tilbakeliggjande føydalkapitalistiske land, då hovudmotseiinga hadde endra seg på grunn av den nazityske aggresjonen. Frigjeringskrigen i Hellas mislukkast av ulike grunnar. I fleire andre europeiske land oppstod det under andre verdskrig motstandsrørsler mot den nazityske okkupasjonen, men det var aldri spørsmål om regelrett folkekrig.

For det tredje viser også historia at ein merkelapp kan tyda kva som helst. Kalla ikkje Plekhanov og Kautsky seg marxistar, sjølv etter at dei var blitt revisjonistar? Etter Lenins død kalla alle dei leiande bolsjevikane seg for leninistar, men dette førte naturlegvis til ein diskusjon om innhaldet i leninismen — sjå Stalins polemikk i «Leninismens problem», særleg avsnittet «Leninismens definisjon».[12]”Leninismens problem”, Förlaget för litteratur på främmande språk Moskva 1952, sid. 161 – 177). Kallar ikkje trotskistar seg for marxistar? Ein del trotskistar gjer attpåtil krav på å vera leninistar. Kalla ikkje Khrustsjov-revisjonistane seg enno for leninistar under Den store polemikken?

På den andre sida: inneber mangelen på ein merkelapp at eit program ikkje er revolusjonært? I Lenins «Utkast til program for det sosialdemokratiske partiet og forklaringar til dette» (1895 – 1896)[13]Marxist Forum nr 1/2017. nemner ikkje ordet «marxisme» i det heile tatt. Likevel førte bolsjevikpartiet seinare Oktoberrevolusjonen til siger under hans leiarskap. I ein seinare kommentar, «Vårt program» frå 1899, snakkar Lenin om «Marx’ og Engels’ lære».[14]Anfört arbete. I Ho Chi Minhs program for dei indokinesiske kommunistane frå 1930 vert det berre slått fast at «kommunistpartiet i Indokina er danna», men programmet inneheld ikkje noko forklaring på kva kommunismen inneber.[15]Anfört arbete. Likevel lykkast Vietnams Arbeidarparti og Viet Minh i å driva dei franske okkupantane ut or Nord Vietnam i 1954.

For det fjerde har alle klassikarane vore motstandarar mot at deira lære skulle løftast opp til -ismar. Marx og Engels rekna seg aldri som marxistar. Dei gjorde krav på å ha utvikla den vitskaplege sosialismen (m.a. i polemikk mot den utopiske sosialisme). Ifølgje Engels brukte Marx omgrepet «marxist» berre éin gong, i samband med ein kommentar om franske «marxistar»: «Den materialistiske historieoppfatninga har mange [falske vennar –RBT] for tida, som nyttar denne som unnskyldning til å ikkje studera historie. Nett som Marx brukte å seia, då han kommenterte dei franske ‘marxistane’ seint på [18]70-talet: ‘Alt eg veit er at eg ikkje er ein marxist'».[16]Brev till Schmidt 1890. Ikkje eingong ved bisetjinga til Marx omtalte Engels han som «marxist», men snakka berre om «Marx’ lære.» Lenin kalla seg for marxist — aldri leninist. Stalin, som først og fremst via seg til å forsvara leninismen, løfta aldri si lære opp til «stalinisme», og lét aldri nokon andre gjera det heller. Trotskistane har derimot som kjent nytta nemninga i nedsettande tyding.

I ei utsegn frå Perus Kommunistiske Parti frå 1988 heiter det:

«Angående KAMPEN FOR MAOISMEN så begynte, kort fortalt, kampen for å etablere Mao Zedongs tenkning i 1935 på Zunyi-konferansen, da formann Mao overtok ledelsen av kommunist-partiet i Kina.»[17]Perus Kommunistiske Parti, 1988. «Om Marxismen-Leninismen-Maoismen». I Grunnlaget for partiets enhet. Norsk oversettelse 2019, Forlaget Røde Fane, side 80-81. –T.B.

Dette er ei falsk historieforteljing. Mao Zedong arbeidde aldri sjølv for å etabler Mao Zedongs tenking eller maoismen som rettesnor for KKP. Det einaste som er sant i PKPs påstand er at Mao Zedongs linje vann fleirtalet på dette møtet. Det er også sant at KKP på sin kongress i 1945 slo fast Mao Zedongs tenking som rettleiande ideologi ei stode då den japanske imperialismen var overvunnen.[18]Peking Review 1 juli 1966 – https://www.marxists.org/subject/china/peking-review/1966/PR1966-27a.htm I samma artikel uttalar sig – eller citeras – tre ledande medlemmar i KKP, nämligen Liu … Continue reading

Men som Mobo Gao påpeiker var det

«…også Mao, som så tidleg som i 1954, kom med forslaget om å unngå uttrykket «Mao Zedongs tenking», då det var for arrogand. KKP utforma, i samsvar med Maos forslag, eit direktiv om å visa til «Mao Zedongs instruksar» og «verk av Mao Zedong» i staden (Lin Ke m.fl. 1995:50). Alle desse fakta kan stadfestast av offisielle dokument, slike som finst i Maos prenta samla verk.»[19]Mobo Gao: “The Battle of China´s Past”, Pluto Press 2008, sid. 105.

Det finst mange døme på kor plaga Mao Zedong var over alt snakk om Mao Zedongs tenking og særleg om maoismen. I ei samtale med talspersonar for Albanias Arbeidarparti i 1967 seier han mellom anna:

«Dessutan fanst det nokre andre feil. Dei byrja å bruka og misbruka uttrykket ‘Mao Zedongs tenking’, ‘maoisme’… eg liker ikkje denne ‘-ismen’…»

Forman Mao: Dei har også gitt meg heiderstitlar som «Store lærar», «Store leiar», «Store strateg» og «Store styrmann». Eg liker ikkje desse. Men det er ikkje noko eg kan gjera. Dei gjer dette overalt.»[20]https://www.bannedthought.net/China/MaoEra/Foreign-General/Albania/ZhouEnlai-Albanians-Conversation-1962-0627.pdf

Allereie i eit brev til Jiang Qing 8/ 1966, hans kone,[21]https://www.bannedthought.net/China/Individuals/MaoZedong/Letters/Mao’sLetterToJiangQing-660708-Alt3.pdf uttrykkjer Mao Zedong uro over korleis han blir løfta opp i skyene av Lin Biao:

«Talen hans (dvs. Lin Biaos –RBT) var heilt via til emnet politiske kupp. Det har aldri vore haldt nokon tale som hans om dette spørsmålet tidlegare. Nokre av metodane hans uroar meg. Eg har aldri trudd at fleire av dei hefta eg har skrive skulle ha så mykje overnaturleg kraft.»

For det femte: Kva meiner ein med «syntetisering»? Ifølgje den gjense ordboksdefinisjonen vil det seia å gjera ein syntese, altså samanfatta noko til ein heilskap eller å skapa eit heilskapleg syn på noko. Ifølgje det hegelianske-marxistiske dialektiske skjemaet står tese og antitese mot kvarandre, og dette fører til ein syntese som står på eit høgare nivå. I syntesen finst det enno element frå både tesen og antitesen, men altså på eit høgare nivå — oppheva og bevara på same tid.

Om vi held oss til den siste definisjonen, kjenner eg ikkje til eit einaste døme på at nokon har kunne skapa ein syntese av Mao Zedongs lære, verken under Kulturrevolusjonen eller etter. Kven skulle det i så fall vera? Det finst i og for seg massevis av samanfattingar av Mao Zedongs teoriar og hans politiske verksemd. Lenin skreiv «Marxismens tre kilder og tre bestanddeler»[22]https://www.marxists.org/svenska/lenin/1913/03.htm (1913), eit utmerkt pedagogisk skrift, men det er enno berre ei samanfatting. Men ved å kalla marxismen ein -isme la ikkje Lenin nokon ytterlegare verdi til Marx’ lære. Marx hadde allereie utvikla teoriane sine og fullført arbeidet sitt. Derimot kunne Lenin naturlegvis vidareutvikla Marx’ teoriar, særleg gjennom sin eigen praksis og teoretiske verksemd, sidan Marx arbeidde før imperialismens gjennombrot: først og fremst i spørsmål om partiteorien, synet på imperialismen og den komande verdskrigen, den sosialistiske revolusjonen og den første fasen av den sosialistiske oppbygginga. Det same gjeld Stalin i «Leninismens grunnlag»; han la ikkje noko nytt til Lenins lære i denne boka. Stalin gav elles viktige teoretiske bidrag i form av «Marxismen og det nasjonale spørsmålet» og eit par andre skrift, men først og fremst leia han den sosialistiske oppbygginga i Sovjetunionen og forsvaret av Sovjetunionen mot Nazityskland. Det same gjeld Mao Zedong. Han vidareutvikla teoriane til forgjengarane på mange måtar, noko som også kom av hans praksis; dette gjeld spørsmåla om den dialektiske og historiske materialismen, partiteorien, einheitsfronttaktikken, masselinja, folkekrigen, den nasjonal-demokratiske revolusjonen og forholdet mellom denne og den sosialistiske revolusjonen, det sosialistiske samfunnet og klassekampens framhald under sosialismen. Mao Zedong sa ved eitt høve at han framfor alt ville bli hugsa for å ha utløyst Kulturrevolusjonen.

Perus Kommunistiske Parti gjorde krav på å ha «syntetisert» maoismen. Men dette var og er ein latterleg proklamasjon, då utsegna deira frå 1988 dei seinare teoriane deira er prega av ein religiøs og idealistisk undertone, og sidan tillegga deira, som at folkekrigen er allmenngyldig, militariseringa av partiet, konsentriske sirklar og jefatura-teorien osv. definitivt står i direkte motstrid til maoismen. Både Stalin og Mao Zedong var motstandarar til at partikadrane skulle læra seg marxismen berre gjennom samanfattingar men meinte også at partimedlemmane, først og fremst dei leiande kadrane, skulle gå til kjeldene, dvs. originaltekstane.[23]Se “Classical Works Recommended To High-Ranking Cadres” (1960) – https://www.marxists.org/reference/archive/mao/selected-works/volume-8/mswv8_56.htm . Observera att Mao Zedong inte ens … Continue reading Om ein les klassikarane i original, så ser ein også korleis dei bruker den dialektiske og historiske materialismen i den løpande analysen av dei konkrete forholda, altså i den politiske praksisen. Den slags lesing kan aldri erstattast av ei samanfatting, som dessutan kan vera «pakka om», dvs. feilaktige tolkingar.

Til slutt: KFML slo fast på midsommarkonferansen at «oppgåva til Kommunistiska Förbundet er å danna eit revolusjonært kommunistisk parti i Sverige, grunnlagt på marxismen-leninismens, Mao Tsetungs tenking» (mi utheving –RBT).[24]”Den sanna historien om de svenska kommunisterna” Oktoberförlaget 2020, sid. 128 Sidan KFML/SKP aldri vedtok eit partiprogram, gjaldt denne formulering heilt fram til likvidatorane til makta i 1978. Denne formuleringa hindra likevel ikkje fem kløyvingar fram til 1978. Samtidig var KFML/SKPs hovudlinje i hovudsak rett fram til 1978, sjølv om det vart gjort alvorlege høgrefeil i samband med Enad Vänster-kampanjen i 1973, som vart korrigert på den andre kongressen i 1976. KFML/SKP vaks uavbrote fram til 1977, då vi utførte ein i hovudsak korrekt einheitsfronttaktikk — sjå solidaritetsarbeidet med folka i Indokina og kampen mot båe to supermaktene — samtidig som vi brukte masselinka, til dømes i form av parolen «Gjer fagforeininga til ein kamporganisasjon! Einskap på klassekampens grunn!» Denne innretninga var direkte inspirert av Mao Zedongs teoriar.

KFML/SKPs leiande kadrar var dessutan godt kjende med Mao Zedongs verk. Oktoberförlaget, KFML/SKPs forlag, gav ut fem bind av Mao Zedongs utvalde verk (av desse var fire godkjende av han sjølv), Skrifter i utval («Den store raude») og Den lille raude, sidadboka, i 100 000 eksemplar, så vel som «Den store polemikken». Ikkje noko anna parti har gjort så mykje for å spreia maoismen i Sverige. KFML/SKP hadde direkte kontakt med Kinas Kommunistiske Parti, dels gjennom løpande kontaktar med den kinesiske ambassaden i Stockholm og del gjennom gjentakande partidelegasjonar til Kina, som gjorde av vi kunne føra politiske diskusjonar med leiande talspersonar for KKP.

