IMPERIALISME ER MONOPOLISTISK KAPITALISME
Frå «Den internasjonale situasjonen og dei grunnleggjande oppgåvene til Den kommunistiske internasjonalen», juli 1919.
Kjerna i heile den internasjonale situasjonen som har oppstått no ligg i dei økonomiske tilhøva til imperialismen. Etterkvart som det tjuande hundreåret har gått fram, har dette nye, høgare og siste steget i kapitalismen blitt fullt definert. Sjølvsagt veit de at det mest særkjende, det mest vesentlege draget ved imperialismen har vore den kjensgjerninga at kapitalen har fått veldige dimensjonar. Frikonkurransen er blitt trengt til sida av monopol av gigantiske dimensjonar. Eit ringe tal av kapitalistar er blitt i stand til å samla heile industrigreiner stundom på sine hender. Dei har gått over i hendene på kombinat, kartell, syndikat og trustar, som ikkje sjeldan har ein internasjonal karakter. Såleis fekk ein sjå at heile industrigreiner, ikkje berre i einskilde land, men over heile verda, hadde blitt teke av monopolistar når det gjeld finansane, når det gjeld eigedomsretten og, til dels, når det gjeld produksjon. Frå denne jordbotnen har det utvikla seg eit tidlegare usett herrevelde under eit ringe tal av svært store bankar, under finanskongar, under finansmagnatar, som faktisk har omdanna sjølv dei friaste republikkane til finansielle monarki.
Frå «Den internasjonale situasjonen og dei grunnleggjande oppgåvene til Den kommunistiske internasjonalen, melding lagt fram på den andre kongressen i Den kommunistiske internasjonalen». (19. juli 1920.) Samla verk (eng.), b. 31„ s. 215-216. – https://www.akp.no/ml-historie/pdf/rode_fane/1976/rf_1976_02.pdf