Pressemelding frå CPI (Maoist), 10. mars 2022

Dette er ei omsetjing av ei pressemelding vi har fått tilsendt via den Internasjonale Støttekomiteen for Folkekrigen i India (ICSPWI). Omsetjinga er uoffisiell, og har ikkje vorte gjennomgått av den opphavlege utgivaren. Vi vel likevel å publisere ho for å gjera pressemeldinga tilgjengeleg for flest mogleg. Vi tek det fulle ansvare for eventuelle feil i omsetjinga. Den opphavlege versjonen kan lesast her. — Redaksjonen.

Lat oss markera «Antiimperialistisk veke» frå 23. til 29. mars, i den proletariske internasjonalismens ånd!

Vi vil markera den antiimperialistiske dagen komande 23. mars, på nittiårsdagen for martyrdauden til kameratane Bhagat Singh, Suhkdev og Rajguru, som vart hengde av britane i India, samstundes som antiimperialistiske kampar syder over heile verda. Martyrane er eit symbol for antiimperialistisk medvit. Den russiske imperialismen starta åtakskrig mot Ukraina, som er følgja av imperialistisk tevling mellom USA-EU og Russland i dei tidlegare Sovjetrepublikkane. Folket i Ukraina viser staut motstand i antiimperialismens ånd mot denne aggresjonen. [23. mars] er også den femtitredje årsdagen for stiftinga av den Nye Folkehæren (NPA) til Filippinanes Kommunistiske Parti (CPP). I dette høvet sender sentralkomiteen revolusjonære helsingar til CPP og NPA, alle dei undertrykte folka og undertrykte nasjonalitetane i verda, som slåst mot imperialismen, og ønskjer dei lykke i kampane sine. [Sentralkomiteen] gjer audmjukt akt på alle martyrane frå desse kampane. Den maner dei maoistiske partia, folkets organisasjonar og ymse revolusjonære rørsler, demokratiske rørsler og nasjonale frigjeringsrørsler til å ta opp program for høvet, med styrkt ånd i kampen mot imperialismen.

Etter at det britiske kolonistyret tok slutt og India oppnådde falskt sjølvstende i 1947, akkurat som i dei bakvendte landa, innførte imperialismen nykolonial utbyting i landet vårt. LPG-reformane av 1991 opna for vidare imperalistisk inntrenging.

Den imperialistiske krisa i økonomi og finans som byrja i 2008, rysta heile verda. For å koma seg gjennom krisa, legg imperialismen byrdane over på dei bakvendte landa og arbeidarklassen og mellomklassane i dei kapitalistiske landa. Imperialismen såg det naudsynt å bruka paramilitære styrkar for å slå ned på dei aukande kampane mot imperialistisk utbyting og [bruka] det Brahmanske Hindutva-fascistiske BJP for å dyrka fram falsk nasjonalisme.

Imperialistisk utbytingspolitikk har vorte innført mykje meir aggressivt etter at BJP kom til makta. Den komprador-byråkratiske borgarskapen og store landeigarar i vårt halvkoloniale, halvføydale land gjekk saman med dei om å overgi økonomien vår heilt til imperialistane. Dei brukte demonetisering, GST-skatten[1]Goods and Services Tax; ein slags forbruksskatt på varar og ytingar, innført i 2017., jordbrukslovar og MOUar[2]Memorandum of Understanding; eller «omforent memorantum». Ei slags skriftleg avtale mellom to partar som har kome fram til ei einigheit eller eit felles mål, som ikkje er lovleg … Continue reading for plyndring av naturressursar, arbeidarfiendtleg lovgiving, oppheving av artiklane 370 og 35A i Kashmir, innføring av CAA[3]Citizen Amendment Act; lov innført i 2019 som gir moglegheit for indisk statsborgarskap til religiøse minoritetar frå Afghanistan, Pakistan og Bangladesh, men ekskluderer muslimar frå dei same … Continue reading og andre drakonske lovar, undertrykking av den revolusjonære rørsla gjennom SAMADHAN-Prahar-offensiven[4]Les meir om Prahar-3 … Continue reading og bana veg for innføringa av ein «hindustat» ved å dela opp landet etter religion.

Imperialistisk kapital kom inn i landet i form av portefølje-investeringar, og plyndrar heile kapitalen i landet vårt. Den kom inn i infrastruktursektoren og sette kommunane og bedriftene ut på anbud under namnet «smarte byar», bygde hamnar under namnet Sagarmala[5]Omskrive frå: «brought ports in the name of Sagarmala. Vi håpar vi har vidareført den opphavlege meininga til forfattaren. –Redaksjonen, investerte i vegutbygging over heile landet og i kraftprosjektar og jernbane. På den andre sida, privatiserer regjeringa forsikring, bankar og jernbaner. Imperialistar og den komprador-byråkratiske borgarklassen tek landet i sine eigne hender gjennom dei tre jordbrukslovane og andre slike svikarske lovar som no blir innført.

«Make in India», Start Up og andre slike ting som BJP maser om, gir ikkje noko støtt fotfeste for å halda økonomien i live. Den «eksportretta veksten» gjer [den indiske økonomien] til eit ledd i den imperialistiske kjeda og som ein seljar av reservedelar for imperialistiske multinasjonale selskap. Eller det forblir ein fabrikk som set saman reservedelar. Med denne slags produksjon vil landet vere under full kontroll av imperialistene.

Imperialistane si øydelegging av naturen skaper pandemiar som korona, som del av krigspolitikken deira. I korona-perioden vart økonomiane heilt omstrukturerte. Med dette møter den uorganiserte sektoren, bøndene og mellomklassane store vanskar. Folk i verda og i landet bruker hundretusenvis[6]1 lakh = eitt hundre tusen. av rupis for helsebehandling. Offentlege pengar vert overført til dei komprador-byåkratiske kapitalistane og imperialistane for å kjøpa vaksinar og andre medisinar.

Lenin sa at imperialismen betyr krig. Imperialistane vil ha krig for å overvinna krisa. Som del av dette, fråtsar imperialismen i fleire kriger som del av den økonomiske, politiske og geografiske tevlinga — tevlinga aukar mellom USA og Europa (NATO) på den eine sida og Russland, Kina på den andre sida. Russland driv åtakskrig mot Ukraina. Dei herskande klassane i landet vårt er avhengige av imperialistane for sine militære behov, og vil derfor ikkje fordømma verken Russland sin aggresjon mot Ukraina eller NATO og USA-leiinga si rolle[7]Omskrive frå: «not condemning the aggression of Russia on Ukraine or the role of NATO in the leadership of the US». Dei [herskande klassane i India] tener USA gjennom QUAD[8]Quadrilateral Security Dialogue; militært samarbeid mellom India, Australia, USA og Japan., som kan dra landet vårt inn i en krig i det det indo-pasifiske området i nær framtid.

Mens dei komprador-byråkratiske kapitalistane som Ambani og Advani støper pengar og hjelper imperialistane, lever 70% av folket i djup fattigdom. Folk over heile landet kjemper mot utbytande politikk.

Bønder blir meir og meir til migrant- og dagarbeidarar. Bøndenes kamp over eitt år mot dei tre jordbrukslovene, føreslått av sentralregjeringa, var ein klingande suksess. Arbeidarane tek kampens veg mot dei fire nye arbeidslovane, som er meint for å erstatta dei eksisterande 44 arbeidslovane. Dei nye lovane er mot arbeidarane på meir enn eitt vis. Arbeidarane skal pressast til å arbeida, kvinnelege arbeidarar mistar godene sine slik som fritak frå nattevakt og så vidare. Tilsette i ymse sektorar slik som banksektoren, industrien og andre offentlege sektorar tek opp generalstreikar saman med arbeidarane mot privatisering. Studentar, lærar og alle slags profesjonelle, småhandlarar, og nasjonalborgarskapet som eiger MSMEar[9]Micro, small and medium enterprises. vert forstyrra av den indiske herskarklassen sin politikk, til fordel for imperialistisk plyndring. Dei små bedriftene som brødfør nesten 30% av befolkninga i landet og 30% av nasjonalinntekten, vert øydelagd på ein måte som ikkje kan snust. Folkets kamp for å løysa problema i daglegliva deira som prisauka, [kampen] mot fordrivinga på grunn av prosjekta til multinasjonale selskap og heimlege storkapitalistar, kampane mot nye politileirar og mot staten, er også del av den antiimperialistiske klassekampen. Demonetisering[10], GST, brotsverk mot folket, dalitar[10] og stammefolk, kvinner, religiøse minoritetar og andre sårbare sjikt, fører alle desse gruppene inn på kampens veg.

Medan dette er dei faktiske forholda for folk i landet, har regjeringa byrja feiringa av 75 år med «sjølvstende» for landet, undet namnet «Azadi ka amrut mahotsav». [Feiringa] er ingenting anna enn ein freistnad på å leia folk bort frå dei faktiske problema. Programmet «nytt India» er ikkje anna enn agendaen til den brahmanske Hindutva-fascismen. Situasjonen krev ei ekte endring i systemet — dette må vera ei radikal endring som gir statsmakta til alliansen av fire klassar[10] under leiarskapet til proletariatet. Den pågåande Langvarige Folkekrigen i India viser tydeleg vegen for å oppnå statsmakta. Alle dei undertrykte klassene og sjikta i landet vårt må gjera ein innsats for å øydeleggja det utbytande systemet til imperialistane, det komprador-byråkratiske borgarskapet og dei store landeiarane, og ta statsmakta.

Sentralkomiteen til CPI (Maoist) kallar alle dei maoistiske partia, undertrykte klassane, sjikta og nasjonalitetane i landet og verda, studentar, kvinner, ungdommen, religiøse minoritetar, lærarar, legar, advokatar, alle slags profesjonelle og det nasjonale borgarskapet til å:

  • feira den antiimperialistiske veka; heva stemmen mot Russlands invasjon av Ukraina, avdekka USAs samansvergingar og krevja oppløysing av NATO;
  • utvida solidaritet til dei folkelege rørslene mot imperialisme og krig over heile verda;
  • støtta dei revolusjonærer rørslene over heile verda, folkekrigane og rørslene for nasjonal frigjering i Kashmir og dei nordaustlege statane;
  • leggja fram Raude Helsingar til Filippinanes Kommunistiske Parti (CPP) og deira Nye Folkehær (NPA) i høve 53-årsdagen for stiftinga hans den 29. mars;
  • ta opp agitasjon og propaganda i høvet den årlege kampanjen til ICSPWI[10]Den internasjonale støttekomitéen for Folkekrigen i India. for lauslating av politiske fangar;
  • halde vekeslange feiringar frå 23. til 29. mars som støttar den revolusjonære rørsla i Filippinane.

Hald møte, opptog og seminarar med denne oppfordringa, løft fram martyrskapa til kameratane Bhagat Singh, Sukjhdev og Rajguru. Krev tilbaketrekninga av alle MOUane som den sentrale og dei regionale regjeringane har gjort med dei multinasjonale selskapa og dei heimlege komprador-kapitalistane. Rekk fram sterk solidaritet til kampane til arbeidarane, bøndene, stammefolka, nasjonalitetane og minoritetane. Bli del av klassekampen mot imperialismen, det komprador-byråkratiske borgarskapet og føydalismen — folkekrigen. Kjemp mot den kontrarevolusjonære, fascistiske offensiven SAMADHAN-Prahar!

Abhay, talsperson for Sentralkomiteen til Indias Kommunistiske Parti (maoistane).

Noter

Noter
1 Goods and Services Tax; ein slags forbruksskatt på varar og ytingar, innført i 2017.
2 Memorandum of Understanding; eller «omforent memorantum». Ei slags skriftleg avtale mellom to partar som har kome fram til ei einigheit eller eit felles mål, som ikkje er lovleg bindande. I dette tilfellet viser Sentralkomiteen til avtaler inngått mellom indiske styresmakter og multinasjonale eller heimlege selskap.
3 Citizen Amendment Act; lov innført i 2019 som gir moglegheit for indisk statsborgarskap til religiøse minoritetar frå Afghanistan, Pakistan og Bangladesh, men ekskluderer muslimar frå dei same landa.
4 Les meir om Prahar-3 her:
https://www.maoisme.no/2021/11/pressemelding-fra-cpimaoist-7-november/
https://www.maoisme.no/2021/11/oversettelse-av-opprop-stans-prahaar-3/
https://www.maoisme.no/2021/11/uttalelse-stans-prahar-3-lenge-leve-folkekrigen/
5 Omskrive frå: «brought ports in the name of Sagarmala. Vi håpar vi har vidareført den opphavlege meininga til forfattaren. –Redaksjonen
6 1 lakh = eitt hundre tusen.
7 Omskrive frå: «not condemning the aggression of Russia on Ukraine or the role of NATO in the leadership of the US»
8 Quadrilateral Security Dialogue; militært samarbeid mellom India, Australia, USA og Japan.
9 Micro, small and medium enterprises.
10 Den internasjonale støttekomitéen for Folkekrigen i India.

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *