Kva er våre oppgåver i krisa?

Dette er en signert artikkel. Vi holder nettsidene våre åpne for revolusjonær marxistisk debatt. Signerte artikler uttrykker forfatterens eget synspunkt. Dette kan avvike noe fra synspunktene til RK eller redaksjonen.


Av Espen S.

«Alt under himmelen er i den største uro; stoda er utmerkt.»

Mao vert ofte rekna som opphavsmannen til sitatet ovanfor. Det er vanskeleg å stadfesta om han sa akkurat dette, men det er likevel passande for stoda til revolusjonære i Noreg nett no. I Noreg så vel som i resten av Europa pågår det ei energi- og priskrise. Noreg i ei litt spesiell stilling i denne krisa, då vi sidan slutten av sekstitalet har vore nettoeksportør av energi. Olja er vårt største eksportprodukt, og etter at Russland slutta å skipa ut gass til Europa, har Noreg også blitt den største utskiparen av gass til resten av Europa.

Noregs tilverking av vatnkraft er stor nok til å halda landet meir eller mindre sjølvforsynt. Vatnkrafta kan tilverkast billeg og nestan utan utslepp, og er av stor interesse for europeisk industri. Nesten all strømtilverking i Noreg er eigd av staten eller kommunane. Av desse grunnane har strømmen pleidd å vera forholdsvis billeg i Noreg – eit velferdsgode for befolkninga og eit konkurransefortrinn for norske kapitalistar, særleg i dei kraftkrevjande næringane (slik som aluminiumsindustrien).

Noreg er tett innvevd i EU sin økonomi gjennom EØS, og har særleg sidan 2018 vore innlemma i den felleseuropeiske strømmarknaden. Mellom anna har Noreg bygd fleire nye kablar for kraftutveksling til England, Tyskland, Polen osv. Til følgje har strømprisane vore nærma seg det generelle europeiske prisnivået (dei som påstår at «Putin» er einaste årsak til dei høge strømprisane må anten ha kort minne, eller driv med lureri). Prisforskjellen var merkbar allereie før Tyskland starta å stengja atomkraftverka sine, og Russlands krig mot Ukraina. Strømprisane i Europa er tett samanvevde med gassprisen, og Russland leverte 40% av gassen til Europa før krigen.

Dei som påstår at «Putin» er einaste årsak til dei høge strømprisane må anten ha kort minne, eller driv med lureri.

Den store auka i strømprisane har ført med seg stor uro både hjå folket og kapitalistane. Staten (som tener fett på si stilling som største strømprodusent) betaler no nitti prosent av strømkostnadane til privathushald over ei viss grense. Dette lettar byrden for mesteparten av befolkninga. Dette er mogleg i Noreg, som står i ei spesiell stilling i energikrisa — stoda er verre i Europa, kor dei fleste landa er nettoimportørar av strøm.

Ein skulle trudd at eit rikt land som Noreg ville klara å stå imot stormen utan at befolkninga merkte stort. Tvert om aukar staten styringsrenta for å auka arbeidsløysa, sidan etterspurnaden etter arbeidskraft også aukar prisen på arbeidskraft (dette varierer sjølvsagt frå bransje til bransje — det er mange som slett ikkje merkjer på lønna at etterspurnaden på arbeidskraft har gått opp). Som vi veit, er det slik at når prisen på arbeidskraft går opp, vert det mindre profitt til kapitalistane. Samtidig er prisstigninga høg, slik at den relative fattigdommen aukar. Og sjølv om staten betaler ein del av strømkostnadane til folk — dette har stilna dei sosiale spenningane til ein viss grad — er kostnadane enno langt høgare enn dei var inntil nyleg.

Det er mange som slett ikkje merkjer på lønna at etterspurnaden på arbeidskraft har gått opp.

Blant våre viktigaste oppgåver akkurat no er:

1. Å spreia ekte anti-imperialistisk propaganda så breitt og djupt som råd. Å fordømma planane til båe dei imperialistiske blokkane (USA/EU på den eine sida, Russland/Kina på den andre). Å trøytteslaust kjempa mot NATO-propagandaen som har vore nær einerådande etter Russlands invasjon av Ukraina.

2. Å byggja ein arbeidarfront mot dyrtida. Å nekta borgarskapet å bruka Ukraina-krigen som lynavleiar for å trekkja merksemda bort frå sosiale spenningar i Noreg.

Les også:

Ta fatt på arbeidet!

Akkurat no står dei subjektive kreftene for revolusjon relativt svakt i Noreg.[1]Her definerer vi «dei subjektive kreftene» som kommunistane og eit proletariat som kjempar for dei langsiktige klasseinteressane sine. Først og fremst manglar vi eit ekte, revolusjonært kommunistparti. Stoda er likevel ikkje heilt mørk, og på nokre punktar fordelaktig. I motsetning til før 2007 (då AKP la seg ned) finst det ikkje noko revisjonistisk parti som forkler seg som revolusjonært, og dermed skuggar for innsatsen til verkelege revolusjonære. Det revisjonistiske NKP manglar massestøtte, og er i verkelegheita ikkje noko hinder.

Dei objektive forholda for å byggja ei revolusjonær rørsle er betre enn på lengje. Det gjeld å ta fatt på arbeidet.

Noter

Noter
1 Her definerer vi «dei subjektive kreftene» som kommunistane og eit proletariat som kjempar for dei langsiktige klasseinteressane sine.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *