Russland og USA, ut av Ukraina!

Standpunkt frå leiinga i Revolusjonære Kommunistar (RK), saman med redaksjonen for maoisme.no.

Morgonen 24. februar starta Russland ein full invasjon av Ukraina. Dette skjer knappe to dagar etter at Putin har anerkjent «folkerepublikkane» Donetsk og Luhansk i Donbass, Aust-Ukraina. Invasjonen markerer eit kvalitativt skifte i Russland-Ukraina-konflikten. Fram til no har Russland hatt eit påskot om at dei berre vil «forsvara» dei sjølvstendige republikkane mot ukrainsk invasjon. Den russiske innblandinga, som heile vegen har hatt ein imperialistisk karakter, har no blitt til full åtakskrig.

Vi fordømmer den russiske invasjonen, som er eit klårt brot på det ukrainske folkets rett til sjølvbestemming. Russlands narrativ om at dei forsvarer «folkerepublikkane» Donetsk og Luhansk mot ukrainsk aggresjon, og at dei kjempar for avnazifisering i Ukraina, er lite anna enn propaganda. Russland kjemper for å oppretthalda sitt hegemoni i Aust-Europa, og har dei same imperialistiske motiva som den amerikansk-leia blokken.

Samtidig fordømmer vi USA og NATOs opptrapping i Aust-Europa, som har pågått utan avbrot siden Berlinmurens fall. Etter NATOs løfte til Gorbatsjov om at NATO ikkje ville ekspandera forbi grensene til Aust-Tyskland, har NATO utvida seg med 14 nye medlemsland, kor fleire var tidlegare medlemmar av Warzawa-pakten. Etter Russlands opptrapping mot den ukrainske grensa i desember i fjor, har NATO nekta å gi garanti for at Ukraina aldri vil bli tatt opp som medlem av NATO.

Det norske borgarskapet kjem til å nytta den russiske invasjonen som eit ideologisk våpen både for å styrka oppslutninga om NATO, og for å avleia opprørstrongen til massane her heime, som har ulma sidan strømprishoppet i vinter. Vi finn eit illustrerande døme i eit innlegg frå Elias Eide, publisert i Bergens Tidende 22. februar, kor han kritiserer «venstresida sin NATO-naivitet» og spør «kvifor [det er] heilt stille frå dei» (eit tvers igjennom falskt klagemål).[1]https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/L5BQX1/venstresida-sin-nato-naivitet Denne ideologiske krigen frå dei borgarlege partia mot NATO-motstandarane vil berre auka dei neste dagane og vekene. Det er heilt avgjerande at norske kommunistar, antiimperialistar og fredsrørsla står samla på det rette politiske grunnlaget, og er budde på å slå tilbake den borgarlege NATO-propagandaen.

Noreg er ein del av den USA-imperialistiske blokken. Vårt hovudansvar, som kommunistar i eit imperialistisk land, er å kjempa særleg mot vår «eigen» imperialistiske blokk. Tjen Folket Media har teke eit liknande standpunkt, som vi kan oppsummera slik: fordøm både russisk og amerikansk imperialisme, men kjemp mot vår eigen blokk først og fremst.[2]https://tjen-folket.no/index.php/2022/02/22/russland-sender-styrker-inn-i-ost-ukraina/ Vi sluttar oss til dette standpunktet, og tilrår det som rettesnor for alle internasjonalistar, anttiimperialistar og fredselskande folk i Noreg.

I den interimperialistiske konflikten er det første og fremst det ukrainske folket som taper. Begge dei imperialistiske blokkane i Europa er fiendar av det ukrainske folket. Vi set derfor fram dei følgjande parolane:

Russland ut av Ukraina!
NATO ut av Aust-Europa!
Ingen norske soldatar til Aust-Europa!

Noter

Noter
1 https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/L5BQX1/venstresida-sin-nato-naivitet
2 https://tjen-folket.no/index.php/2022/02/22/russland-sender-styrker-inn-i-ost-ukraina/

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *