Problemet med uttrykket «sexarbeid er arbeid»

Vi har fått løyva til å leggje ut ei omsett utgåva av denne teksten frå den amerikanske maoisten og feministen Esperanza. Esperanza er aktiv i det internasjonale feministiske nettverket AF3IRM, og driv bloggen Proletarian Feminist. På bloggen uttaler ho seg som transkvinne og overlevande frå sexindustrien. Vi vil spreia arbeidet hennar, då det byggjer på førstehands røynsler, og gir oss verdifull innsikt i sexhandelen frå eit proletarisk standpunkt.


Eg ville skriva ein kjapp merknad om problema mine med uttrykket «sexarbeid er arbeid». Dette er eitt av dei mest vanlege retoriske verktøya åt dei som vil utvida sexhandelen. Eg ser stadig oftare folk svara på kvar kritikk mot sexbransjen ved å utbryta «sexarbeid er arbeid!» Det er som om dette enkle uttrykket, om det er sant, skal orsaka sexindustrien frå all kritikk, og at det liksom skal formidla eit heilt sett av politiske tiltak vi må taka opp. For å byggja opp eit proletarisk-feministisk synspunkt på sexbransjen, er det avgjerande å motprova desse tomme plattheitene og slagorda.

Teoretisk gods

Ordbruk er ofte smidd saman med eit teoretisk standpunkt, slik at å taka opp orda vil seia å taka opp den politiske teorien som ligg bak. Aktivistar gjer ofte dette strategisk, og «sexarbeid er arbeid» er eit sånt uttrykk. Det seier ikkje berre at sexarbeid er arbeid, men tek til orde for ein særleg teori og eit heilt politisk program grunna i denne teorien.

Korleis eit spørsmål vert stilt, set ofte rammene for korleis ein skal svara. Spørsmålet om kor vidt sexarbeid er arbeid, vart stilt for å smi saman interessane åt sexarbeidaren med industrien. Problemet er sjøvlsagt at denne samansmeltinga er heilt overflatisk, av di interessane åt sexarbeidaren er rakt motsett av interessane åt halliken og kjøparen. «Sexarbeid er arbeid» kjem dimed til å handla om å verna om interessane åt sexindustrien, og i mindre grad om å verna om kvinner som vert tvungne og pressa inn i prostitusjon.

Eg vil tala for at dette ikkje handlar om kor vidt prostitusjon er arbeid, og at det er betre å stilla spørsmålet «kva er varen som vert kjøpt og selt, og kva følgjer får denne kommersialiseringa for kvinner og skeive i klassen vår?» Deretter talar eg for at «farar på arbeidsplassen», dvs. mannleg vald som valdtekt og bank, er heilt vanlege, ibuande delar av sexhandelen. På grunn av krisene i kapitalismen, kan ikkje valden reformerast ut av sexhandelen. Uttrykket «sexarbeid er arbeid» hev som oppdrag å smi saman interessane åt den prostituterte med halliken sine, kjøparen sine og kapitalisten sine, slik at markedet kan utvida seg. Eg avsluttar med ein kort merknad om reproduktivt arbeid og gjer greie for korfor eg meiner dette uttrykket, og spørsmålet som kom føre det, ikkje kjem saka ved.

Kva er arbeid, og har det noko å seia?

Juno Mac og Molly Smith seier i Revolting Prostitutes at sexarbeid er arbeid fordi «folk sel sex for å få pengar». Argumenta deira krinsar rundt den moralske subjektiviteten åt den prostituerte, og ikkje industrien som heilskap. I heile kapitelet deira om arbeid er argumentet deira grunna på ein ting: vi bør omfamna sexindustrien av di kapitalismen tvingar folk til å selja arbeidskrafta si, og dei som ikkje kan selja arbeidskrafta si sel sex. Men dette tek jo ikkje til orde for sexindustrien, langt ifrå, av di dei peikar på grunnen til at vi må vera mot han: undertrykte kvinner kan ikkje selja arbeidskrafta si på marknaden, så dei må selja kroppen sin og kroppsdelane sine i sexhandelen.

Ein fengsla brannmann i California. Dette er arbeid, og strengt tatt vel desse arbeidarane denne jobben ovanfor andre. Vil det seia at vi bør støtta det, og leggja vekt på den frie vilja åt arbeidaren, heller enn vondskapen åt industrien?

Er fengselsarbeid arbeid? Og har det noko å seia, kor vidt det er arbeid? Eg snakka ein gong med ein lovgivar i California om korleis staten nyttar arbeidet åt fengselsinnsette for å slukka brannar. Ho svara at dei insette valte denne jobben, og likte det. Nyhendejournalistar stadfestar at «mange insette seier også at arbeidet er tilfredsstillande», og ein innsett brannkonstabel sa til og med at «det får deg til å kjennast bra ut inni deg.» Er dette ei orsaking for å nytta fengselsarbeid for å kjempa mot brannar? Nei. Vi skal ikkje støtta noko berre av di det skaper pengar.

Den proletariske prostituerte kan forlata ei einskild kjøpar, men kan ikkje forlata klassen av prostituerte kvinner. Om ho freistar å gå ut, mistar ho levemidlane sine. Dimed vert dei fanga av prostitusjonen ikkje berre i arbeidarklassen, som må selja arbeidskrafta si, men innanfor ein særskild underklasse av prostituerte.

Vi treng ikkje å verna ein industri berre av di noko finst som arbeid, og av di nokre av dei som jobbar i industrien ser ut til å lika det. Og når vi skal avgjera om vi skal støtta ein valdeleg industri som i det store og det heile er bygd opp av kvinner som er tvungen inn i han, er valet klart. Slåst mot industrien, støtt arbeidaren.

Farar på arbeidsplassen, eller mannleg vald?

Radikalfeministar har lenge vorte hetsa for å leggja vekt på farar på arbeidsplassen i prostitusjonen. Det liberale motargumentet er at det finst farar i alle industriar; korfor skal ein skilja ut sexhandelen? Mac og Smith talar for at valdtekt ikkje er eit forhold med prostitusjonen i nokon større grad enn det er for ein massør. Dei seier vi berre trur dette på grunn av «kor djupt trua går om at kvinner som sel sex gir opp alle kroppslege grenser.» Dette er ei grunnleggjande i feil i forståinga av sexindustrien. Som eg har forklart tidlegare, fører motseiinga mellom kjøparen og den kjøpte til ein naudsynt kamp om grenser. Det finst ingen trong for å moralisera her: det er ei kjensgjerning ved handelen.

Mac og Smith stiller det følgjande spørsmålet, langs dei same linjene, som eg vil freista å svara på.

«Om grenser vert meiningslause etter at pengar byter hender, korfor gidd desse reklamane og omtalane å formidla – i sexindustri-språk som er skapt nettopp for å formidla desse detaljane – at Mia sel oralsex med kondom medan Jade tilbyr «oral utan»? Desse detaljane om Mia og Jade sine krav til kondombruk, hadde vorte uvesentlege om samtykket deira faktisk hadde vorte «kjøpt».»

Tanken om at faren for valdtekt ikkje er eit forhold ved sexhandel har alltid framstått som latterleg for meg. Eg brukte å organisera arbeidarar i matbransjen. Det var ikkje omstridt at kokken stod i større fare for å brenna seg enn vertinna. Avdelingskokken står i større fare for å brenna seg, ikkje av di arbeidet hans er moralsk fordømt, men fordi nærleik åt varm olje og varme pannar er ein vanleg del av jobben. Regulering og arbeidslovgiving kan minska faren for å brenna seg noko, men aldri heilt. Eg var med i ein av dei mektigaste fagforeiningane, og trass i alt vernet frå foreininga og arbeidarorganiseringa, brant avdelingskokkane seg likevel. Og dess lågare klasse restaurantarbeidarane er i, dess mindre reguleringar og vern vil dei ha.

Kva har dette å gjera med prostitusjon? Aktivistar talar ofte for at valdtekt ikkje er ein vanleg vare ved jobben; at det berre har å gjera med kriminaliseringa, og at samtykke herskar over tvang. Dei talar for at kjøp og hallikverksemd bør verta avkriminalisert, slik at arbeidslovgiving kan reformera bort faren for valdtekt og vald. Dette er å misforstå industrien.

  1. For det første, snor industrien seg unna formell anerkjenning. Kundar vil halde seg namnlause, hallikar vil halda seg under jorda, og mange prostituerte vil halda seg ute av syne. Formell anerkjenning er ei føresetnad for regulering og arbeidslovgiving.
  2. For det andre er prostitusjon ein kamp mellom den prostituerte og kjøparen, kor maktkampen utspeler seg rundt og i kroppen hennar, og under sex, og gjer at krenking av grensene hennar er ein stadig fare.
  3. Makt vert avgjort av klasse. Kvinner i prostitusjon høyrer til det lågare sjiktet i proletariatet og er nokre av dei mest undertrykte i klassen vår. Kjøparen er alltid i ein høgare klasse, same om han er lønnsarbeidar, småborgar eller borgar. Kjøparen vil difor alltid ha overhanda i forholdet mellom dei.

