Ukraina-krigen: konsekvensar for revolusjonære i Noreg

image_pdfimage_print

Dette er en dagsaktuell kommentar fra redaksjonen for nettsida maoisme.no. Innlegget skal ikke leses som et offisielt standpunkt fra Revolusjonære Kommunister.

Av Espen S.


Dette er ein freistnad på å trekkja nokre politiske konklusjonar etter Russlands invasjon av Ukraina, og kva konsekvensar det får for revolusjonær organisering i Noreg. Dei følgjande punkta må reknast som innspel i ein debatt:

1. Russlands åtak på Ukraina er eit klårt brot på ukrainarane sin rett til å styra seg sjølve, og representerer den russiske imperialismen sin freistnad på å oppretthalda hegemoni i Aust-Europa. Vi må taka stilling for ukrainarane sin rett til å styra seg sjølve, for vanlege russarar som protesterer mot krigen, mot russisk okkupasjon i Russland og mot vidare NATO-ekspansjon i Aust-Europa.

2. Russlands invasjon endrar ikkje noko på kjensgjerninga at det stadig er USA som er hovudfienden av folka i verda. Det er USA-imperialismen som har flest basar i utlandet, som har starta flest krigar, som har støtta flest kupp i undertrykte land, og som tener mest på utbyting både av andre land og dei interne koloniane.

3. Når vi tek stilling mot russisk imperialisme, er det ikkje eit standpunkt for amerikansk imperialisme. Tvert om held vi fast på at det er vår særlege plikt som kommunistar i Noreg å kjempa mot norsk og US-amerikansk imperialisme. Karl Liebknechts parole om at hovudfienden er i vårt eige land, er enno korrekt.

4. Det pro-amerikanske norske borgarskapet vil halda fram med å utnytta krigen til sine eigne propagandaføremål. På det openberre nivået, for å auka oppslutninga rundt norsk NATO-medlemsskap og for «out of area»-operasjonar. Men også som «lynavleiar» for å retta merksemda bort frå innanrikspolitiske kriser og misnøye.

5. Tysklands avslutning av Nord Stream 2-prosjektet, og dei økonomiske sanksjonane mot Russland, gjer at EU-landa mistar tilgang på billig, russisk gass. Dette vil for det første gjere at strømprisene i Europa stig på kort sikt, og dessutan leggja til rette for auka norsk krafteksport. Dette vil påverka prisane her heime, då Noreg er heilt integrert i den felleseuropeiske strømmarknaden. Det er også meldt at matvareprisar kjem til å auka[1]Nina Lorvik, 24. februar 2022 i Nettavisen Økonomi: https://www.nettavisen.no/okonomi/ukraina-krisen-gir-massiv-prisokning-pa-matvarer-en-svart-alvorlig-situasjon/s/5-95-399526.

6. Som følgje av den uunngåelege strøm- og matprisauken, er det sannsynleg at massane vil forsvara velferda si og stilla krav om priskontrollar. Det er umogleg å seia nøyaktig kva form desse krava vil ta, og kva slags kampmetodar som vil nyttast. Vi kan venta oss at krava startar som spontane massemobiliseringar, som deretter vert teke over av dei reformistiske organisasjonane og ført inn i former som er ufarlege for kapitalen.

Vi kan også venta oss at den mest pro-amerikanske fløya av det norske borgarskapet vil nytta priskrisa til å propagandera for ein konfrontasjonslinje mot Russland, av typen «vinn krigen for å få slutt på krisa».

7. Vi må gi vår fulle støtte til massane sin kamp for å forsvara levekåra sine, og jobba for å heva kampen for priskontroll til ein kamp for revolusjon og sosialisme. Samstundes må vi føra ein kompromisslaus kamp mot dei som vil utnytta krisa som påskot for auka krigshissing mot Russland.

8. I den komande tida bør vi gi særleg vekt til dei følgjande oppgåvene:

å avsløra USA-imperialismen som hovudfienden av folka i verda;

å propagandera mot norsk deltaking i NATO-opprustinga i Aust-Europa;

å visa solidaritet med aktivistar og politiske fangar i Russland som kjemper mot sitt eige lands imperialisme;

å kjempa mot anti-russisk sjåvinisme;

å propagandera mot norsk medlemsskap i NATO;

å få fram på mest mogleg pedagogisk måte at all krig utanom folkekrig er mot interessane til klassen vår;

å organisera folks misnøye mot aukande prisar;

å jobba mot at reformistane får hegemoni i protestrørslene som veks fram;

å heva kampen mot konsekvensane av svingingar i marknaden til ein revolusjonær kamp mot sjølve det kapitalistiske systemet og for raud makt.

Noter

Noter
1 Nina Lorvik, 24. februar 2022 i Nettavisen Økonomi: https://www.nettavisen.no/okonomi/ukraina-krisen-gir-massiv-prisokning-pa-matvarer-en-svart-alvorlig-situasjon/s/5-95-399526

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.