SMÅPRODUKSION OG STORINDUSTRIKAPITAL

image_pdfimage_print

Denne teksten er en del av en kategori vi har hvor vi samler utdrag av tekster fra «de fem store» (Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao) hvor de skriver om klasse.

Vi i Revolusjonære Kommunister ønsker å gjøre revolusjonær teori lett tilgjengelig for alle. En del tekster er tidligere publisert og ligger tilgjengelig på f.eks. de gamle arkivsidene til AKP og Tjen Folket. Vi vil re-publisere disse tekstene på vår side, slik at de ikke går tapt, dersom disse gamle arkivsidene blir nedlagt, eller av andre grunner slutter å fungere. En annen grunn er at tekstene gjerne har en del feil og mangler. Spesialtegn er i en del tilfeller blitt feil, og sitater er ikke typografisk merket som sitater. Vi har tatt oss friheten til å gjøre enkelte typografiske oppdateringer sammenlignet med tidligere publiserte utgaver. Vi har f.eks. lagt til dynamisk innholdsliste, oppdatert fotnoter og enkelte steder erstattet bibliografiske referanser i fotnoter til å legge referansene direkte under i egne sitatblokker. Vi har også i enkelte tekster lagt inn utdragsitater for å fremheve sentrale poenger i tekstene og vi har rettet enkelte skrivefeil. For bøker og lange artikler vil vi også legge ut ePub versjoner slik at disse kan leses på digitale lesebrett m.m.

Frå «Ein karakteristikk av økonomisk romantikk», 1897.

Idealiseringa av småproduksjonen berrlegg eit anna typisk drag ved romantisk og narodnisk[1]narodnisk — etter narodniki, folkevenene, ei småborgarleg, anarkistisk revolusjonær rørsle i den russiske intelligensiaen på slutten av 1900-talet. Rørsla vende seg mot marxismen. Lenin sin … Continue reading kritikk, nemleg den småborgarlege karakteren han har. Vi har sett at dei franske og russiske romantikarane er samstemde om å omsnu småproduksjon til ei «samfunnsorganisering», til ei «produksjonsform», og setja han opp som kontrast til kapitalismen. Vi har og sett at å setja det eine opp som kontrast til det andre slik, ikkje er noko anna enn eit uttrykk for ei over lag overflatisk forståing, at det er å dra kunstig og rangt fram ei form for vareøkonomi (storindustrikapital) og fordøma ho, og samstundes idealisera på utopisk vis ei anna form av den same vareøkonomien (småproduksjon). Vanheppa for både dei europeiske romantikarane frå fyrstninga av det nittande hundreåret og for dei russiske romantikarane frå slutten av det nittande hundreåret er at dei finn opp for seg sjølv ein slags abstrakt småproduksjon som eksisterer utanfor produksjonstilhøva i samfunnet. Og dei ser bort frå den småtingen at denne småproduksjonen i røynda eksisterer i ein omgjevnad av vareproduksjon — dette gjeld både småøkonomien på det europeiske kontinentet i 1820-åra og den russiske bondeøkonomien i 1890-åra. I røynda er småprodusenten, som romantikarane og narodnikane set på pidestallen, derfor ein småborgar som eksisterer i dei same antagonistiske motseiingane som alle andre medlemer av det kapitalistiske samfunnet. Og han verjar og om interessene sine ved hjelp av ein strid som på den eine sida skapar eit lite mindretal av storborgarar heile tida, og på hi sida driv fleirtalet inn i rekkjene til proletariatet. I røynda finst det, det ser og veit alle, ingen småprodusentar som ikkje står mellom desse to motsette klassane, og det er denne mellomstillinga som naudsynleg avgjer den særskilde karakteren til småborgarskapet, dobbelkarakteren det har, at det vender andletet to vegar, at det vert drege mot det mindretalet som har kome velberga ut av striden, at det er fiendsleg innstilt til »taparane», dvs. fleirtalet. Dess meir vareøkonomien utviklar seg, dess sterkare og kvassare står desse eigenskapane fram, og dess meir berrsynt vert det at idealiseringa av småproduksjonen berre gjev uttrykk for eit reaksjonært småborgarleg synspunkt.

(….)

Spørsmålet er: kva er då grunnlaget for at han vert skildra som ein småborgar? Grunnlaget er at han ikkje skjønar sambandet mellom småproduksjonen (som han idealiserer) og storkapitalen (som han går til åtak på). Grunnlaget er at han ikkje ser at den kjære småprodusenten hans, bonden, i røynda vert ein småborgar. (. . .)

Frå «Ein karakteristikk av økonomisk romantikk», skrive våren 1897.

Omsett etter Lenin: Samla verk (engelsk utg.), b. 2, s. 220-221 – https://www.akp.no/ml-historie/pdf/rode_fane/1976/rf_1976_02.pdf

Noter

Noter
1 narodnisk — etter narodniki, folkevenene, ei småborgarleg, anarkistisk revolusjonær rørsle i den russiske intelligensiaen på slutten av 1900-talet. Rørsla vende seg mot marxismen. Lenin sin strid mot teorien og politikken deira var svært viktig for at marxismen vann fram i Russland

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.