Lat oss taka eit steg tilbake og sjå at den rådande linja rundt sexhandelen er å godtaka at kvinner vil verta tvungne inn i sex for å overleva, og at vi av ein eller annan grunn skal godtaka at dette ikkje skil seg frå noko slags anna arbeid. Dette er sanneleg eit uttrykk for valdtektskulturen. Revisjonistar bukkar ofte under for valdtektskultur og forsvarar sexhandelen.

Eit medlem av Twin Cities DSA sa at «det at sexhandelen er utnyttande i sitt vesen» ikkje «tek høgde for noko vi sosialistar ser på som sant: at arbeid som vi kjenner det er utnyttande». Ei slik fullstendig misforståing av industrien er ei følgje av å glatta ut skilnadar mellom alle sortar arbeid og ei misforståing av marxistisk teori. Lønnsarbeid er utnyttande på grunn av meirverdien som vert trukke ut av arbeidet åt arbeidaren. Prostitusjon er seksuell utnytting av di det utnyttar ekstrem sårbarheit for å halda ved like ein klasse av prostituerte, tvinger sex gjennom pengar og makt, og utset desse kvinnene for store menger valdtekt og vald. Ikkje alt arbeid inneber tvungen sex, og ikkje alt arbeid inneber denne store faren for valdtekt og mannleg valt, uansett kva lovleg samanheng det inngår i. Ikkje alt arbeid set kroppen og kroppsdelane åt denne ut på marknaden for å verta kjøpt, selt og lånt ut til høgstbjudande.

Vi bør ikkje be om arbeidsrettar for tvungent seksuelt arbeid – arbeidsrettar er ikkje eingong ei forsvarleg løysing i ein industri som snor seg unna formell anerkjenning. Menneskerettane åt kvinnen snartar ikkje etter at ho har vorte tvungen inn i seksuelt arbeid, men er allereie krenka når ho vert nekta å tena til livets opphald utan å ha tvungen sex for å overleva.

Sexhandels-ekspansjonistane vil utvida desse arbeidsrettane til både kapitalistar og hallikar, som dei kvitvaskar med omgrepa «tredjepartar» eller «leiing». AF3IRM sa det best då dei sa:

«Dei korporative talspersonane for legalisering av sexhandelen, framstiller prostitusjon som arbeid for den prostituerte, sjølv når dei krevjer at «arbeidarrettane» vert utvida til dei som er «i leiinga» og «kapitalistar». Eit slikt ahistorisk omgrep om «arbeid» er i seg sjølv ein hån mot arbeidarklassen, som har måtte føra ei stadig kamp mot leiinga og Kapitalen berre for å sikra ei rettvis lønn, for ikkje å tala om trygge arbeidsforhold.»

Kriser i kapitalismen, eller mangel på arbeidarvern?

Som økonomen David Harvey sa; «kriser er grunnleggjande i kapitalismen sin reproduksjon». Medan andre arbeidarar føler auka økonomisk press i desse augeblikka, erfarer prostituerte dette i lag med meir valdtekt, press til å ikkje bruka kondom og vald.

Mac og Smith sitt tidlegare argument om at kondombruk er prov på samtykke vert tilbakevist av dei kapitalistiske krisene, slik som COVID-19-krisa. Sexarbeidarane sine grenser rundt kondombruk vert jo nettopp irrelevante under kapitalistiske kriser, slik som COVID-19, kor kondompresset aukar. Til og med Open Society Foundations, som er for sexhandelen, seier at

«Når dei er drivne av økonomisk trong, er det meir sannsynleg at sexarbeidarar går med på å møta kundar dei ikkje føler seg trygge med eller å forhandla om tryggleikstiltak, slik som kondombruk. Sexarbeidarar har også meldt at kundar oftare prutar på pris eller pressar for at tenester skal ytast utan kondom etter at COVID-19-tiltak vart innført i landa deira.»

Kriser i kapitalisen fører nødvendigvis til meir valdelege forhold for kvinner i prostitusjon. Dette er særleg sant for dei i nedre ende av sjiktet. Mac og Smith viser til eit døme kor ein prostituert sa: «om eg ikkje har fått betalt på veker, må eg godta kundar som høyrest farlegare ut enn eg vanlegvis ville ha våga». Krisene i kapitalismen vil alltid bringa fram desse augeblikka, kor prostituerte vert tvungne til å godta meir farlege kundar for å overleva.

Kapitalistiske marknadar er ibuande ustabile, og vert utsette for oppturar og nedturar. Nedturane gir fleire tilfelle av vald og utrygge praksisar, slik vi har sett under COVID-19. Å avkriminalisere hallikar og kjøparar kan ikkje stoppa krisene, som er korfor eit slikt lovforslag er sjølve praktdømet på nyliberalismen. Kraftig individualisme og marknadsfridom vert tilsløra i eit populistisk slagord.

«Sexarbeid er arbeid» smir saman interessane åt proletariatet med interessane åt industrien

I kva annan industri vert interessane åt industrien framstilt som interessane åt arbeidaren? Fossilindustriane til dømes, har vore flinke på å seia til arbeidarar at sjølve livsgrunnlaget deira kviler på medgangen åt industrien. Arbeidarane vert fortalt at å nedlegga industrien vil seia slutt på levebrødet deira. Rettvise overgangsplanar vert framstilt som pinsamme ondskapar som må unngåast til kvar pris. Det finst openbere forskjellar mellom fossilindustrien og sexhandel, men begge har oppnådd å blanda saman arbeidaren og industrien som ein vernarefleks for å verna om interessane åt industrien.

Så klart kan heterofile menn stilla seg bak dette, sidan interessane deira gjeng i hop med interessane åt sexindustrien. Når menn får vera rikare enn kvinner og har ein reservehær av kvinner til sitt rådvelde, kan dei kjøpa tilgang til sex, makt og kvinner når dei vil. Korfor skulle dei vera mot interessane sine?

Menn på venstresida som er for late til å kjempa for å forbetra dei materielle forholda for kvinner, kan heller velja å stø sexindustrien. Dette er kor kvinner som ikkje har noko anna val høyrer heime, og vi lyt godta dette. Så la oss heller nytta alle dei nye flotte moteorda for å høyast radikale ut: «avstimatiser» «lauslat», «avkrimininaliser», «sett i sentrum», «solidaritet». Men dei kan aldri forklara på ordentleg kor stigmaet eller valden kjem frå. Og dei forklarer aldri korfor deira utgåve av «solidatitet med sexarbeidarar» alltid gjeng i hop med interessane åt hallikar og kjøparar. Dei høyrest radikale ut, men held seg trygt innanfor grensene åt mannleg herskarkultur. Objektifiseringa deira av kvinner går fri.

«Solitaritet med sexarbeidarar» har vorte utvikla til å tyde berre ein ting: å ufarleggjera, legitimera, utvida og kvitvaska sexindustrien. Dei andre alternativa vert sette på sidelinja, på grunn av sjølve målet åt slagordet. Alt anna vert framstilt som «mot» sexarbeid, og dimed også mot sexarbeidarar: å sikra retten til ikkje å verta prostituert, retten til å koma seg ut, retten til å halda seg i live utan overlevingssex, retten åt innfødde kvinner til å få slutt på prostitusjon på landet deira, retten for kvinner i den tredje verda til å ikkje verta tvungne til å tena imperialistiske menn. Den revolusjonære, feministiske venstresida må kjempa for å omskipa meininga åt uttrykket «solidaritet med sexarbeidarar», til å verta for arbeidarane, mot industrien.

Fossilindustriane nektar for at dei øydelegg miljøet. Tobakksindustrien nektar for at han høydelegg helsa åt folk. Sexindustrien nektar for at dei skader kvinner ved å stadig utsetja dei for valdtekt og vald. Og altfor mange folk trur dei, og skjønar ikkje at ved å vera for industrien kan ein aldri vera for arbeidarane.

Oljeledningsarbeidar kjempar for retten sin til å jobba i industrien, mot miljø- og urbefolkningsaktivistar. Både reaksjonære oljeledningsarbeidarar og menn på venstresida som er for sexhandelen kjempar for retten til å «leggja røyr» uavhengig av samtykke. Bilete frå Victoria News.

Tilbakebetaling for reproduktivt arbeid?

Det kan seiast mykje om dette, og eg vil gå nærare inn på det i eit anna innlegg. I mellomtida vil eg berre seia dette. Prostitusjon er ikkje «å gå betalt for det andre vanlegvis gjer gratis», noko meir enn ein hushaldar som vert betalt for å vaska romma åt andre, men likevel må vaska sitt eige gratis. Om prostitusjon var tilbakebetaling for seksuelt arbeid, ville ikkje kvinnen trengja å ha meir sex for å få betalt; ho ville allereie få trongane sine dekt i løpet av ein vanleg dag.

Kapitalismen er delvis kjenneteikna av delinga mellom produksjon og reproduksjon [1]Produktivt arbeid er det arbeidet som skapar produktar til å seljast på varemarknaden. Reproduktivt arbeidet er det arbeidet som gjenskapar arbeidskrafta. Frå gamalt av har det reproduktive … Continue reading. Nokre hevdar at denne kløyvinga kan løysast ved å utvida dei heimlege og seksuelle marknadane. Men denne motseiinga kan ikkje køyast gjennom marknadar for husarbeid eller sex, sidan desse marknadane berre skaper ei anna form for dobbel-utbyting av kvinna. Å gjera seksualiteten hennar til ein vare er ikkje tale om betaling for arbeid ho allereie gjer, men å leggja til eit nytt område med utbyting.

Relevansen åt spørsmålet

Spørsmålet om korvidt prostitusjon er ein jobb er ikkje særleg relevant for den proletariske eller sosialistiske feministen. Kor vidt det er ein jobb eller ikkje, sikrar ikkje. Arbeid (som i ein jobb) er ikkje eit marxistisk uttrykk, medan arbeid (som i det konkrete produktet åt arbeidskrafta, anten det er produktivt eller reproduktivt) er det[2]Om denne utgreiinga verkar snål, er det grunna omsetjinga. Opphavsteksten nyttar høvesvis dei engelske uttrykka «work» og «labor»; jfr. opphavstittelen «The problem with the phrase ’sex work … Continue reading. Og arbeid, anten det er produktivt eller reproduktivt, kan finnast under ulike grader av tvang og vald. Logikken åt «sexarbeid er arbeid» gir ikkje noko meining, då vi ikkje kan gå god for ein industri berre fordi det passar under den gjengse forståinga av «arbeid». Særleg når denne industrien ikkje har makta å skilja tvang og vald frå måten han vanlegvis verkar.

Aktivistar som Mac og Smith, og bokavtalane deira, gir oss ein teori om sexarbeid som ikkje samsvarer med røynda og manar fram tomme ord for å samla støtte til eit politisk standpunkt som er meir for industrien enn det er for arbeidarane. Første steg i kva som helst kampanje som verkeleg bryr seg om kvinner og skeive i sexhandelen, må vera å skilja industrien frå mennesket og forstå dei forskjellege klasseinteressane som er i spel.

Vi lyt ikkje berre spørja «er dette arbeid», men «kva er varen som vert kjøpt, selt og leigd ut på marknaden», «er denne industrien overveldande prega av tvang og vald», «er denne industrien sosialt naudsynt nok til å rettferdiggjerast» og «kva er følgjene av denne industrien for klassen vår»? Ved å svara på desse spørsmåla kjem vi til ei heilt anna slutning om kva som må gjerast.

Noter

Noter
1 Produktivt arbeid er det arbeidet som skapar produktar til å seljast på varemarknaden. Reproduktivt arbeidet er det arbeidet som gjenskapar arbeidskrafta. Frå gamalt av har det reproduktive arbeidet vorte gjort i heimen, i hovudsak av kvinner. Reproduktive arbeidsoppgåver omfattar klesvask, oppvask, barnepass, matlaging m.m., og bidrar samla sett til å halda arbeidskrafta ved like. Merk at det ikkje finst vanntette skott mellom produktivt og reproduktivt arbeid. Oppgåver som hører til den reproduktive sektoren, kan overførast til den produktive sektoren. Eit døme på dette er kommersialiseringa av barnehagane, kor barnepass har vorte ei vare som seljast på marknaden.
2 Om denne utgreiinga verkar snål, er det grunna omsetjinga. Opphavsteksten nyttar høvesvis dei engelske uttrykka «work» og «labor»; jfr. opphavstittelen «The problem with the phrase ’sex work is work’». Denne finkorna skilnaden mellom «work» og «labor» meining vert ikkje fanga opp på norsk, kor vi ganske enkelt seier «arbeid».

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *