1

Pressemelding frå CPI(maoist), 7. november

Dette er ei uoffisiell omsetjing av ei pressemelding, sendt ut 7. november frå sentralkomitéen til Indias Kommunistiske Parti (maoistane). Vi tek atterhald om unøyaktigheiter i omsetjinga. Meldinga var opphavleg lagt ut av den Internasjonale Støttekomitéen for Folkekrigen i India (ICSPWI).


Få den Internasjonale Aksjonsdagen 24. november til å lykkast, ved å kjempa mot den fascistiske Modi-regjeringa sin militærkampanje Prahar-3!

Indias Kommunistiske Parti (maoistane), sentralkomiteen
Pressemelding 7. november 2021


I 2009 sette dei indiske herskarklassane i verk operasjon Green Hunt (ein strid mot folket), etter oppdrag frå imperialistane, med mål om å rykkja opp den revolusjonære rørsla. Eit stort tal internasjonale organisasjonar av proletarisk, venstre-, demokratisk og revolusjonær art, tala ut mot denne operasjonen. Og i forsetjinga av dette, etter at kamerat Kisanji (medlem av Politbyrået)((Politbyrået er det øvste leiande organet i kommunistpartiet.)) vart gjort til martyr i 2011, samla mange proletariske organisasjonar, maoistparti og andre organisasjonar seg i Milan, og oppretta den Internasjonale Komitéen til Støtte for Folkekrigen i India (ICSPWI). Dei siste 10 åra har dei støtta folkekrigen i India, med eit internasjonalt proletarisk klassestandpunkt. Denne organisasjonen jobbar mot militærkampanjen Prahar-3; ein motrevolusjonær undertrykkingskampanje frå dei indiske Hindutva-herskarklassane.((Hindutva er den fascistiske forma for hindunasjonalisme, som er styringsideologi under regjeringa til Modi.)) I motstand mot Prahar-kampanjen, og i støtte til folkekrigen i India, bestemte dei seg for å halda Internasjonal Aksjonsdag 24. november, på 10-årsdagen for martyrskapet til kamerat Kisanji.

Sentralkomiteen til partiet vårt uttrykker revolusjonære helsingar til ICSPWI. Partiet talar til dei landsdekkjande revolusjonære masseorganisasjonane, revolusjonære folkekomitéane og PLGA((Folkets geriljafrigjeringshær; hæren til CPI(maoist).)) for å gjera den internasjonale aksjonsdagen vellykka. Vi vendar oss til dei som sympatiserer med revolusjonen over heile landet, venstreorganisasjonane, patriotiske demokratar, sekulære anti-Hindutva-krefter, proletariatet, fattigbøndene, studentane, dei intellektuelle, kvinnene, minoritetane, dalitane og adivasiane((Dalit er hindi og tyder om lag «utstøytt», «kastelaus». Dalitane er nedst i den hinduistiske kasteordninga. Adivasi er eit samleomgrep for innfødde stammefolk i India. Den indiske staten nektar dei status som urfolk.)) og oppfordrar dei til å delta og gjera aksjonsdagen vellykka.

Nyleg har fascisten Modi, ei nikkedukke for internasjonale storselskap, teikna vennskapsavtaler (MOUar) med imperialiske selskap. Modi er best i klassen når det gjeld å selja landet og innføre fascistisk styre i India. På grunn av dette, vert han hylla av internasjonale vurderingsbyrå som den mest populære leiaren i verda. 26. september 2021 la toppministarane i 10 statar med maoistisk rørsle, og embetsmenn i kontoret til innenriksminister Amit Shaw, fram ein motrevolusjonær plan, som dei kallar ei «utviklingsplan». Denne inneber ei styrking av dei undertrykkande kampanjane i det sentrale India. Dei kunngjorde nyleg, den 3. november, at styrkene er klare, og at det kjem til å setjast opp 24 politileirar til Odisha og Chattisgarh.

Denne såkalla utviklingsplanen, lagt fram av innanriksministaren, inneber ingen velferdstiltak. Partiet vårt fordømmar dette motrevolusjonære åtaket, og ber folket i dette landet om å gjera seg klare for å løysa spørsmål om liv og død for folket.

Ut over dette, har fattigbøndene kjempa med stor viljestyrke og kampånd mot anti-bonde-lovane det siste året. På den andre sida, slåst adivasiane i Vest-Bengal, Jharkhand, Odisha, Chhattisgarh, Andhra Pradesh, Telangana og Maharashtra for vatn, skog, land og makt. Regjeringa sender inn og set opp politileirar for å undertrykkja adivasi-rørsla i Dandakaranya, Jharkhand, AOB og Odisha. Rørsla mot politileirane i Silinger, Sukma-distriktet i Chhattisgarh, har haldt fram dei siste seks månadane trass i sterk undertrykking. Målet for Prahar-3-kampanjen er å rykkja opp alle slags masserørsler med rota.

Dei herskande Hindutva-kreftene framstillar den revolusjonære rørsla, leia av CPI(maoist), som eit trugsmål mot tryggleiken til landet. Tvert om er det den fascistiske herskarkrinsen til Modi og Amit Shaw som er det verkelege, mest farlege trugsmålet mot liva og eigedommane til folk i dette landet. Denne herskarkrinsen førebur seg på å rykkja opp den revolusjonære rørsla, utan å løysa landet sine problem på liv og død.

Vi vil alvorleg fordømma dei ondsinna planane til regjeringa, og oppfordrar til å gjera den internasjonale aksjonsdagen 24. november vellykka. Prahar, og andre undertrykkande kampanjar, vil ikkje stoppe dei revolusjonære rørslene. Vi rettar oss til massane for å styrka masseoppreisten for sigaren til den indiske nydemokratiske revolusjonen. La oss kjempa til det siste, og nå endeleg siger.

  • Hald samlingar og demonstrasjonar i landsbyane mot Prahar den 24. november!
  • Hald offentlege møter i kjerna av rørsla, og kjemp mot Prahar-kampanja!
  • Hald propagandakampanjar i stor skala, og avslør mytane om «velferd» hjå Hindutva-kreftene og Prahar-planen!
  • Brenn bileta til Modi, Amit Shaw og Bhagavath, avslør den undertrykkande planen deira, og send rapportar til internasjonale menneskerettsorganisasjonar, inkludert ICSPWI!

Abhay, talsperson for Sentralkomitéen til CPI(maoist).