Sveriges Kommunistiske Arbetarparti (SKA) vart danna i 1980 i opposisjon mot likvidatorane og Deng Xiaopings politiske linje og stod på den same grunnvollen som SKPs andre kongress i 1976.[25] ”Den sanna historien om de svenska kommunisterna”, Oktoberförlaget 2020, sid. 132 – 205 I det programmet som SKP vedtok i 1985 [26]https://marxistarkiv.se/sverige/kfml-skp/ska/ska-principprogram.pdf heitte det berre:

«Kvart politisk parti representerer klasseinteressar og er rettleia av ein ideologi. Partiets ideologi er den historiske og dialektiske materialismen, den vitskaplege sosialismen som opphavleg vart utarbeidd av Marx og Engels og som i dag vert kalla marxisme-leninisme.»[27]Anfört arbete.

Årsaka til at vi ikkje nytta nemninga «Mao Zedongs tenking» var, om ikkje eg hugsar feil, at vi meinte at nemninga «marxismen-leninismen, Mao Zedongs tenking» var upraktisk. Dessutan var vi i godt selskap med Mao Zedong, som aldri kalla seg sjølv noko anna enn kommunist eller marxist-leninist. Derimot rekna vi oss sjølv som maoistar og godtok også å omtalast som maoistar. Hovudspørsmålet er også om dette program i hovudsak var maoistisk eller opportunistisk. Eg meiner at det var maoistisk. På 1980-talet rekna også SÄPO SKP som den farlegaste venstreorganisasjonen i Sverige. I same program heitte det typisk nok: «Under heile den sosialistiske overgangsperioden held klassekampen fram, først og fremst for å styrka og utvikla dei sosialistiske produksjonsforholda og innanfor overbygnaden. Den borgarlege ideologien må utslettast og erstattast med ein sosialistisk ideologi.»

Kommunistiska Arbetarföreningens noverande utkast til partiprogram byggjar vidare på SKAs program, som i tur var ei modernisering av det programmet som Set Perssons SKA vedtok:

«2. Kvart politisk parti representerer klasseinteressar og er rettleia av ein ideologi. Vår ideologi er den historiske og dialektiske materialismen, den vitskaplege sosialismen som opphavleg vart utarbeidd av Marx og Engels. Teoriane deira vart vidareutvikla av Lenin, som leia til Oktoberrevolusjonens siger og at den første sosialistiske arbeidarstaten vart oppretta. Det tredje steget er representert ved Mao Zedong, som leia det kinesiske folket til siger mot den japanske imperialismen. Mao Zedong vidareutvikla marxismen-leninismen på ein rad område, både med omsyn til vegen til sosialismen og når det gjeld den sosialistiske oppbygginga. Derfor kallar vi oss også for maoistar.»[28]https://arbetarforeningen.se/utkast-till-principprogram/

KAF og Oktoberförlaget held fram med, slik som KFML/SKP, å spreia Mao Zedongs verk i Sverige i praktisk handling, som er det einaste som tel.

Oktoberforlaget har gitt ut bind 6 av Maos utvalde verk, Skrifter i utval og planlegg å gi ut bind 7, 8 og 9 av Utvalde verk. Skilnaden samanlikna med 1970-talet er at vi har tilgang til langt fleire tekstar og talar av Mao Zedong i dag.

Det finst ein kontinuitet bakover frå KAF til SKA, SKP (fram til 1978) og KFML, sidan KAF står for same revolusjonære hovudlinje. Personleg står eg for same hovudlinje og prinsipp-politikk som eg stod for i 1970. På vegen har eg sjølvsagt justert standpunkta mine fleire gongar, særleg med tanke på endringar i klassekampstoda i Sverige og stoda i verda. Men eg kan enno stå for visse artiklar som eg skreiv allereie i 1969 om «Til spørsmålet om Stalin», om enheitsfronttaktikken, mot Appels mutingteoriar og mot trotskismen.

