NDFP: Korfor Kina ikkje er sosialistisk

image_pdfimage_print

Dette er ei omsett utgåve av ein leiarartikkel i Liberation, det offisielle organet til Filippinanes Nasjonaldemokratiske Front (NDFP). Den opphavlege artikkelen kan lesast på engelsk på nettsida til NDFP.


Fram til i dag, og sannsynlegvis i fleire tiår framover, hevdar Kina å ha ein «fremskreden sosialisme med kinesiske trekk». Men sjølv for vanlege turistar i Kina, er det den raske vendinga i kapitalistisk lei som gjer inntrykk på dei.

Dette store landet, som vart skipa som folkerepublikk under Mao Zedong for sytti år sidan, var eit skinnande bilete for verdas revolusjonære og proletariatet, omfatta dei i Filippinane. Kina inspirerte millionar, medan dei omdanna seg sjølv frå eit bakvendt, halvføydalt og halvkolonialt land til eit progressivt sosialistisk land.

Men straks etter at Mao døydde, lydde revisjonismen sin sure låt; han reiv systematisk ned sosialismen og gjeninnførte kapitalismen. No er Kina ei raskt stigande imperialistmakt som tevlar med USA, som har vore åleine som supermakt etter at Sovjetunionen fall saman mot slutten av åttitalet.

Kva har så skjedd med sosialismen? Den vart verande i Kina «berre i ord og ikkje i dåd». Det kinesiske «kommunistiske» leiarskapet har vorte meistrar i å tala med to tungar. Dei gøymer seg bak sosialistiske slagord, men dei samarbeider skamlaust med kapitalistmakter samstundes som dei skipar sin eigen sort monopolkapitalisme.

Det første revisjonistane gjorde, nokre få år etter at Mao døydde, var å grundig hetsa den Store Proletære Kulturrevolusjonen. Dette gjorde dei i så stor grad at fram i dag er det få skrifter, særleg i det kulturelt innverknadsrike «Vesten», som skriv om Kulturrevolusjonen utan drøye åtak mot han.

Om ikkje det var for det sigrande kinesiske leiarskapet sitt dobbelskap og maktbruken deira mot røynlege kommunistar, ville alle folk i verda ha sett Maos teori om å føra revolusjonen vidare (som i Kulturrevolusjonen) halda fram med å gjera sprang, fornya og utvikla ikkje berre Kina, men kanskje også resten av verda, langs sosialistiske liner vi aldri har sett maken til i soga.

Kulturrevolusjonen var dei kinesiske kommunistane sitt strev for å sikra at det var proletariatet og folket som herska (ikkje berre i namnet); at dei faktiske eigde, styrte og rettvis delte nasjonen sin produksjon og rikdom. Kulturrevolusjonen var lagt opp som ein landsdekkjande motvekt mot revisjonismen, mot ymse former for tilbakevending av at ein klasse utsuger ein annan — anten utsugarklassen vert kalla kapitalistar som i «Vesten», eller partipampar, byråkratar og slektningane deira som i Kina.

Dei stadige åtaka mot Kulturrevolusjonen, og herredømet åt det tosidige kinesiske leiarskapet, syner på ein og same tid dei ovstore moglegheitene og tragedien i kampen åt proletariatet. Moglegheiter, av di det er den sosialistiske oppbygginga i Kina som har gjort den raske framgangen deira mogleg. Tragedie, av di framgangen vart stogga for tidleg sjølv om Mao frå tidleg av hadde lagt vekt på at revolusjonen stadig held fram.

Vi hev alle sett, eller vaklar enno frå, den utsugande og dødelege leien åt imperialismen. Kor mykje meir håpefull og skinnande hadde ikkje morgondagen vår vore, om dei revolusjonære kampane våre heldt fram medan eit sant kommunistparti og eit sosialistiske Kina enno stod rakrygga. Slik ting er no, skuldar vi åt oss sjølv og framtida vår å retta opp den historiske uretten mot Kulturrevolusjonen, medan vi held fast i revolusjonær kamp for å fri oss frå kapitalistisk utbyting.

For mange er kapitalismen eller imperialismen lett å få auge på overalt. Men imperialismen som «sosialisme med kinesiske trekk?» Folka i verda har høyrd eller lese om alt rusket som vert sagt og skrive om kommunismen. Lat oss ikkje leggja meir på lasset ved å kalla Kina i dag for «kommunistisk».

For einkvar lesar som har gått seg vill i Kina si overgang til kapitalismen; her er nokre få kjenneteikn på kommunismen. Jamfør desse med røynda i Kina i dag, og vi kan sjå klart at den kinesiske leinga ljuger gjennom tennane sine om å vera kommunistisk.

1. Kjerna i sosialismen er felles eige av produksjonsmidlane.

Mesteparten av landet og dei strategiske industriane vart gjort til felles eige, styrt av Staten eller av folkets kollektiv. Men revisjonistane har snudd om på mange viktige ting. Dei har oppløyst kollektivt landeigarskap, saman med kollektiv dyrking og styring. Dei har delt opp kommunane, gjort dei livlause, og overført ansvarsområda deira stykkevis til einskilde familiar. Den revisjonistiske Staten har stengt ned eller selt mange statlege føretak. Privatisering, liberalisering, avregulering — alle nyliberale tiltak — har fått frie tyglar til å få fotfeste i kinesisk jordbruk og industri.

2. Arbeidarleiarskap er grunnleggjande i eit sosialistisk samfunn.

Likevel har Kinas Kommunistiske Parti, som leiar Staten, vorte eit parti styrt av borgarskapen. Lenge før dei let kapitalistar — tilogmed nybakte milliardærar — verta partimedlemmar, hadde partikadrane sjølv allereie vorte byråkrat kapitalistar. Dei stikk hendene sine ned i statskassa, nyter og deler ut særgodar og deltek i brotsverk og korrupsjon. Medlemsskap i Partiet har vorte ein vare, med svære utbetalingar særleg hjå byråkratknektar og milliardærar. Desse byråkratane trivst godt i den monopolkapitalistiske ordninga.

3. Offentlege tenester og sosiale tiltak er til det felles beste.

Desse vert lagt vekt på i eit sosialistiske samfunn. Men under det revisjonistiske styret, har det vorte innført kraftige kutt innanfor lønningar, mat, utdanning, helse, boligar osv. Innflytting til byane har skutt i véret, ettersom dei landlause, frårøva og arbeidsslause utflyttarane frå den svære kinesiske bygda samlar seg i byane og ser etter jobbar. Produktivitet har vorte sett ovanfor velferd og jobbtryggleik. «Retten til å streika» har tilogmed vorte teke ut av grunnlova.

4. Sosialistiske og revolusjonære verdiar herskar i kulturen.

Men minnane om Kinas sosialistiske revolusjon, så vel som dei i andre land, har vorte knust nådelaust. Det er i gong freistnadar på å omskriva og forvrenga marxismen-leninismen-maoismen. Den ånden av revolusjonært samhald og samstrev som tidlegare sto høgt, har no mista rang.

5. Sosialismen forpliktar oss til å hjelpa dei fattige og undertrykte landa og folka, for nasjonal og sosial frigjering.

Men det er ikkje i denne ånda at Kina i dag utskipar kapital, gir bistand og lån til nasjonar. Langt frå den internasjonale samhaldsånda, har Kina no vorte ein av dei største utlånarane i verda. Dei nyttar makta si for å samla profitt, påverka og blanda seg inn i andre lands saker, for å fremja Kina sine imperialistiske mål. Dei utviklar seg i aukande grad til ein stor militærmakt for å verna og fremja sine imperialistiske interessar. Dei aukar innverknaden og herredømet sitt i mange delar avverda, og tevlar meir og meir aggressivt med andre stormakter for marknadar og områder.

Kriser byggjer motstand!

Sjølv om proletariatet i Kina og resten av verda har møtt dette store tilbakeslaget, er det ei vitskapleg kjensgjerning på lang sikt, at «kapitalismen grev sin eigen grav». Den kapitalistiske-imperialistiske ordninga sine ibuande motseiingar har ført fram gjentekne kriser som den ikkje kan halda fram med å unngå, utsetja, eller enda verre, ufarleggjera ved å kalla dei med galt namn.

Desse krisene, som har vorte verre i kvar påfølgjande runde, avlar naturleg fram motstand. Trass i undertrykking og sensur frå Kinas kapitalistfararar, til dømes, held massane fram med å gjera motstant på bygda så vel som i byane. Tidsnok vil Maos usviktande tru på massane vinna fram, og snu vinden i sosialistisk lei.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.