Den einaste som har «syntetisert» Mao Zedongs teoriar er Mao Zedong sjølv. Ikkje eingong hans allierte eller tilhengjarar under Kulturrevolusjonen tilførte noko kvalitativt nytt til Mao Zedongs lære. Korfor sigra dei ikkje i så fall? Det finst berre ulike slags samanfattingar.

Mi oppfatning er at ordskiftet om merkelappar er ein blindveg. Klassikarane har aldri ført den slags diskusjonar; dei har haldt blikket på den ideologiske og politiske linja sitt innhald og særleg på praksis — sjå til dømes på «Den store polemikken». Nemningar som «marxist», «marxist-leninist», «maoist», «marxist-leninist-maoist» fungerer berre for å markera ståstad. Dei utgjør ikkje nokon garanti mot kløyving, mot politisk utgliding, eller for siger i den sosialistiske revolusjonen eller den nydemokratiske revolusjonen. Ein gitt merkelapp er ikkje eit tilstrekkeleg vilkår for framgang. Sidan Perus Kommunistiske Parti tek æra for at dei, og særleg Gonzalo, har «syntetisert» marxismen-leninismen-maoismen, er det god grunn til å vera skeptisk til denne nemninga. Då SKA på midten av 1980-talet vart oppsøkt av ei sympatisør-gruppe til Perus Kommunistiske Parti, avslo vi å vidareføra kontakten. Grunnen var at magekjensla vår, vår politiske intuisjon, sa oss at plakatpolitikken deira, deira politikk med å ta sigeren på forskot, og den nærmast religiøse propagandaen, ville føra til at PKP skulle gå på ein smell, noko som skjedde i 1992. Dette står ikkje i motstrid til at PKPs kamp var rettferdig.

Det er ikkje tilfeldig at parti som Filippinanes Kommunistiske Parti og Indias Kommunistiske Parti (maoistisk) har teke stilling mot teorien om at folkekrigen er allmenngyldig. Desse partia starta folkekrig allereie på 1960-talet og er leia av kadrar med lang kamperfaring og som bruker maoismen kreativt på dei heimlege forholda. Ingen av dei gjer heller krav på å leia verdsrevolusjonen.

Spørsmål: Når det gjeld spørsmålet om syntetisering, er eg stort sett einig med deg i innhaldet. Ei lita presisering om min eige ordbrukn: Når eg i denne samanhengen snakkar om syntetisering, er det i tydinga «å samanfatta, å koka ned til det essensielle», og ikkje «å løfta opp til eit nytt nivå». Det var Mao som utvikla maoismen, og som heva marxismen-leninismen opp på eit nytt nivå — utvikla ein ny syntese, om du vil — men det var tilhengjarane hans på venstresida i KKP og i den internasjonale kommunistiske rørsla som slo fast at Mao hadde vidareutvikla marxismen på alle viktige område (filosofi, proletarisk strategi og taktikk, statsteorien, politisk økonomi) og kunne oppsummera kva desse nye utviklingane gjekk ut på. Så vidt eg veit, gjorde aldri Mao nokon freistnad på å oppsummera sine eigne bidrag til marxismen-leninismen.

Ein parallell: Lenin utvikla leninismen, og heva soleis marxismen opp på eit høgare nivå, men det fall på Komintern og særleg Stalin å laga ei systematisk samanfatting av Lenins nye bidrag. Omgrepet «definisjon» er derfor kanskje meir presist enn «syntetisering», og eg legg merkje til at det gonzalistiske tidsskriftet Røde Fane har gått over til å skriva at Gonzalo og PKP definerte (og ikkje syntetiserte) maoismen.

Eg vil også understreka at syntetisering (eller definisjon) ikkje er gjort éin gong for alle. Definisjonar er relative og gjenstand for ideologisk kamp, og som vi veit, pågår debatten om maoismens innhald enno i dag — sjølv om nokre hevdar at maoismen vart ferdig definert i 1982.

Vi har snakka lenge no, og det passar bra å byrja å runda av. Eg vil stilla nok eit todelt spørsmål: Korleis ser du føre deg at den maoistiske rørsla vil utvikla seg i våre to land dei neste åra, og kva er ditt beste råd til den framveksande, nye generasjonen maoistar i Noreg?

Svar: I prinsippet er eg einig med resonnementet ditt om korleis ein kan definera maoismen i notida i staden for å snakka om å «syntetisera» — og i dette tilfellet inkluderer eg det som tradisjonelt vart rekna som marxismen-leninismen i maoismen. Elles vil eg takka dei for alle interessante spørsmål, før eg tek føre meg det siste. Det blir ikkje noko merkverdig svar.

For det første må ein hugsa at Sverige og Noreg er to monopolkapitalistiske og imperialistiske land med høg levestandard og borgarleg demokrati. Allereie Lenin i «Radikalismen – Kommunismens barnesykdom» påpeika at det ville vera langt vanskelegare å gjennomføra ein sosialistisk revolusjon i Vest-Europa enn i Tsar-Russland. Han har så langt fått heilt rett. For at ein sosialistisk revolusjon skal kunne gjennomførast i våre land må det oppstå ein revolusjonær situasjon som følgje av ei altomfattande samfunnsmessig krise, som anten vart skapt av ein djup økonomisk depresjon eller krig. Det let seg ikkje gjera å skapa ein revolusjonær situasjon — ei heller kan eit kommunistisk parti, som manglar innverknad blant massane, løfta seg opp med håret. Det siste oppsvinget i landa våre, dvs. frå 1968, var delvis innført utanfrå på grunn av impulsane frå Indokina-krigen, Kulturrevolusjonen og den Store polemikken mellom KKP og SUKP — og ikkje i første hand ei følgje av drastisk skjerpa klassemotseiingar i Noreg og Sverige. Det innebar at då den internasjonale kommunistiske rørsla vart råka av motgangar på slutten av 1970-talet, først i form av kløyvinga mellom KKP og AAP i 1977 og seinare i form av gjenopprettinga av kapitalismen i Kina og Albania, desillusjonerte kommunistiske kadrar både i Sverige og Noreg og endte opp med å kasta ut barne med badevatnet, dvs. forkasta maoismen i det heile tatt. Dei som forlèt rørsla hadde ikkje noko problem med å finna retrettvegar.

For det andre er det viktig å driva ideologiske og politiske studium i ein kommunistisk organisasjon. Både Stalin og Mao Zedong påpeika trongen til å studera, både organiserte studium og sjølvstudium. Mao Zedong, som sjølv studerte til siste slutt, sette det ein gong på spissen og sa at dei leiande kadrane i det minste måtte kjenna til skilnaden mellom idealisme og materialisme. Når eit parti sluttar å organisera studium, bruker det å vera eit teikn på at partiet har byrja å forfalla. Det er derfor Oktoberforlaget — og dimed KAF — legg så stor vekt på å gje ut dei verka av Mao Zedong som ikkje har vore gjevne ut på svensk før, så vel som å gje ut andre klassikarar på nytt. Naturlegvis må ikkje studiearbeidet føra til at partiet forfell til ei «trena kadrar»-linje, som skil partiet frå massearbeidet.

For det tredje må maoistar i Sverige og Noreg ikkje berre kjenna til den internasjonale kommunistiske rørsla si historie, først og fremst Kominterns, men også kjenna til den heimlege kommunistiske rørsla si historie, og læra av framgangane og feilane til denne. Visse lærdommar er heilt enkelt kulturspesifikke, og ingen kjente betre til desse enn forgjengarane våre. Derfor har Oktoberforlaget gitt ut «Den sanna historien om de svenska kommunisterna», som inneheld dokument som speglar verksemda til den kommunistiske rørsla i Sverige heilt frå 1921. Det finst sikkert mykje å læra frå både AKP og NKP (fram til 1956) i Noreg. Den maoistiske rørsla i Sverige og Noreg byrjar ikkje frå grunnen av.

For det fjerde er det naudsynt at kommunistar tenkjer sjølvstendig. Grunnen til at den kinesiske revolusjonen kunne lykkast var at Mao Zedong og KKP lykkast i å overføra marxismen-leninismen på de konkrete kinesiske forholda. Grunnen til at ein rad kommunistparti i t.d. Vest-Europa slavisk tok til seg Khrustsjovs revisjonisme i 1956 — og berre nokre få medlemmar gjekk mot straumen — var at dei ikkje kunne tenkja sjølv, men leid av autoritetstru. Det same gjentok seg etter Deng Xiaopings maktovertaking i KKP etter Mao Zedongs død. Det overveldande fleirtalet både i SKPs partileiing og blant partikadrane evna ikkje å gjennomskoda Deng Xiaopings politikk, noko som til slutt førte til at partiet vart likvidert.

For det femte uthald og tolmod. Dette følgjer av det første punktet om føresetnadane for revolusjonen i Vest-Europa. Det var ikkje tilfeldig at «Den dumme gamle oldinga som flytta fjella» var med i KFMLs første studiesirkel. Den handlar om ein gammal man som har sett føre seg å grava bort to fjell. Nå han vert kritisert for dette prosjektet, svarer han at: «Når eg døyr, kjem sønene mine til å halda fram, og når dei dør kjem sonesønene mine og så deira søner og sonesøner til å gjera det og så vidare i all æve. Fjella er høge, men dei kan ikkje verta høgare, og for kvar bit vi grev bort, kjem dei til å verta litt lågare. Korfor skulle vi ikkje klara å fjerna dei?» Denne fabelen gjenfortalde Mao Zedong i avslutningstalen sin på KKPs kongress i 1945, berre fire år før den endelege frigjeringa av Kina. Han ville enno understreka trongen for uthald og tolmod. For den revolusjonære rørsla i Sverige og Noreg er det som regel høgrefaren som er hovudfaren, noko historia også har syna oss. SKP i Sverige vart likvidert av ei høgreretning, som var inspirert av Deng Xiaoping. Denne faren følgjer av dei materielle vilkåra i Sverige og Noreg, den borgarlege ideologien sitt hegemoni og alle retrettvegane som dermed objektivt sett byr seg til alle revolusjonære. Ein kan finna massar av faneflyktningar.

«Venstre»opportunismen, som berre er venstre i form men høgre i innhald, utgjer sjølvsagt ikkje noko alternativ til høgreopportunismen. Venstreopportunistane ser alltid etter snarvegar, då dei er drivne av ønsketenking og utmerker seg ved manglande uthald og tolmod. Det seinaste tilskotet til dette straumdragen er gonzalismen, som hevdar den infantile teorien om at folkekrigen er allmenngyldig trass i at dette står i strid med kva alle dei marxistiske klassikarane alltid har hevda. Likevel har dei mage til å kalla seg maoistar. Det einaste til skil venstreopportunistar frå høgreopportunistar er at dei førre i det minste ønskjer revolusjon, men dei skaper berre same røre som høreopportunistane, for å seia det med Mao Zedong.

Sist og til slutt, massekampen og konkrete granskingar. Etter SKPs kongress i 1976, då den gamle partihøgresida hadde lidd nederlag, stilte den nye partileiinga den interne parolen «Foreina eit revolusjonært massearbeid med ein framskriden ideologisk kamp!» Det var ei god innretning. Ein kommunistisk organisasjon kan ikkje berre driva massekamp — ei heller kan han berre driva framskriden ideologisk og teoretisk kamp. Han må gå på to bein, uansett kor liten han er. Elles er faren stor for at organisasjonen forblir ein sekt. Med massekamp meiner ein å støtta opp under, utløysa og freista å leia kampane på arbeidsplassane og i bustadområda. Med massekamp meiner ein ikkje først å fremst å mala grafitti i gangtunnelar og hengja opp banner på bruer, som gonzalistane i Europa har spesialisert seg på. Dei einaste som vert imponerte av dette er andre gonzalistar. Trongen for å gjennomføra konkrete granskingar følgjer av trongen for å tenkja sjølv. Det er aldri mogleg å mekanisk overføra røynsler, parolar og handlingslinjer frå eitt land til eit anna, ikkje eingong mellom Sverige og Noreg, land som trass alt er så like når det gjeld språk, kultur og samfunnsforhold.

Rickard B. Turesson

28/9 2023

Noter

Noter
1 Laugssosialismen var ei sosialistisk retning frå tidleg på 1900-talet, som tok til orde for å eit økonomisk system grunna på sjølvstyrte grupper av arbeidarar, modellert etter det mellomalderske laugsvesenet.
2 Sveriges Kommunistiske Parti. Gjennom historia har det eksistert fleire parti i Sverige med dette namnet — her vert det vist til partiet som vart stifta i 1973 med utgangspunkt i KFML.
3 Kommunistiska Förbundet Marxist-Leninisterna
4 Se ”Om motsättningar”, Mao Zedong om filosofiska frågor. Oktoberförlaget 2016, sid. 69 -70
5 https://www.akp.no/ml-historie/pdf/internasjonalen/index.html
6 Altså: den demokratiske (borgarlege) revolusjonen må gjennomførast før den sosialistiske revolusjonen kan setjast på dagsorden. –T.B.
7 Se följande artikel av Greger Bogården 1978: https://marxforum.se/index.php/2021/07/08/vilka-metoder-anvander-revisionister-for-att-ta-makten-i-ett-kommunistiskt-parti/ –RBT.
8 Se ”Den sanna historien om de svenska kommunisterna”, Oktoberförlaget 2020, sid. 245 -254 eller https://marxistarkiv.se/sverige/kfml-skp/ska/ska-82-verksamhetsberattelse.pdf
9 KPS, Kommunistiska Partiet i Sverige, var en pro-albansk organisation, men som stod mycket nära SKA i de praktiska klasskampsfrågorna i Sverige. Deras medlemmar var dock egentligen ännu mer desillusionerade än SKA:s medlemmar. –RBT
10 Nya Arbetartidningen fungerar fortfarande som webbplats – http://www.nat.nu/typo3/startsida/  – och den blogg – http://nyaarbetartidningen.bloggplatsen.se/ , som är knuten till webbplatsen, är aktiv.
11 https://marxforum.se/index.php/2021/07/07/gors-revolution-utifran-etiketter/
12 ”Leninismens problem”, Förlaget för litteratur på främmande språk Moskva 1952, sid. 161 – 177).
13 Marxist Forum nr 1/2017.
14 Anfört arbete.
15 Anfört arbete.
16 Brev till Schmidt 1890.
17 Perus Kommunistiske Parti, 1988. «Om Marxismen-Leninismen-Maoismen». I Grunnlaget for partiets enhet. Norsk oversettelse 2019, Forlaget Røde Fane, side 80-81. –T.B.
18 Peking Review 1 juli 1966 – https://www.marxists.org/subject/china/peking-review/1966/PR1966-27a.htm I samma artikel uttalar sig – eller citeras – tre ledande medlemmar i KKP, nämligen Liu Shaoqi, Lin Biao och Deng Xiaoping, om vikten av Mao Zedongs tänkande, samtliga senare motståndare till Mao Zedongs huvudlinje.
19 Mobo Gao: “The Battle of China´s Past”, Pluto Press 2008, sid. 105.
20 https://www.bannedthought.net/China/MaoEra/Foreign-General/Albania/ZhouEnlai-Albanians-Conversation-1962-0627.pdf
21 https://www.bannedthought.net/China/Individuals/MaoZedong/Letters/Mao’sLetterToJiangQing-660708-Alt3.pdf
22 https://www.marxists.org/svenska/lenin/1913/03.htm
23 Se “Classical Works Recommended To High-Ranking Cadres” (1960) – https://www.marxists.org/reference/archive/mao/selected-works/volume-8/mswv8_56.htm . Observera att Mao Zedong inte ens rekommenderar “Kapitalet” till ledande kader.
24 ”Den sanna historien om de svenska kommunisterna” Oktoberförlaget 2020, sid. 128
25 ”Den sanna historien om de svenska kommunisterna”, Oktoberförlaget 2020, sid. 132 – 205
26 https://marxistarkiv.se/sverige/kfml-skp/ska/ska-principprogram.pdf
27 Anfört arbete.
28 https://arbetarforeningen.se/utkast-till-principprogram/

One comment

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *