Om barnesjukdommar på nett og røynlege spørsmål om revolusjonær strategi

Føreord frå omsetjar

Redaksjonen hjå tidsskriftet kites har gjeve oss løyva oss å leggja ut denne teksten av Kenny Lake, i omsett utgåve. Dette har vi valt å gjera av di vi trur han kan ha nytteverd for den revolusjonære rørsla i Noreg. Den opphavlege utgåva kan ein lesa her.

Last ned som:
ePub / azw3 / MOBI

Denne artikkelen / boken kan du også laste ned til din e-leser. For Kindle Fire eller andre nyere Kindle versjoner kan du laste ned azw3 filen, for eldre Kindle kan du laste ned MOBI filen, for alle andre e-lesere bruker du ePub. Vennligst ta kontakt med oss via kontaktskjemaet, om filen ikke fungerer bra på din e-leser, slik at vi kan lage en oppdatert versjon som fungerer bedre.

Teksten er eit kampskrift mot visse ytterleggåande og trongsynte delar av den maoistiske rørsla, især hjå dei som sluttar seg til MLMhM-retninga (vår eige omdøming av denne retninga kan du lesa i stykket «MLM vs MLMhM»). Lake talar for at delar av rørsla dreg lærdom frå dei gale sidene ved røynslene frå folkekrigen i Peru, og gløymer dei røynlege lærdommane som kvar revolusjonær rørsle bør taka opp.

Hjå desse lærdommane er omfatta:

  1. Korleis PKP tenkte nytt då dei overførte Maos teori om folkekrigen på peruvianske forhold, og makta å leggja om strategien frå landlege område til byen, då ei stadig aukande del av folkesetnaden flytta seg inn åt Lima
  2. Korleis PKP haldt seg utanfor dei smålege stridane på den peruvianske venstresida, og heller retta merksemda si mot å byggja band hjå massane medan dei førebudde seg til folkekrigen
  3. Korleis PKP på meisterleg vis utnytta borgarlege institusjonar, særleg lærestadar, for å byggja opp eit støttepunkt for verksemda si og verva kadrar
  4. Korleis røynsler frå fleire folkekrigar utfordrar nedervt lærdom om forholdet mellom dei subjektive og objektive faktorane, og syner oss at subjektiv innsats kan verka inn på dei objektive forholda

Det er verdt å seia at vi ikkje legg ut teksta av di vi er plent einig i alle poenga utan atterhald. For det første, går Lake hardt ut mot dei han skildrar som ein slags «internettkrigarar». Vi hev ueinigheiter med avleggjarane av MLMhM-retninga her heime, men ikkje av di dei er internettkrigarar. Om denne skildringa høvde på dei nordamerikanske maoistane som Lake retta seg mot, høver ho mindre på dei norske tilhengjarane av MLMhM – og vi hev ikkje noko trong til å mana fram ei motseiing som ikkje finst.

For det andre, meiner vi Lake bommar noko når han skildrar korleis maoismen vart samanfatta. Han skriv:

Til å byrja med er eg einig med Andy Belisario i at uavhengig av namn, vart maoismen samanfatta av Mao og KKP. Denne samanfattinga kan ein finna skriftleg i dei Utvalde Verka åt Mao Zedong og i den Lille Raude. [ . . . ] Å hevda at det er naudsynt med nokon annan enn Mao, eit vesen utanfor KKP før 1976, og andre røynsler enn den kinesiske revolusjonen, den sosialistiske staten og kulturrevolusjonen til å samanfatta maoismen som vitskap, er å hella mot hovmod og heiderstrong.

Her meiner vi Lake blandar saman to ting: å utvikla ei vitskapsgrein, dvs. driva forskings, og å samanfatta (syntetisera) ho. Det er ganske rett at det var Mao og KKP som, i den verdshistoriske kinesiske revolusjonen, bringa fram røynslene som er innebygde i maoismen. Med andre ord var det dei som gjorde forskingsarbeidet som har gjort det mogleg å tala om maoismen som eit tredje, høgaste steg i den vitskaplege sosialismen. Han har også rett i at MLMhM legg for mykje vekt på dei såkalla nyvinningane åt Gonzalo.

Like fullt måtte maoismen samanfattast. Det vil seia: han måtte kjennast igjen som eit nytt, høgaste steg i marxismen, og dei ålmenngyldige lærdommane frå den kinesiske revolusjonen måtte skiljast ut frå dei som var bundne til stad og tid. Det var først etter den Store Proletære Kulturrevolusjonen at meininga åt maoismen kunne forståast fullt ut og kokast ned på dette viset. Dette vart gjort av dei som tok opp den maoistiske fana i strid med revisjonistane i den kinesiske partileiinga etter 1976. Kunngjeringa åt den Revolusjonære Internasjonalistiske Rørsla (RIM) frå 1995, «Lenge Leve Marxismen-Leninismen-Maoismen!», er den viktigaste samanfattinga av innhaldet i maoismen som vitskapssteg. Denne vart signert mellom anna av Perus Kommunistiske Parti, som hadde teke opp omgrepet «marxismen-leninismen-maoismen» fleire år i forvegen.

Likevel er det ei kjensgjerning at andre parti som fører folkekrig under den maoistiske fana, særleg CPP i Filippinane og CPI(maoist) i India, har kome fram til den same slutninga: maoismen er eit tredje, høgare steg i den revolusjonære vitskapen, og må kallast deretter: «marxismen-leninismen-maoismen» (MLM), og ikkje lenger «marxismen-leninismen-Mao Zedongs Tenkning».

Med andre ord: maoismen er ikkje utvikla av nokon andre enn Mao og KKP. Her har Kenny Lake rett. Men å samanfatta innhaldet i maoismen, og kjenne han igjen som eit nytt steg, er noko ganske anna, og ikkje noko å kimsa av.

Med desse atterhalda legg vi ut den omsette utgåva av dette stykket, og vonar at det vert til gagn for det strategiske ordskiftet hjå kommunistar i Noreg.

— Tore B.


Innleiing

I nesten tre tiår har sjølnemnte maoistar i Europa og Nordamerika tala for at Maos stridslæra om den langvarige folkekrigen, som førte den kinesiske revolusjonen til siger og har vorte tileigna og tilpassa i Vietnam, Filippinane, Peru, India og Nepal, hev ålmenn overføringsverdi.

Kort sagt; strategien om langvarig folkekrig (LF) hev som fyresetnad at statsmakta i halvføydale land er samla i byane og svak på bygda, medan hovudkrafta for revolusjonen, fattigbøndene, bur på landet og er hardt undertrykt av godseigarar og lokale mynder. Dimed kan revolusjonære setja i gong geriljakrig og bondekampar på bygda utan å verta stilt ovanfor heile militærmakta til staten, og byggja raud politisk makt som dannar baseområde. Etter at munaleg store område har vorte tekne, slik at raude baseområde omringjar byane og ein kraftig revolusjonær hær har vorte byggja, som er i stand til å føre stillingskrig, går den revolusjonære krafta inn i byane og tek makta i heile landet.

Sjølv om Mao teoretiserte den langvarige folkekrigen som ein slagplan for halvføydale land som vert nedtrykt av imperialismen, talar LF-universalistane for at denne strategien også gjeld for revolusjon i imperialistlanda. Heller enn å utvikla eit tankegrunnlag for synspunktet sitt, føreslå handfaste strategiske læresetningar og våga å gjera påstandane til handling, hev LF-universalistane valt å krangle på nettet om at standpunktet er rett. For å retta merksemd mot trassåtaka sine, gjer dei ofte prinsippløyse åtak mot røynlege kommunistiske leiarar.

Føredømet dei nyttar for å forsvara argumenta sine er formann Gonzalo, leiaren for Lysande Sti (Perus Kommunistiske Parti, eller PCP-SL), som sette i gong folkekrig i 1980. Lysande Sti vart eit trugsmål å rekna med for den peruvianske staten innan dei tidlege nittiåra, men tok stor skade etter at Gonzalo vart fanga i 1992. Dei har aldri henta seg inn att etter dette. Då Gonzalo har sete i militærfengsel i 27 år (i 2019 -Omsetjar.), veit vi ikkje kva syn han har på ållmennheita åt den langvarige folkekrigen (kor høveleg for universalistane). Til forskjell frå den Unitære Universalismen, kanskje den mest openlynna og rettferdsinnstilte kyrkja i verda, som hev rom for ymse synspunkt i meinigheita si, til og med gudsnekting, er kyrkja åt LF-universalistane så lukka som let seg gjera. Folkekrigsuniversalistane byggjar påstandane sine på den mest dogmatiske propagandaen åt Lysande Sti, men gjer ikkje noko alvorleg gransking av handlinga på bakken i folkekrigen i Peru.

I USA hev nyradikaliserte tusanårsbarn fått auga opp for revolusjon, kommunisme og maoisme, som følgje av protestrørslene etter Occupy Wall Street og den nylege motstandsbølgja mot politimord på Svarte. Or denne krinsen har det kome ei sær gjenoppliving av kyrkja åt LF-universalistane. Denne oppstoda er talfattig og omfattar vel nokre folk som er velmeinte men godtruande, men ho er høglytt på nett. Det seinaste kullet av sambandsamerikanske LF-universalistar som hyllar Gonzalo, ser ut til å retta verksemda si mot å ha på ninjaklede på markeringar og politiske hendingar, taka bilete av seg sjølv i dei nemnte ninjakleda, og leggja ut desse på nettet. Den einaste gåta bak maska er kva dei trur denne briskinga for Facebook og Instagram hev å gjera med folkekrigen i Peru.

Jose Marie Sison, stiftaren åt Filippinanes Kommunistiske Parti, er ikkje framand for langvarig folkekrig; han starta og leidde ein fram til han vart fanga i 1977, og vart tvungen i politisk landlysing på slutten av åttitalet etter han slapp ut av fengsel i 1986. Sison la nyleg ut ein kritikk av den LF-universalistiske ståstaden. Joma, som han vert kalla med godhug, trekte opp dei skarpe skilnadane mellom imperialistlanda på den eine sida, kor statsmakta hev ei sterk rekkjevidd og dei revolusjonære hev korkje dei geografiske eller sosiale forholda som gjer folkekrigen som strategi mogleg, og dei halvføydale landa på den andre sida, kor folkekrigen er mogleg. Dei to artiklane åt Joma om denne saka —“On the Question of People’s War in Industrial Capitalist Countries” og “Follow-up Note”—er krystallklare når det gjeld trongen for revolusjon i imperialistlanda, men gjev ei nærgåande gransking av når væpna kamp er høveleg og ikkje. Dimed vart artiklane hans åtaka av folkekrigs-universalistane på nettet, med mykje hets og lite innhald. Andy Belisario gjev eit utførleg svar på desse utbrota i artikkelen hans «On the So-Called Universality of Protracted People’s War».

Ved å kalla dette eit ordskifte ville ein gitt for høg hevd til folkekrigsuniversalistane sine påstandar. Eit ordskifte krev at båe sider utviklar ståstadane sine og legg fram prov for dei. Men ein av følgjane åt internettet er at eit kva som helst rasshòl med tastar og nettilgang kan lata som om han hev stor innsikt i revolusjonær teori. Men av di mange tusanårsbarn som nyss hev fått auga opp for skrekkane ved kapitalismen-imperialismen og no ser mot revolusjon, kommunisme og maoisme, har møtt dette «ordskiftet» på nett, er det verd å gripe høvet til å taka fatt i nokre røynlege spørsmål om revolusjonær strategi som hev dukka opp på vegen. Hjå desse spørsmåla er omfatta:

  • Kva kan me læra av røynslene frå folkekrigen i Peru?
  • Kva endringar har skjedd i folkesetninga sidan den kinesiske revolusjonen, og kva ymtar det om den revolusjonære strategien?
  • Kva er maoisme? Korfor er dei fleste sjølvkalla maoistar så trongsynte?
  • Korfor har det vore så mykje rot i den kommunistiske verdsørsla sidan det motrevolusjonære kuppet i Kina i 1976?
  • Kva er ein rett stridsstrategi for revolusjon i imperialistlanda?
  • Kva er forholdet mellom den subjektive faktoren og dei objektive forholda i det revolusjonære forløpet?
  • Kva slags vesen hev den borgarlege statsmakta, og korleis kan kommunistar i imperialismakta byggja opp ein kraft sterk nok til å velta ho?

Eg vil ikkje her freista å tilbakevisa LF-universalistane, då eg tykkjer at Joma og Belisario allereie har sagt det som treng å seiast. Ei heller vil dette vera ein freistnad på å leggja fram ferdige tankar på nokon av dei ovanfornemnte spørsmåla. I staden vil eg retta merksemd mot kva eg tykkjer er røynlege spørsmål som gjeld revolusjonær strategi (og ikkje brisking på nettet), og føreslå framgangsliner for å forska på desse spørsmåla og utvikle både lærdom og gjerning. Om dette fører til vidare utdjuping av desse spørsmåla i seinare utgåver av kites — også omfatta bidrag frå kameratar utanfor OCR og RI — så vel som i andre skrifter, vil teksten ha oppfylt meininga si. Som eit mindre alvorleg essay, vil ikkje teksten vera full av tilvisingar til andre tekstar, men eg hev lagt ved ei leseliste som eg har henta frå i skrivinga, i von om at somme vil taka det på alvor å granska desse spørsmåla.

For å samanfatta Lysande Sti og folkekrigen i Peru

Eitt av dei store nederlaga åt den kommunistiske verdsrørsla (ICM: International Communist Movement) er at ho har vore ute av stand til, eller ikkje innstilt på å samanfatta nyare bølgjer av revolusjonær kamp. Som følgje finst det ikkje noko utdjupande sogeverk om folkekrigen i Peru. Dette er trass i Lysande Sti sine bragdar i å byggja opp eit massegrunnlag for revolusjonær kamp, fyrst i fjellandskapa i Peru, medan dei utvida seg over utkantsområda og deretter inn i slummane i Lima, heilt til folkekrigen tevla for makta tidleg i nittiåra. Etter at formann Gonzalo vart fanga i 1992, vart det ført ordbrytning i bladet A World to Win mot den høgreopportunistiske linja i Perus Kommunistiske Parti, som tala for fredsmeklingar. Same kor viktig dette ordskiftet var på midten av 90-talet, tok det fatt på linjespørsmål som utlegging av prinsipp, framfor ei særskild gransking av soga og utviklinga åt folkekrigen og den dåverande stillinga hans, som kunne ha hjelpt i å stake ut vegen framover. Samstundes, og særleg dei siste åra, har folkekrigs-universalistane ofte gjenbrukt gamle slagord frå Lysande Sti og formann Gonzalo.

Den største veikheita åt Lysande Sti og formann Gonzalo er at mange av dei skriftlege utsegnene deira er jævleg dogmatiske. Mange av desse utsegnene utstråler sterk religiøsitet; ei gudfryktig tru på at sigeren åt revolusjonen er nær, jamvel at verdsrevolusjonen er i strategisk offensiv (på åttitalet?), framfor ei fintmerkande gransking av stoda i verda, og utsiktene til og vanskane for revolusjon. Gitt stoda på åttitalet, når den revolusjonære flodbølgja på sekstitalet var over og arbeidarmakta hadde gått tapt i Kina i 1976, når dei hadde ei gudsfryktig folkemengd som massegrunnlag, og med ein sann trong for revolusjonær offervilje, kan vi skjøna at Lysande Sti måtte velja denne framgangsmåten. Kanskje kan vi også godta han (i Buddhistisk meining), og læra å omfamne og gå forbi dei dårlege sidene ved dei fortidige og notidige røynslane våre som kommunistar, i staden for å oversjå og frykta dei. Men vi treng ikkje å gjenta dei; vi kan taka det gode og leggje att det dårlege. LF-universalistane har i staden valt å taka det verste trekket til Lysande Sti, forstørra det, og ropa det frå hustaka (eller heller, taste det frå tastatura sine). 

Diverre hev denne dogmatiske stilen, så vel som hetsskrifta og handlingane åt dei som fylgjer han, berre tent til å skugga over dei verdifulle lærdommane som kan takast frå dei faktiske handlingane åt folkekrigen i Peru og det strategiske leiarskapet åt formann Gonzalo. Så lat oss no teikna opp hovudlærdommane vi treng å setja oss inn i og tilpasse til våre eigne forhold.

Å nytta borgarlege institusjonar for å samla opp revolusjonære styrkar

Lysande Sti kom jo ikkje ut frå ingensteds, med brennande børsar, og starta folkekrig i 1980. Dei hadde teke over eit tiår på å byggja opp støtte og organisasjon, fyrst og fremst hjå landfolket i Ayacucho-området, men også hjå andre samfunnslag og i andre område. Og måten dei gjorde det på var ei sinnrik utnytting av borgarlege skipnadar for å samla saman revolusjonære styrkar. I 1962 vart ein ung Abimael Guzmán (óg kalla formann Gonzalo) innsett som professor ved San Cristóbal de Huamanga riksuniversitet, i hovudstaden i Ayacuchoområdet. I eggjande førelesingar der, som gav han tilnamnet «Champú», nytta Guzmán og kameratane hans fakultetstillingane sine til å syna fram eit historisk-materialistisk syn på samfunnet og trongen for revolusjon. Innan slutten av sekstiåra hadde Lysande Sti så å seia herredøme over universitetet, omfatta den administrative verkdsemden. Dei hadde også ei særleg stor stilling hjå lærarhøgskulen. Dei nytta desse stillingane for å verva kadrane som skulle verta ryggraden i folkekrigen. Kva meir er, sendte dei nyutskrivne universitetsstudentar ut på bygda i Ayacucho-området som skolelærarar, kor dei så utførte sosiale undersøkingar og organiserte fattigbondesamfunna for å førebu å setja i gong folkekrigen.

At det var mogleg å nytta Universitetet i Huamanga til å verva kommunistiske kadrar var gjort mogleg av at dei peruvianske styresmaktene på 60- og 70-talet sette inn monalege midlar til utdanning. Dette førte til ein særs høg grad av mellom- og høgskuleutdanning, også hjå proletariatet og fattigbøndane. Styresmaktene gjorde dette, delvis for å få utkantane (som i høg grad var urinnvånarar og fattigbønder) inn under innverknaden åt det peruvianske borgarskapet (som i stor grad var kvite eller av blanda bakgrunn, og budde i byane). Studentar hjå Universitetet i Huamanga hadde i hovudsak Quechua-indiansk bakgrunn og var dei første i familiane sine som fekk utdanning. Men sidan den peruvianske økonomien ikkje hadde noko framtid for desse nyutdanna, grunnleggjande massane, særleg når han gjekk inn i ei utanlandsgjeldkrise på åttitalet og måtte innføre strukturtilpasningstiltaka åt IMF (SAPar). At unge, utdanna proletarar og fattigbønder fekk utsiktene sine knust, skapte god jord for kommunistisk verving.

Den strategiske dugleiken åt Gonzalo var å utnytta at borgarskapet raskt utvida utdanningsystemet for å skaffa kortvarig fotfeste i dei borgarlege ideologiske statsinnretningane og nytta desse stillingane for å samla opp krefter for revolusjonen. Med andre ord: at han las stoda rett, ikkje at han hadde profetisk klarsyn. Desse stillingane var alltid kortvarige, og Lysande Sti mista herredømmet over Huamanga-Universitetet innan midten av syttiåra. Men då var skaden skjedd, og Lysande Sti-kadrar som var opplært på universitetet heldt alt på å organisere fattigbønder over heile Ayacucho — området som skulle verta det første støepunktet for folkekrigen tidleg i åttiåra. Professor Guzmán tok opp ei stilling hjå lærarhøgskulen La Cantuta i utkanten av Lima seint på 70-talet, og verva fleire lærarar inn i rekkene åt Sendero. Sendero skulle igjen nytta denne framgangsmåten andre plassar i løpet av folkekrigen. Til dømes sendte dei ut hundre lærarar til skolar i slummane i Lima, og hjelpte folkekrigen å fara fram mot midtpunktet åt borgarmakta. Her ligg ei ålmenn lærdom: det ideologiske herredømmet til borgarskapen over massane er noko som heile tida må smidast og smidast på nytt. Og stundom, når dette herredømmet er i overgong, slik det var då den peruvianske borgarskapen på storstilt vis utvida utdanningssystemet, delvis for å dra folk i utkantane inn under det ideologiske herredømmet deira, kan kommunistar gjera seg nytte av moglegheiter. For ei meir finkorna skildring av korleis Sendero nytta borgarlege utdanningsskipnadar, kan ein sjå stykket mitt «Gramsci og Gonzalo: Considerations of Conquering Combat Positions within the Inner Wall of Hegemony.»

Folkekrig i slummane i Lima

Den andre store nyvinninga til Gonzalo var å få ei mengd av slummane og brakkebyane i Lima inn under revolusjonær mynd, slik at Lima — og dimed byane så vel som bygda — vart gjort til ei stor slagmark for krigshandlingar. Peru, så som dei fleste av dei undertrykte landa, hadde eit tidsrom med rask byutbygging etter den andre verdskrigen, som blei skunda på av strukturtilpasningstiltaka på 1980-talet. Folketalet i Lima gjekk frå nesten 600.000 i 1941 til 1,8 millionar i 1961 og frå 3,3 millionar i 1972 til 6,5 millionar i 1993, slik at sjølve byområdet i Lima husa nesten ein tredel av heile folkemengden åt Peru. Side om side med denne storslåtte veksten i byfolkesetnaden, skjedde det at bønder flytta til byane og vart proletarisert, og at slummar vaks fram. Desse innehaldt improviserte bustadar i nye urbane område rundt byane, gjerne kalla skurbyar («shantytowns»). I Peru kom denne utviklinga samstundes med ei anna motseiing; at indianske høglandsbønder frå utkantsområde som Ayacucho flytta inn til Lima og møtte utstøting frå det offisielle peruvianske samfunnet og kulturen. Barna åt desse innflyttarane, ofta kalla cholos, vart soleis kulturelt fanga mellom den andinske bygdeverda åt foreldra sine og den ubane verda åt Lima. Dei sosiale og kulturelle knipane deira, som på vakkert vis vart uttrykt i song av chicha-songaren Chacalón, gav også god jord for verving til revolusjonen.

På åttitalet forskansa Sendero seg hjå desse innvandrarane til byen, som ofte hadde førstehands band åt fattigbønder i Ayacucho som tok del i dei første stega av folkekrigen. Sendero sente til og med kadrar inn i landinntrengingar, kor innflyttarar byggja hus på land dei ikkje eigde lovleg, og gjorde nokre av skurbyane — slik som det vidgjetne Racuana — til revolusjonære nabolag. Innan midten av åttitalet byrja krigshandlingane og organiseringa hjå massane Lima-slummane å taka over for arbeidet i det landlege Ayacucho. Kongressen åt PCP-SL i 1988 vedtok, etter mange indre ordskifte som endåtil sette Gonzalo opp mot kona si, å endra strategi og gjera Lima til midtpunktet i folkekrigen. Dei meinte at den nye, store proletarfolkemengda, så vel som den strategiske utforminga med slummar som omkrinsa byen, gav gode forhold for raske framsteg i folkekrigen. I åra som følgte skulle ein sjå væpna streikar som stengde ned Lima i kortare tid, snikdrap, åtak på politistasjonar, bombing av bankar og regjeringsbygg og aukande revolusjonær mynd i slummane i Lima, særleg i utkantane. Dette dytta Peru inn i ein stadig djupare politisk krise, kor USA og den peruvianske borgarskapen engsta seg for at Lysande Sti skulle koma til makta. (Alt dette er underbyggja med tilvisingar i Del 3 av Specter-serien, som kjem ut i kites #3, men alt finst på nett hjå revolutionary-initiative.com.)

Her er eg usamd med korleis Belisario skildra krigshandlingane åt Sendero i Lima som venstreopportunisme, grunna på innbillingar om rask sigar gjennom eit opprør i byen. Belisario hev rett i at då Sendero kunngjorde at folkekrigen nådde strategisk likevekt på slutten av åttitalet, var det nok snakk om oppblåst tala (heilt i pakt med Sendero sin hang til å koma med dogmatiske utspel). Men atter ein gong lyt me ikkje lata ordhegda og den dogmatiske stilen åt Sendero koma i vegen for dei alvorlege stategiske spørsmåla dei lyfta i handling. Slik Mike Davis gjorde greie for i den framifrå boka si Planet of Slums, er det ei kjensgjerning at det for ti år sidan budde over ein milliard menneske i slummar over heile verda (eit tal som nok har stige sidan den gong). Folketalet i byane i verda er no større enn på landet. Dei undertrykte landa ser ikkje heilt ut som Kina gjorde på 30- og 40-talet. Revolusjonær strategi i slike land må ta hand om den nye røynda. Elles står ein i fare for å gjera Mao sine ovstore bidrag til stridslæra til leivningar frå fortida.

I løpet av åttiåra, når SAP-tiltaka gjorde skade på dei undertrykte landa og førte til store folkevandringar av bønder som no vart proletarar i byslummane, var kommunistane i stor grad skilde frå denne utviklinga, og makta ikkje å utnytta ei stode som kunne ha gitt stor revolusjonær framgang. Dette hadde mykje å gjera med at det var uorden i den kommunistiske verdsrørsla på den tida, men det hadde også å gjera med trøytte tenkjemåtar som ikkje makta å overføre den langvarige folkekrigen på nye omstende. Sendero var eit unntak, og medan ordkunstane deira var forsteina og fastlåste, var dei oppfinnsamme i strategi og handling når det gjaldt slummar, folkeflytting frå bygd til by og byen som stridsfelt. Vi er nøydd til å granska desse erfaringane meir, med grunnlag i historiske undersøkingar heller enn gjentaking av ordkunstar.

Medan vi enno er inne på det, treng vi eit alvorleg ordskifte hjå kommunistane om vesenet åt dei undertrykte landa i dag. I kva grad er dei enno halvføydale? Korleis er klassesamansetninga og den geografiske folkeoppbygginga i desse samfunna i dag? Korleis skal me skjøna land som på nokre vis vert utnytta av framand kapital og enno har ein bondefolkesetnad å rekna med, men speler ei ekspansjonistisk eller attpåtil imperialistisk rolle internasjonalt? Kva kan me læra av militære samanstøyt i byar frå Alger til Mogadishu og Sadr By? Meininga med dette ordskiftet lyt ikkje vera å setja samfunnsformer i faste båsar, men å verkeleg granska dei særskilde forholda. I akkurat denne samanhenga kan vi kanskje seie oss samde med Tinder-brukarar i læresetninga «eg liker ikkje merkelappar».

Eit anna punkt til ettertanke, som vert syna fram av røynslene åt den peruvianske folkekrigen og samfunnsformer i dei undertrykte landa i dag, er kor faste og varige baseområder kan vere. Den peruvianske hæren, med USA i ryggen, hadde god trening og finheit i både metodar og utstyr. Han kunne lett rekkja opp i Ayacucho-høglandet og den øvre Huallaga-dalen, kor dei dyrker koka-blad, særleg når han rådde over ein helikopterflåte og DEA-luftovervåkingssystem. På grunn av desse forholda var nok ikkje Sendero sine landlege basområder nokon gong så støe som Yenan. Så strategien med å staka opp raud politisk makt i eit landområde, å utvikla ei stor revolusjonær hær der som kunne halde ut i stillingskrig, og deretter taka over byane frå bygda ville nok ikkje ha verka. Dette gjorde verksemda i byane dess meir viktig, då det å «taka over byane» måtte koma frå innsida — ei djuptgripande omforming av kampplanen vi kallar langvarig folkekrig.

Før den ikkje-lenger djerve Prachanda tok av seg den høghalsa genseren sin og blei svikar, påpeika det Nepalske Kommunistpartiet (Maoistane) [CPN(M)] på kritisk vis at baseområder ofte har vorte oppfatta som meir faste enn dei nokon gong har vore i røynda (sjå «Experiences of the People’s War and Some Important Questions» i The Worker no. 5, tidend for det no oppløyste CPN(M)). Sjølv Mao kjente jo igjen trongen til å forlata baseområde i møte med tilbakegong (det er det den Lange Marsjen var). Mao visste nettopp korleis ein skulle styre gjennom dette og så frøa for framtidige framsteg (det er det den Lange Marsjen var). CPN(M) si meir materialistiske (i meininga at inga tilstand er evigvarande) forståing av baseområde og den ikkje-rettlina utviklinga av folkekrigen hadde vel noko å gjera med at folkekrigen dei leidde gjekk raskare fram enn nokon annan har. Denne raske framgangen omfatta væpna nedstengingar av Kathmandu, slik som i Lima tidleg på nittitalet. Ikkje lat kjensgjerninga at Prachanda vart svikar hindra oss i å læra frå desse røynslene, og attmed frå Prachanda sitt strategiske leiarskap (då han enno bar høghalsa genser).

Einskapsfront … på venstresida, eller mellom klassane i folket under leiarskapet åt proletariatet?

Vi må taka opp eit siste stridsspørsmål før vi fører denne drøftinga av røynslene frå folkekrigen i Peru til ei avslutning: Sendero si bruk av einskapsfronten under leiarskapet åt proletariatet. Andy Belisario sitt skrift lastar Sendero for ikkje å nytta einskapsfronten, og ymtar om at dei hadde ei sekterisk tilnærming til andre politiske krefter. Det nyare ættleddet av sjølvnemnte «maoistar» i USA har krangla på nettet over det som skal vera ein strid mellom dei som følgjer det Filippinske Kommunistpartiet (CPP) si tilnærming til einskapsfronten på den eine sida, og på den andre sida dei som følgjer Sendero, som mangla ei slik. Dette ordskiftet synest å mangla noko fast oppfatning eller røynsle om kva det vil seia å nytta en einskapsfrontstrategi, men kritikken åt Belisario stiller røynlege spørsmål om kva einskapsfronten er for kommunistar, og kva framgangsmåten til Sendero verkeleg var.

Slik Mao såg det, var einskapsfronten ein allianse av klassar i den revolusjonære utviklinga, som vart leidd av proletariatet og fortroppen deira. Det er å innsjå at mellomklassane, sånn som ymse lag av småborgarskapen (og i Kina på 1930-talet, bøndene og attmed den nasjonale borgarskapen) kunne fåast med på å stø (eller når det gjeld fattigbøndene, vera hovudkraften i) den kommunistiske revolusjonen, sjølv om proletariatet må vera den leiande krafta. Einskapsfronten tek ulike former i ulike samfunn; i USA til dømes, er den faste kjerna i einskapsfronten eit samband mellom det fleirnasjonale proletariatet og frigjeringskampane til dei ymse undertrykte nasjonalitetane og nasjonane. Men nøkkelsaka — og her trur eg Belisario er samd med meg — det handlar om samskiping av klassar, ikkje om å «samla venstresida». Den førstnemnte oppfatninga tek utgangspunkt i eit breitt oversyn over samfunnet som heilskap. Den sistnemnte set seg fast i trongsyn og småleg tenking om kven som kan verta del av revolusjonen og heng seg opp i ideologiske ordskifte i små krinsar.

Ifølgje gjenforteljingar frå lærde og journalistar, hadde Sendero Luminoso tette band til forskjellege klassar, og henta om lag halve medlemskapen sin hjå småborgarskapet. Slik vi lærte ovanfor, var universitetsprofessorar og lærarar avgjerande for Sendero si oppsamling av revolusjonære krefter frå slutten av sekstitalet fram til tidleg på nittitalet. Sendero fekk rikeleg med støtte frå rettslærde, som gjorde at mangle geriljakjemparar kom seg ut av fengsel i dei tidlege åra av folkekrigen, før den peruvianske regjeringa innførte kriselovar som hindra dette. Det munalege talet på rettslærde som støtta Sendero gav også viktig stønad til dei stadig fleire fengsla Sendero-kadrane. Til slutt, lat oss ikkje gløyma at Gonzalo vart fanga på den skjebnesvangre dagen i sepember 1992 i huset åt ein ballerina, i det rike nabolaget Surquillo i Lima. Gitt den nemnte motseiinga som gjeld vanskane med å byggja varige baseområde, var nok stønaden frå dei øvre delane av småborgarskapet avgjerande for å kunna gøyma Sendero-leiinga midt i staten sine iltre freistnadar på å fanga dei. Og sjølv om Gonzalo til slutt vart fanga, lyktest dei med dette i årevis. (Merknad: om du nokon gong må gå under jorda, lyt du hugsa å taka ut bosset. Det var dei tomme tubane frå ein hudkrem som Gonzalo trong for ein helseplage, som gjorde at styresmaktene oppdaga kor han var, då dei fann dei i bosset ved fortauskanten).

I gravferda åt PKP-medlemmet Edith Lagos i 1992 kom det meir enn 30.000 folk, som viser det breie støttegrunnlaget og den vellukka einskapsfronten som partiet haldt fast på. Lagos, som vart fødd i Ayacucho, forlot lovskulen for å tena folket. Ho vart fengsla, men deretter frigjort i 1980 då kameratane hennar sprengte eit hol gjennom veggen i fengselskammeret hennar. Lagos tok del i partiet fram til ho vart drepen av politi og paramilitære styrkar i 1982.

Medan dette sambandet av klassar under leiarskapet åt Sendero var både mogleg og naudsynt, møtte folkekrigen ei ganske anna situasjon enn Kina på 1930- og 40-talet. Peru hadde ei utvikla og samskipa venstreside, som i mange tilfelle hadde stillingar i staten, og eit nettverk av ikkje-statlege organisasjonar (NGOar) som fekk internasjonale midlar og dreiv sosiale tenestar, særleg i slummane. Når det gjeld dei siste, er det ikkje tilfeldig at den borgarlege økonomen Hernando de Soto, som tala for smånæringsverksemd og tildeling av landtidlar som sjølve løysinga på fattigdommen i slummane, kom frå Peru. Nyliberale tankeknektar, som var opptekne av å hindra revolusjon ved å gjera slumbuarane til småborgarar, hylla ymse NGO-støtta tiltak hjå massane i Lima-slummane. Lat oss hugsa på kva Lenin stadig minte oss på om småtilverknad. Tiltak som fremjar denne slags næringsverksemd fører berre lagdeling i klassar, kor nokre få lukkast mens resten fell ned i djupare fattigdom. Som følgje kan det vera store klassestridar i slummane i Lima, og NGOane som hadde ansvar for dette, handla som forsvarar for den nyliberale omskipinga av kapitalismen-imperialismen på åttitalet. Så at Sendero retta skytset mot NGOane og det småborgarlege toppsjiktet i slummane mens dei førte fram folkekrigen i Lima, må sjåast i samanheng med dette. Det tyder ikkje at Sendero alltid tok rett i korleis dei handsama denne motseiinga, men det tyder at motseiinga var sann.

Når det gjeld den organiserte venstresida, heldt Sendero seg stort sett utanfor ordskifte og nabostridar hjå ho på 60- og 70-talet. I staden retta dei kreftane mot å byggja eit massegrunnlag og trena opp kommunistiske kadrar hjå Quechua-talande innfødde bønder i Ayachucho. Den organiserte venstresida, til samanlikning, hadde midpunkt i Lima og var ikkje opptekne av utkantane av Ayacucho, kor dei måtte læra seg Quechua (slik Sendero-kadrar gjorde) og innordna seg i ein kultur og levemåte som var framand for dei. Dei nyaste «maoistane» i USA kan ta lærdom av dette dømet, skru av datamaskinene sine, slutte å nytta så mykje tid sjå dei same venstresidekrinsane og heller gå til dei store bustadsblokkane, få seg jobbar side om side med innvandrarar i markene og kjøttfabrikkane, eller finna andre høvelege vis å innpasse seg hjå massane.

Då Sendero starta å flytta seg strategisk inn i Lima, stod dei andlete til andlete med ei organisert venstreside som stod i vegen for framgangen åt folkekrigen. Fagforeiningsleiarar jobba for å hindre at streikar vart til klassekamp. Izquierda Unida (IU, den Sameinte Venstresida) haldt viktige stillingar hjå styresmaktene, som då kandidat Alfonso Barrantes vart valt til ordførar i Lima i 1984 og lova eit glass mjølk kvar dag åt alle barn. IU hadde også stor makt i nokre av skurbyane som vart oppretta før åttitalet. Eit talande døme er Villa El Salvador, ein slum som vart styrt av IU på åttitalet og vart feira som ein føredøme kor slumbuarane lyfta seg ut av fattigdommen gjennom næringsverksemd. IU-tiltaka i Villa El Salvador førte til at nokre mikro-næringsdrivande kom seg opp og fram, mens andre fall bak. Her var graden av undersysselsetjing 46% på midten av åttitalet. Mange av dei nye innflyttarne som kom etter 1980 måtte klare seg sjølv, utan fordelane frå IU sin vennefordelspolitikk. I møte med dei mislukka endringstiltaka til IU, vaks både oppslutninga til Sendero og den organiserte styrken deira i nabolaget. IU svarte på framgangen til Sendero og dei rettferdige klagemåla åt massane ved å stå i vegen for revolusjonen og velja side med den peruvianske stridsmakta. Nestordførar i bydelen, María Elena Moyano, tok opent til orde for å danne rondas (så kalla nabovernsgrupper som tok side med dei peruvianske styresmaktene mot Sendero) og leidde ein «fredsvandring» med femti personar i Villa El Salvador, under Sendero sin væpna streik i Lima i 1992. Som følgje vart Moyano drepen av Sendero-krigarar. Innan mars 1992 hadde Sendero fått overtaket i CUAVES, nabolagstinget åt Ville El Salvador, og leidde innbyggarar i opptog som kravde at IU si byregjering gjekk av, av di dei ikkje hadde klart å møte naudane åt folket og til og med hadde gitt løyve til å opprette ein militærbase i bydelen. (Alt dette er prova med tilvisingar i del 3 av Specter-serien, som kjem ut i kites #3 men allereie finst på nett hjå revolutionary-initiative.com.)

Poenget her, når vi tek ein kikk på Sendero sine tallrike drap på fagforeiningsleiarar og folkevalte åt IU, og ålmenne kampar for å driva den etablerte venstresida frå makta og byta dei ut med revolusjonær makt, er ikkje at alle drapa nødvendigvis var rette. Poenget er å kjenne igjen at Sendero møtte ei grunnfesta venstreside, og NGOar med internasjonale midlar, som jobba for å hindra framgangen åt revolusjonen og halde massane nede gjennom å bjuda fram små endringar som ikkje kunne løysa krisa som møtte massane i Peru. Den revolusjonære utviklinga i kva som helst land med ei etablert venstreside og NGOar/ideelle samskipnadar kjem ikkje til å vera så annleis. Leiarane av desse hindera for revolusjon, som sit fast i reformistiske, revisjonistiske og velgjerds-ideologiar, er del av kva det (nye) Italienske Kommunistpartiet [(n)PCI] kallar «regimet av førebyggjande motrevolusjon» og vil stø den borgarlege staten i møte med ei revolusjonær utfordring. For å seia det krasst, vil kommunistisk revolusjon i dag bli ført mot den etablerte venstresida, nett som i Russland i 1917. I eit meir nyleg døme — folkekrigen i Nepal — vart den kommunistiske revolusjonen delvis kjempa mot Nepals Kommunistiske Parti, Sameina Marxist-Leninistane (CPN-UML), som i eit tidsrom hadde regjeringsstillinga som var førstehands ansvarleg for å slå ned revolusjonen, og dessutan styrte i somme område kor folkekrigen kasta dei lokale styresmaktene.

I Filippinane synest det at den kommunistiske rørsla i stor grad klarte å vinna herredømet over ymse motstandsrørsler i samfunnet, før den førebyggjande motrevolusjonære makta var grunnfesta hjå dei. Men gitt at USA-imperialismen har jobba for å utføre postmodernistisk tenking, identitetspolitisk aktivisme, NGOar og sosial tenesteyting, må andre revolusjonære gå i møte med det Sendero møtte i Lima på åttitalet i nye former. Det krev at vi grankar korleis Sendero utnytta einskapsfronten då dei utvida handlingane sine i Lima, og tek utgangspunkt i korleis ein skal skipa ein revolusjonær samanslutning av klassar under leiinga åt proletariatet og fortroppen åt dette, som ikkje er grunna på å gå i fred med dei etablerte venstrekreftene som står i vegen for revolusjon. Med det målet, ynskjer eg Andy Belisario si tankerike artikkel velkomen, sjølv om eg er noko ueinig i korleis han tolkar strategien åt Sendero.

I motseiing til den typen ordskifte om einskapsfrontstrategi som eg tek til orde for, har folkekrigsuniversalistane i USA latt seg påverke av Sendero sine handlemåtar til å gå til åtak på venstresideorganisasjonar, i hovudsak på nettet men somme tider fysisk, og på uforståeleg vis leggja dyrelik utanfor tilstellingane åt reformistiske organisasjonar (?!?). Så her treng vi ei påminning: Sendero haldt avstand (også heilt bokstavleg, ved å halde seg i Ayacucho heller enn Lima) frå kranglane åt venstresida på syttitalet, i tidbolka med oppstamling av styrkar for folkekrigen. Det var først når venstresideorganisasjonar rett og slett stod i vegen for å utvikla raud politisk makt, og hindra framgangen åt folkekrigen, at Sendero gjekk til åtak på den organiserte venstresida. Det er desse røynslane, og særleg hasteoppgåva å planta røter hjå dei djupaste massane, som bør gi lærdom til dei som er tiltrekte av maoismen, i staden for hundelika med merkelappen «Deng Xiaoping», som Sendero ein gong hengde opp i telefonstolpar som ei utsegn mot det motrevolusjonære sviket åt partitoppar i Kinas Kommunistiske Parti.

Maoisme, dogmatisme og rotet i den kommunistiske verdsrørsla etter 1976

Kyrkja åt folkekrigs-universalismen vil gjerne hevda at maoismen først vart samanfatta som eit tredje, høgare steg i den kommunistiske vitskapen i 1982 av formann Gonzalo, og at revolusjonære i dag må følgja ein sort maoisme som er «i hovudsak maoismen», og dessutan nytta dei ålmenngyldige lærdommane åt Gonzalos Tenking. Då dette for det meste er å kunngjera læresetningar, er det ikkje vits i å gi det noko eige merksemd, sjølv om tenkjaren J. Moufawad-Paul si bok Continity and Rupture legg ut dette synspunktet grunna på «1982-samanfatninga» i ei meir gjennomtenkt form. Kor som er, gjer dette at vi må taka opp spørsmåla: Kva er maoismen? Korleis kom han til, internasjonalt? Korleis han han vorte tolka av ulike folk og fylkingar? Korleis har rotet i den kommunistiske verdsørsla, etter det motrevolusjonære kuppet i Kina i 1976, så vel som freistnadar på å koma ut av dette rotet, forma den noverande stoda til dei subjektive kreftene for revolusjonen?

Eg er ikkje oppteken av religiøse freistnadar på å stadfesta «ein sann Maoisme» og heilaggjera sendebodet som gav han til oss. Vi hev allereie skriftane og talane åt Mao, og dei historiske røynslane åt den kinesiske revolusjonen og det sosialistiske styret mellom 1949 og 1976, og kan taka kva vi vil frå det. Eg støttar dei hårdt tilkjempa lærdommane i den kommunistiske vitskapen slik han har vorte utvikla av Marx, Lenin, Mao og andre, men eg handsamar ikkje den kommunistiske vitskapen som ein lukka krins som berre kan utviklast vidare ved å byggja opp ein fjerde, stor leiar. For å seia det på eit anna vis: ja, både Gonzalo og andre kommunistiske leiarar har utvikla ymse strategiar og vitskaplege lærdommar som vi alle bør taka til oss, men vi treng ikkje av den grunn å hengja oss opp i å skulle kunngjera ei ny Tenkning, -isme, Samanfatning, Veg osv. I alle høve, og særleg når eit nytt ættledd har vorte oppteke av maoismen, er det på tide å utforska nokre av dei verkelege spørsmåla som har syna seg i dei verkelege kampane rundt om verda for å nytta maoismen i motstand mot revisjonismen åt Sovjetunionen på seksti- og syttitalet, og særleg etter det motrevolusjonære kuppet i Kina.

Til å byrja med er eg einig med Andy Belisario i at uavhengig av namn, vart maoismen samanfatta av Mao og KKP. Denne samanfattinga kan ein finna skriftleg i dei Utvalde Verka åt Mao Zedong og i den Lille Raude. Forlaget for Framandspråk, som sikkert er den største omsetjaren og det største forlaget i verdssoga, gav ut desse «klassikarane» i kommunistisk vit på ymse språk og spreidde dei over alle haugar så billig som råd, og slik spreidde dei denne samanfattinga over heile verda. Vidare var handlingane åt KKP — korleis dei leia den kinesiske folkekrigen til siger og, dess viktigare, leia den Store Proletære Kulturrevolusjonen — i like stor grad del av å samanfatte maoismen. Å hevda at det er naudsynt med ein annan enn Mao, eit vesen utanfor KKP før 1976, og andre røynslar enn den kinesiske revolusjonen, den sosialistiske staten og kulturrevolusjonen til å samanfatte maoismen som vitskap, er å hella mot hovmod og heiderstrong.

Maoismen, som eit høgare steg i den kommunistiske teorien, bidrog med følgjande:

  • Nydemokratisk revolusjon som den strategiske vegen for revolusjon i halvføydale land, undertrykte av utanlandsk imperialisme
  • Langvarig folkekrig som militærlæra for revolusjon i halvføydale land, undertrykte av imperialismen
  • Masselinja som den kommunistiske metoden for leiarskap
  • Viktigheita av, og framgangsmåtar for, den stadige ideologiske omforminga av kommunistar for å halda seg på den revolusjonære vegen
  • Tolinjekamp i kommunistpartia som ei fortetta form av klassekampen i samfunnet og ei framgangsmåte for å halda partiet på den revolusjonære vegen
  • Viktigast; forståinga av at klassekampen held fram og er sjølve drivkrafta i den sosialistiske overgangen til kommunismen. Denne klassekampen er samla i sjølve kommunistpartiet og leiinga åt dette, kor ein ny borgarklasse veks fram. Fleire etterfølgjande kulturrevolusjonar, som slepp laus massane i denne klassekampen, vil vera naudsynt for å vidare omvelta produksjonsforholda, sosiale forhold, kulturen og tankane i det sosialistiske samfunnet som utviklar seg til kommunismen.

Men dette er berre ei lista som set ord på dei viktigaste bidraga åt maoismen. Det finst mange fleire ting som Mao og KKP bidrog med til den internasjonale kommunistiske rørsla, slik som at den kinesiske revolusjonen flytta kommunistisk tenking bort frå eurosentrisme og dualistiske, mekaniske tankemåtar som var vorte inngrodde i europeiske tenkemåtar over hundreåra. Kva meir er, maoismen er i likskap med all vitskap noko ein må stri med heile livet. Å læra lista ovanfor vil ikkje seia at du kan alt, og kan gå framover som revolusjonær utan å nokon gong støyta på hindringar og finna ut at hugen din ikkje strekk til for å løysa dei. Og no snakkar vi ikkje eingong om kor lett det er å svika desse prinsippa utan å eingong meina det. Så dei blivande kommunistane i USA i må i grunnen bryta med den postmodernistiske måten å utvikla tenkinga si med å setja opp ei lista av -ismar og -fobiar som dei er mot, og kunngjeringar av kva dei er («eg er ein abolisjonist…») utan noko innhald. Djupare sett må vi strida med korleis tankekrafta åt heile ættledd vert svekka av eit kunnskapssyn kor ein får tak i lærdom først og fremst gjennom å søkja på nettet, og eit offentleg utdanningssystem som legg vekt på einsretta testing, pugging av definisjonar og viten om åtskilde ting.

Mao kan tena som føredøme her. Han kvilte aldri på kva KKP allereie hadde oppnådd, sjølv lenge etter at dei hadde teke makta, og stridde stadig saman med kameratane sine for å retta opp i feilane sine og omforma seg ideologisk. Og akkurat som Mao må vi heile tida kjempa med dei store spørsmåla om kva som trengst for å gå fram mot kommunismen, til og med den ofte oversette, men verkelege motseiingane i det sosialistiske samfunnet.

For å handsama den kommunistiske teorien som noko vi heile tida må strida med, heller enn ei lukka heilskap med trussetningar, må vi forlika oss med korleis maoismen vart teke opp internasjonalt med ein god slump trongsyntheit. Delar av denne dogmatismen kom jo frå sjølve Kulturrevolusjonen; den negative sida av den største revolusjonære framgangen i soga åt klassesamfunna. Som Robert Biel set ord på det i boka si Eurocentrism and the Communist Movement: «den store veikheita [i Kulturrevolusjonen] var ei dogmatisme som nettopp hindra nokre av dei nytenkande utviklingane som trongst (som alltid er ein fare når ein forsvarer reinheita åt ei linje, slik som den antirevisjonistiske kampen pla gjera)» (150). Vi treng å gjera ei nøye gransking av den dogmatismen som var innbakt i Kulturrevolusjonen — den ustanselege gjentakinga av dei same slagorda i propaganda og kunst, den (moglegvis taktisk naudsynte) bruken av mynda åt Mao for å styrka den revolusjonære leiren, og den ofte fraksjonsmessige og kultaktige åtferda åt visse raudegardist-lag (særleg dei som var bygd opp av barna til kapitalistfararane i KKP) — og vi treng iallfall ikkje å etterlikna det.

Maoismen og opprørsånden åt Kulturrevolusjonen vart ein ovstor inspirasjon og hjelpekjelda for revolusjonære i sekstiåra. Dei møtte den kjensgjerninga at kapitalismen, i form av statseigarskap, hadde vorte gjeninnført i Sovjetsamveldet og at dei fleste, om ikkje alle dei grunnfesta kommunistiske partia frå Kominterntida hadde gitt opp på revolusjon, teke opp reformistiske program, og i sekstiåra verka som hindrar for eit nytt ættledd av revolusjonære. Som Italias (nye) Kommunistiske Parti [(n)PCI] peikar ut, tok desse revolusjonære berre opp fana for å tilbakeføre dei marxist-leninistiske prinsippa som dei moderne revisjonistane nekta for — og gjekk ut mot sviket deira mot den sosialistiske revolusjonen. Så den maoistiske rørsla som oppstod i sekstiåra «vende inn i dogmatisme» og tok ein «geistleg» tilnæring innstilt på reinheit i ideologi og politikk (sjå (n)PCI sitt «Four Main Issues to Be Debated in the International Communist Movement»). Biel kokar det ned til at i denne tidsbolken «fanst det ei gjengs kjensle av å villa gjenoppretta ein slags definisjon av ein «rein», upletta marxisme-leninisme; eit ønskje om å koma tilbake til ein gullalder som hadde funnest før eit slags «fall»» (164).

Oppgåva som gjaldt var ikkje å venda att ein nokon gullalder men å utvikla nye framgangsmåtar under nye forhold, ved å nytta maoismen som hjelpekjelde. Dei fleste maoistiske fylkingane i syttiåra lyktest ikkje i dette. I Europa og USA «gjekk dei åt arbeidarane» i beste fall med ei gransking av proletariatet som ville ha stemt på 1930-talet, men var avleggs i etterkrigstida, i eit samfunn prega av eit stort arbeidararistokrati i imperialistlanda, og aukande automatisering og utskiping av produksjonen. Her gav ikkje KKP så mykje hjelp. Biel skriv: «alle dei kinesiske standpunkta — sjølv når dei var på sitt mest riktige — var svekka av ei mangel på nytenking når det gjaldt den grunnleggjande politisk-økonomiske sida av imperialismen» (159). Dimed var den maoistiske rørsla over heile verda dårleg utrusta til å skipa revolusjonære kampplanar i samband med strukturtilpasningar og veksande byslummar i dei undertrykte landa, eller dei veksande overflodsbefolkningane valda av avindustrialisering i imperialistlanda og innvandrarproletariatet som vart trekt til dei.

Biel merker seg at «CPC, til si æra, nekta å ta ei leiande stilling… og heile tida innprenta i utanlandske maoistar at dei måtte tenkja sjølvstendig over sine eigne forhold» (162). Dette forklarer også korfor CPC nølte med å kunngjera at maoismen var eit tredje, høgare sted i den kommunistiske læra, då å gjera det berre ville gitt liv til drifta mot å overføre dei kinesiske røynslene på fastlåst vis, slik som kunne synast hjå dei heltemodige men trongsynte Naxalittane i India på sekstitalet. Vi kan akta Mao og KKP si vending mot trongen for nytenkande utvikling, men det er også verdt å stilla spørsmål ved om KKP kunne ha gjort meir for å gi politisk og organisatorisk rettleiing til den internasjonale kommunistiske rørsla. I den grad KKP ikkje gjorde dette, skapte det eit slags tomrom kor det sosialimperialistiske Sovjetsamveldet og medløparane deirta, så vel som borgarlege nasjonalistar i dei undertrykte landa, makta å fylla. I noko grad ser det ut til at  dei av og til tvilsamme diplomatiske rørslene åt det revolusjonære Kina kom i vegen for å ta ansvar for å fremja verdsrevolusjonen som heilskap. Til dømes er det nok rett å seia at å ta imot den dåverande diktatoren Marcos frå Filippinane på oppglødd vis då han var på statsbesøk i Beijing i 1975, medan han var travelt oppteken med å valdsamt undertrykkja den kommunistisk leidde folkekrigen i sitt eige land, gjekk ut over det som var naudsynt ut frå internasjonalt diplomati.

Dogmatismen gjorde maoistane i heile verda ubudde på å handtera det motrevolusjonære kuppet i Kina i 1976. Mange av dei var ute av stand til å granska dette ovstore tapet av ein sosialistisk stat, og då dei var redde for å miste trua si (då maoismen vart, og enno ofte vert, handsama som gudstru) var det mange som ønskte det nye kinesiske styret velkomen, og snart vart ganske like dei Sovjet-tru revisjonistane dei tidlegare hadde gjort opprør mot. Bitre stridar over korleis ein skulle dømma om dei nye kinesiske styresmaktene — eit avgjerande linjespørsmål — oppslukte mange kommunistiske fylkingar og førte til splittingar og somme tider vald. Eg har aldri fått det stadfesta på sjølvstendig vis, men eg høyrde frå ein truverdig kamerat frå den Dominikanske Republikken at nokre kameratar i landet hans vekk armane sine kutta av under splittinga hjå maoistane i samband med kuppet i Kina. Som heilskap fall den internasjonale kommunistiske rørsla, som hadde vakse fram or opptøya på sekstitalet, ned i eit alvorleg rot.

Der kor maoistane leidde revolusjonære kampar kunne «teft og klasseband [ . . . ] gjera opp for mangel på innsikt» (slik som (n)PCI sitt Four Main Issues-dokument samanfattar ein tidlegare periode). Men at dei ikkje makta å granska kuppet i Kina ville etter kvart føra sjølv desse kameratane bort frå den revolusjonære vegen. Dette kan i stor grad forklara vanskane Filippinenes Kommunistiske Parti (CPP) hadde i å utnytta moglegheitene då Marcos-regimet fall i 1986 — vanskar som først vart teke tak i av opprettingssrørsla åt CPP som vart sett i gong i 1992 og sette maoismen tilbake i førarsetet både tanke og handling. Den vidare lærdommen her er at medan den praktiske politiske kampen og dei større ideologiske spørsmåla ikkje er eitt og det same, og ein organisasjon kan gå fram på eitt område medan han går tilbake på eitt anna, vil dei  fiendslege motseiingane som skulle finnast mellom dei to områda etter kvart koma til syne og krevja ei løysing.

Somme maoistar forsvarte Kulturrevolusjonen, fordømde det motrevolusjonære kuppet i Kina og freista å koma seg framover i revolusjonær kamp. Gonzalo hadde vore i Kina ei tid (kor han lærte å laga sprengstoff, som skulle verta nyttig med tanke på all dynamitten som kunne finnast i gruvane i det peruvianske høglandet) under Kulturrevolusjonen og hadde inga innbillingar om det nye kinesiske styret. Det fremste svaret hans var å prova at maoismen var rett i handling ved å setja i gong folkekrig, spedd på med mange trongsynte utspel og dei daude hundane med merkelappen «Deng Xiaoping» som vart hengde frå telefonstolpar i Lima i 1980. I USA, etter ei lang tid med indre tolinjekamp som førte til ei kløyving i det Revolusjonære Kommunistpartiet (RCP, USA) la Bob Avakian fram ei innhaldsrik gransking av svingingane i Kulturrevolusjonen og kuppet i 1976 i talar som seinare vart givne ut som The Loss in China and the Revolutionary Legacy of Mao Tsetung (1978). Sjølv om dette nok var den beste granskinga av sitt slag då ho kom ut, la Avakian ovstor vekt på linjekampane i toppleiinga åt KKP, på kostnad åt rolla som massane spelte og den revolusjonære kampen på grasrota. Vidare hadde han ein hang til å visa fram «kapitalistfararane» som om dei var utan indre motseiingar. Desse veikheitene fekk openbere følgjer for den seinare utviklinga åt RCP.

RCP, USA skulle seinare skapa ei internasjonal hending då dei stempla Deng Xiaoping som kapitalistfarar i eit militant opptog då Deng var på statsvitjing i Washington, DC i 1979. Opptoget førte til nevekamp med opptøyspoliti, dusinvis av arrestasjonar og mange klagemål om brotsverk. Same kor viktige dette og andre utspel mot Deng var då dei hendte, makta kommunistane diverre ikkje å gjera vidare historiske granskingar av Kulturrevolusjonen, og forsømte dimed å henta ut nyanserte lærdommar frå den mest framgangsrike røynsla vår. Først nyleg har verka åt fleire kinesiske forskarar som Mobo Gao, Dongping Han, Yawen Ludin og Hongsheng Juang gjort måten vi forstår Kulturrevolusjonen på rikare (det vil seia, om vi er villige til å gjera dei naudsynte granskingane).

I 1982 gjekk fleire maoistiske fylkingar, som var små og spreidde, saman om å danna den Revolusjonære Internasjonalistiske Rørsla (RIM)  som ein freistnad på å omfylka seg. RIM si stiftingserklæring er ei viktig nedkoking av lærdommane åt dei revolusjonære kampane, kommunistpartia og dei sosialistiske statane åt det tjuande hundreåret; ei framstilling av læresetningar frå kommunistiske revolusjonære som vart smidd i kampane på sekstitalet og stod rakrygga i møte med tapet i Kina og den internasjonale nedgangen i revolusjonær kamp. I ei internett-tid kor det er lett å blanda saman overdrivingar frå tastaturkommunistar som har lite eller inga erfaring med sanne lærdommar frå revolusjonær kamp, er det viktig å seia at medlemmane åt RIM sine deltakarfylkingar hadde vore med i viktige student- og massekampar, møtt fengsel og tortur og i nokre fall leidd væpna kamp.

Medan kunngjeringa åt RIM ber vidare på nokre av den tronsyntheita som er knytt til maoismen og har vorte kritisert ovanfor (i innhald og særleg i stil) viser ho ei open innstilling mot å undersøkja dei skiftande forholda som vert skapt av motseiingane åt kapitalismen-imperialismen og kva dette har å seia for revolusjonær strategi. Vidare syner ho fram trongen for å gjera djupare, kritiske granskingar av historia åt kommunistiske revolusjonar og proletardiktatur. Denne framgangsmåten vart ført vidare i nokon grad i tidsskriftet A World To Win, som var tilknytta RIM og kom ut fram til tidleg på 2000-talet. Dei historiske samanfattingane, samtidige granskingane og linjekampen i A World To Win så vel som RIM sitt arbeid for å folkeleggjera og byggja internasjonal støtte for samtidige revolusjonære kampar, særleg dei maoist-leidde folkekrigane, er noko å læra av i dag. Men RIM gjekk i sund tidleg på 2000-talet, diverre utan noko særleg offentleg samanfatting av grunnane til oppløysinga, slik det altfor ofte er. Det som sannsynlegvis er grunnane til fallet åt RIM er kampar mellom folkekrigsuniversalistar og tilhengjarane av den «Nye Syntesen» åt Avakian, Prachanda si omfamning av borgarleg folkestyre og svik mot revolusjonen i Nepal (CPN(M) hadde vore ei viktig deltakar i RIM) og langvarig forvirring over tilbakegangen i den peruvianske folkekrigen etter at Gonzalo vart fanga.

…før vi gjeng vidare her, lat oss taka inn over oss all forvirringa og vonbrotet dei som har vigd livet sitt åt den kommunistiske revolusjonen har kjent på når vi har mista sosialistiske statar, fortroppsparti og krafta åt revolusjonær masseoppstand. Lat oss visa medkjensle med dei, sjølv dei som endte opp på dårlege plassar, utnyttja dei lagra av røynsler som dei hev utvikla, og binda att den brotne slektskjeda vi er ein del av. Og lat oss gløyma det hovmodet vi måtte ha, og læra frå visdommen åt dei altfor få kommunistiske eldre som enno er hjå oss, og kanskje visa litt Yoruba-ånd til dei som ikkje lenger er her.

Stans. Tre djupe andedrag…

Vi vender att til forteljinga vår. Den internasjonale kommunistiske rørsla, i den grad det finst ein sånn i dag, er i eit valdsamt rot, som starta med det motrevolusjonære kuppet i Kina i 1976 og berre har vorte djupare sidan då. Det finst ting som rører seg og viser veg ut av rotet; det omfattar framgangane i folkekrigane i Peru, India, Filippinane, Nepal og danninga og verksemden åt RIM. Men det finst og meir forvirring der kor denne framoverretta rørsla har stogga opp. På solsida; reisingane og opprøra det siste tiåret har skapt ei ny gjeng av radikale som ser på revolusjon, kommunisme og maoisme. No er spørsmålet kva som kjem ut av det.

Om vi skal svara på dette etter beste vis, må vi omfamne den naudsynte spenninga mellom å på den eine sida støtta dei lærdommane, smidde gjennom revolusjonær kamp og offer som vi har arva som marxismen-leninismen-maoismen, og på den andre sida å granska og døma fortida vår utan nåde, taka lærdom frå utanfor MLM-kanonen, og bana oss fram langs nye vegar. Å freista å koma seg ut or denne spenninga, anten ved å slutta seg til kyrkja åt folkekrigsuniversalismen eller gjennom å sky attende for «problematiske» einingar (for å låna eit problematisk ord frå postmodernismen) som proletardiktatur og fortroppsparti, vil berre føra til daud trongsyntheit eller radikalt borgardemokrati som synest friskt men er råttent i vesen. Uansett, om vi ikkje omfamnar spenninga, vil vi ikkje vera rede for det som er den mest vanskelege men og mest naudsynte og forfriskande oppgåva i menneskesoga: kommunistisk revolusjon.

Militær strategi og revolusjon i imperialistlanda

Det finst djupe grenser for kva ein kan seia om krigsstrategien for revolusjon i imperialistlanda i eit offentleg skrift. Einkvar som trur noko anna er anten godtruande, falsk eller verre. Når eg skriv om krigsstrategi for revolusjon i imperialistlanda, er det berre som tankeleik.

I artiklane sine kor han kritiserer kyrkja åt folkekrigsuniversalismen, påpeiker Jose Maria Sison ganske rett at det nett no ikkje synest å finnast nokon kommunistiske krefter i imperialistlanda som har den styrka som trengst — her omfatta røter hjå massane — og er i høvelege forhold for å utføra militære handlingar. Difor er hovudoppgåva no, for alle som ønskjer å omforma denne stoda, å gå inn hjå massane, byggja organisasjon hjå dei, verva kommunistar og byggja opp etablerte (og trygge) kommunistiske fylkingar gjennom denne verksemda, og utvikla teori og kampplanar i samband med denne praksisen.

Joma avviser ikkje heilt at revolusjonære og massane dei leiar skulle læra å nytta stridsutstyr no. Han nemnar lovlege skyttarlag og naboverngrupper som døme på tilfelle kor dette kan høva seg. Men Joma varar om at å forbinda bruken av stridsutstyr, omfatta å trena med det på lovleg vis, med offentlege krav om revolusjon og revolusjonær samskipnad berre vil svekkja tryggleiken åt den kommunistiske samskipnaden og føra til undertrykking av både den revolusjonære foreininga og massane før ein kan verna om den eine eller andre. Ein skal lytta til sine eldre.

Jose Marie Sison («Joma»), som har vore i landlysing i Nederland sidan åttitalet, sender «Sison’s greetings» til Filippinanes Kommunistiske Parti på 50-årsmarkeringa deira 26. desember 2018 (også bursdagen til Mao Zedong). Joma spelte ei førande rolle i å stifta partiet og tek enno del i den nasjonaldemokratiske rørsla som forfattar og rådgivar for Filippinanes Nasjonaldemokratiske Front (NDFP).

Joma føreslår også framtidige, tenkte stoder i imperialistlanda kor det å nytta stridsmateriell kunne høve seg. Den ytre høgresida, til dømes, væpnar seg og er stadig meir skuldige i masseskytingar og sjølvtekt mot ikkje-kvite, innvandrarar, muslimar og skeive. Revolusjonære kan måtte leia folk i å verna seg mot slike åtak. Eg kan tenkja på to andre tenkte moglegheiter i framtida. Ein, om eit landområde vert øydelagt av klimaendringar/naturkatastrofe og borgarskapen set seg føre å forlata området, kan det vera lurt for dei revolusjonære å utvikla aktivt vern av nabolaget i det området. To, grenseområde kor det er strid om folkeflytningar og busetjing av flyktningar er i aukande grad råka av vald frå tryggingsstyrkene åt borgarstaten og sjølvtektsgrupper frå ytre høgre. Her kan vern av Robert F. Williams-sorta koma til å høva seg (men igjen er dette berre i tanken; eg tek ikkje til orde for noko slags handling). Men nokon av desse tenkte moglegheitene bør blandast i hop med den særlege strategien kalla langvarig folkekrig.

Kva kan kommunistar gjera no for å tenkja på stridsstrategi for revolusjon i imperialistlanda? Ei oppgåva på kort sikt (som er heilt lovleg) er å setja seg inn i røynslene åt organisasjonar som nytta revolusjonær vald i imperialistlanda. Dette vil seia å sjå på teoriane og strategiane som rettleia dei, å granska praksisen deira og døma korleis handlingane deira høva eller ikkje høva og fekk innverknad på dei historiske stodene dei var i. J. Smith sitt tobandsverk The Red Army Faction: A Documentary History, Ron Jacobs si The Way the Wind Blew: A History of the Weather Underground og Kersplebedeb si nylege utgiving 1978: A New Stage in the Class Struggle? Selected Documents from the Spring Campaign of the Red Prigades og Strike One to Educate One Hundred: The Rise of the Red Brigades, 1960s-1970s er alle gode plassar å byrja. Robert F. Williams si Negroes wirth Guns gir ei strategisk rik soge om då han leidde Svarte i væpna sjølvverje mot terror frå tilhengjarar av kvit overmakt i Monroe, North Carolina. Dette førte til at han måtte i landlysing i Cuba i 1961, og seinare i Kina. Timothy Tyson si Radio Free Dixie gir ei utførleg soge om røynslene hans og korleis dei verka inn på den Svarte frigjeringsrørsla. Sjølv om vi hev bruk for samanfattingar av dei seinare freistnadane åt den svarte frigjeringsrørsla på å nytta revolusjonær vald, er George Jackson si Blood In My Eye eit avgjerande teoretisk bidrag til spørsmålet om stridsstrategi i imperialistlanda. Det burde vore påboden lesing for alle kommunistar i imperialistlanda, medan vi held i hug at Jackson tok side med Huey Newton i brotet med Eldridge Cleaver.

Robert F. Williams (her med si kone og organisator-felle Mabel Williams) var ei leiar frå borgarrettstida, kjent for å vera hjå dei første som tok til orde for væpna Svart sjølvverje.

Ein ting ser ut til å vera sikker (og dette er berre som tankeleik): tanken om at ein revolusjonær borgarkrig brått bryt ut og at den kommunistiske fortroppen tek forma åt ein revolusjonær proletarhær som er i stand til å nedkjempa borgarmakta i eit imperialistland utan revolusjonær vald og revolusjonær stridsorganisering i forkant av borgarkrigen, er ei innbilling som vert spreidd av revisjonistiske organisasjonar som er vitskremde av revolusjonær borgarkrig. Svaret på denne innbillinga er ikkje å skapa seg og taka til orde for dumme, altfor tidlege åtak, men å granska og samtala om tenkte moglegheiter i framtida (bak lukka dører) og byggja den revolusjonære samskipnaden så klokt og godt at han kan halda ut i den valden og undertrykkinga som fienden uunngåeleg vil påføra han.

Subjektive og objektive tilhøve i den revolusjonære utviklinga

Denne siste saka set fram større strategiske spørsmål (som ikkje berre har med strid å gjera) som gjeld rolla åt det vi kommunistar kallar dei subjektive tilhøva (kreftene for revolusjonen) og dei objektive tilhøva (den herskande ordninga og forholda ho skaper) i den revolusjonære utviklinga. Her står vi i fare for å tapa mot kyrkja åt folkekrigsuniversalismen om vi held oss til det som har vore gjengs lærdom i den internasjonale kommunistiske rørsla (særleg hjå revisjonistar).

Ein mangel eg finn i det elles framifrå verket åt Belisario, er at han gjentek mykje av denne nedervte visdommen som har vorte gitt oss av store kommunistiske leiarar. Til dømes gir han att dette stykket frå Sison si Basic Principles of Marxism-Leninism: A Primer on the development of a revolutionary situation:

Dei objektive tilhøva kjem først, framfor dei subjektive tilhøva. Dei førstnemnte oppstår før dei sistnemnte og tener som grunnlag for utviklinga av revolusjonære styrkar. Kommunistpartiet kan ikkje lastast for å finna opp eller skapa den politiske og økonomiske krisa åt den borgarlege herskarordninga.

Sison er ikkje noko talerøyr for deterministiske oppfatningar av objektive tilhøve, men attgivinga ovanfor frå nesten førti år sidan, som gjentek nedervt kommunistisk visdom, inneheld dei teoretiske frøa til deteministiske oppfatningar. Eit døme på dette er oppfatninga i tid og rom (typisk blant marxistar) kor eitt emne kjem før eit anna (objektiv > subjektiv, basis > overbygning osv.). Sjølv når denne tanken om rekkjefølgje stemmer med røynda, kan det øydeleggje for korleis vi forstår det dialektiske forholdet mellom ulike sider av ei motseiing, som verkar att og fram på kvarandre, og giva mat til ei todelt oppfatning kor ein ikkje tek høgde for samansmeltinga av subjektive og objektive tilhøve.

Eg tek ikkje opp dette for å pirka på tre setningar i ei bok Sison skreiv for førti år sidan, men fordi den utbreidde, gjengse teoretiske læra om forholdet mellom subjektive og objektive tilhøve har fått store følgjer for kommunistar, særleg i imperialistlanda, kor samanlikningsvis stor sosial ro allereie bidrar til å gjera kommunistane sjølvtilfredse og likeglade. Som (n)PCI samanfattar i det tidlegare nemnte «Four Main Issues»-stykket deira, har kommunistparti i imperialistlanda «hatt ei mekanistisk oppfatning av revolusjonen (som noko som skjer på grunn av ytre tilhøve) i staden for ei dialektisk-materialistisk oppfatning (som noko som skjer på grunn av den subjektive handlinga vår når denne stemmer med lovane åt røynda).» Vidare tek dei til orde for at «ein av dei viktigaste ålmenngyldige slutningane er at den sosialistiske revolusjonen, i sitt vesen, ikkje er bygd opp av eit folkeleg opprør som bryt ut og kor kommunistpartiet, vel budd på denne hendinga, nyttar høvet til å taka makta og skipa sosialisme.»

Eg meiner røynslene frå maoistiske folkekrigar dei siste femti åra stadfestar slutningane åt (n)PCI. I Filippinane til dømes, då President Marcos innførte unntakslovar og samla makta hjå regjeringa i 1972, var ikkje dette svar på framgangen åt folkekrigen som CPP leidde og den revolusjonære rørsla? Var ikkje det eit døme på at «objektive forhold» vart skapt av (eller rettare, at ei grein av herskarklassen svarte på) dei subjektive forholda? Og la ikkje desse objektive forholda til rette for aukande motstand frå mange forskjellege klassekrefter mot Marcos-styret, som CPP så klarte å utnytta for å mangedoble den revolusjonære einskapsfronten? Gjorde ikkje denne framgangen åt dei subjektive tilhøva, saman med motstand mot Marcos frå ulike klassekrefter, at ymse greinar av dei filippinske og US-amerikanske herskarklassane mista trua på Marcos og tillet at han vart kasta i eit folkeleg opprør, noko som skapte nye moglegheiter for CPP? Denne hendinga syner fram ei rørsle fram og tilbake mellom den subjektive faktoren og dei objektive forholda, kor dei siste ikkje kan seiast å ha spela den fyrste og avgjerande rolla i den revolusjonære utviklinga.

Og kan ein ikkje seia det same om folkekrigane i Peru og Nepal? Då folkekrigen vart satt i gong i 1980 i Ayacucho, endra ikkje dette dei objektive forholda i Peru, slik at hæren vart tvunge til å strida med væpna massar medan dei etablerte venstreorganisasjonane i aukande grad måtte gå Sendero i møte? Og medan den stadig djupare økonomiske krisa på åttitalet ikkje vart skapt av Sendero — det var i hovudsak utanlandsgjeld og strukturjusteringsprogram som IMF og USA tvang på Peru, som hadde skuld i krisa — gjorde ikkje Sendero sitt oppfinsamme strategiske skifte mot slummane i Lima at denne krisa vart ei djupare politisk krise? Var ikkje «sjølvkuppet» åt president Fujimori i hovudsak valda av framgangen åt den subjektive faktoren, heller enn den økonomiske krisa?

Og når det gjeld Nepal, var det ikkje den hurtige framgangen åt folkekrigen som fekk ei avdeling av herskarklassen til å truleg setja opp (ingen trur på den rådande forteljinga) 1. juli-massakren mot kong Birenda og den næraste familien hans, slik at kong Gyanendra vart satt på tronen, av di han var viljug til å sleppa laus den Kongelege Nepalske Hæren mot revolusjonen? Syner ikkje dette at det var den subjektive faktoren som skapte kløyvingar i herskarklassen (eit av Lenins forhold for ei revolusjonær stoda) som gjekk så langt som ein kongeleg massakre? Og var ikkje alle dei påfølgjande handlingane åt herskarklassen og dei største politiske kreftene i Nepal svar på framgangen åt den subjektive faktoren, frå då Gyanendra sette folkeforsamlinga til side 22. mai 2002 til sjuparti-sambandet som leidde eit folkeleg opprør for å gjeninnføra parlamentarisk demokrati og kasta ut kongemakta? Kan vi ikkje slutta frå desse døma at revolusjonære kriser i Filippinane, Peru og Nepal ikkje først og fremst kom av utviklinga åt dei objektive forholda som åtskild frå handlingane åt kommunistane, men heller av framgangen åt den subjektive faktoren i dialektisk vekselverknad med dei strukturelle motseiingane i kapitalismen-imperialismen, konjunkturkrisene åt det borgarlege herredømet, og freistnadane åt herskarklassane på å løysa krisene?

Kva har alt dette å seia for revolusjonær strategi i imperialistlanda? Korleis kan vi føra fram den subjektive faktoren dit kor den vert ei avgjerande kraft på den objektive stoda? Kyrkja åt folkekrigsuniversalismen hev ikkje noko svar på dette.

(n)PCI skriv i dokumentet Four Main Issues at:

Den sosialistiske revolusjonen er ein langvarig, revolusjonær folkekrig (LRF) leidd av kommunistpartiet gjennom fleire kampanjar. Kommunistpartiet styrker og grunnfestar seg i undervegs i krigen, samlar saman og trener opp dei revolusjonære styrkane ved å organisere dei framskredne delane av arbeidarklassen og andre klassar hjå folkemassane i sine eigne rekkjer, så vel som i masseforeiningar samla rundt Kommunistpartiet (den revolusjonære fronten). Partiet byggjar seg opp og utvidar seg sted for steg, og styrker en ny veg hjå dei breiare folkemassane. Denne nye makta evnar å yta motstand mot borgarskapen og festa grepet sitt om dei fram til dei vert erstatta, heile landet er teke over og sosialismen vert skipa. Som regel skjer dette gjennom ein borgarkrig som borgarskapen startar når dei står med ryggen mot veggen.

Ikkje vert lurt av korleis (n)PCI nyttar termen LRF — dei soknar ikkje åt kyrkja åt folkekrigsuniversalismen. I denne samanhengen meiner dei ikkje å starta militære handlingar og setja opp baseområde, men heller ei oppsamling av revolusjonære styrkar som i aukande grad nyttar krafta si mot borgarmakta og viser ei veg ut av borgarstyret for dei breiare massane. Sjølv om eg er ueinig med å nytta omgrepet LRF for å visa til ei utvikling som ikkje er krig før i sitt siste steg, set eg pris på korleis (n)PCI tek lædommar frå Mao sin strategi om oppbygging av revolusjonære styrker, og på nyskapande vis nyttar desse lærdommane på imperialistlanda og tenkjer om den revolusjonære prosessen «baklengs frå borgarkrigen». Eg hev to spørsmål om denne strategien slik han vert ordlagt ovanfor. Ein, kunne han misforståast, særleg i samanheng med den djupe boktrua hjå kommunistar i dag, som at han set fram eit syn på at den subjektive faktoren berre går framover, utan å halda i hug at denne steinete vegen vil ha både framganger og tilbakeslag, og utan å teoretisere godt nok korleis den subjektive faktoren vert byggja i samanheng med «objektive» utviklingar slik som i den kinesiske revolusjonen? (For å ha sagt det, trur eg ikkje (n)PCI hev eit rettlina syn på revolusjonær framgang; dei veit at den revolusjonære utviklinga ikkje er mjuk som ein av melodiane til Puccini.) Og to, kan vi rekna med at borgarskapen startar ein borgarkrig mot dei subjektive kreftene åt revolusjonen? Peiker ikkje omgrepet «regimet av førebyggjande motrevolusjon» på dei mange måtane borgarskapet hev utvikla for å unngå at dette vert naudsynt? Her kan vi læra av kva Joshua Bloom og Waldo Martin fortel oss i Black Against Empire: The History and Politics of the Black Panther Party; at Nixon-styret til slutt sigra over utfordringa frå Black Panthers og tok lufta or den Svarte frigeringsrørsla ikkje først og fremst ved å slå ned på dei, men ved å undergrava den revolusjonære rørsla gjennom velferdstiltak og kvotering.

Det nye ættleddet av såkalla kommunistar i USA, har i hovudsak vore instilt på «basebygging» og ulike oppfatningar av «massearbeid», først og fremst ved å verta med i kampane til leigetakarar mot huseigarar og gentrifiseing, og ved å dela ut mat i proletariske nabolag — bokstavleg talt «ten folket»-tiltak (merknad frå omsetjar: her går eit ordspel tapt i omsetjinga; engelsk serve hev dobbelmeininga «tena» og «bera fram mat»). Nokre verdifulle røynsler vil vonaleg verta vunne fram i desse innsatsane, særleg om dei som deltek verkeleg freistar å gå i eitt med massane og læra frå dei, slik Mao tok til orde for. Men det ser ut til å finnast mange inbillingar og usvara spørsmål hjå dei som driv dette arbeidet. Dette kan ein forstå nå det kjem frå mangel på røynsler, men det kan berre løysast gjenom grundige, kritiske samanfattingar.

Desse innbillingane tek i hovudsak to former: anten som skjønnmaling av massane, eller å ikkje ta statsmakta åt borgarskapen på alvor. Når det gjeld å skjønnmale massane, finst det ofte ei (ganske anarkistisk) førestilling om at massane plutseleg vil trå fram som ei revolusjonær kraft utan motseiingar, utan ein leiande fortropp, utan ein måte å rydda i dei mange stridane hjå massane på, og utan at kommunistane kjempar mot den djuptgåande innverknaden åt borgarleg ideologi i ulike former hjå massane. (Masselinja utan Kva må gjerast? vert alltid ei oppskift på å dilta etter massane.)

Når det gjeld statsmakta åt borgarskapen, er altfor mange såkalla kommunistar raskt ute med å snakka om å skapa dobbelmakt, sjølvstyrte område eller tilogmeg baseområde, utan å tenkja over korleis borgarskapen kan og har nytta valdsmakta si om bere eit fnugg av revolusjonær motstand veks fram hjå dei grunnleggjande massane. (Dei proletariske massane i det store og det heile har få innbillingar om dette, og det vil ein fort oppdaga om ein tek seg tid til å verkeleg lytta til dei.) Mangelen på røynsler hjå det yngre ættleddet, som for det meste kjem frå småborgarskapet og aldri har møtt alvorleg politisk undertrykking, fører her til godtruande tenking. I dei verste falla kjem desse kunngjeringane om at ein kan byggja baseområde eller anna raud politisk makt frå folk som raskt trekkjer seg tilbake med ein gong (og gjerne før) dei møter undertrykking frå politiet. Under desse innbillingane om den borgarlege statsmakta og dei godtruande gjetningane om evna til å staka ut revolusjonær makt midt i den herskande ordninga, ligg eit anarko-syndikalistisk syn på revolusjon som noko som veks fram «nedanfrå»; kor den borgarlege statsmakta gradvis vert slitt bort ved å trekkja nabolag og arbeidsplassar ut or borgarleg styre. Kameratar treng berre å granska røynslene frå Zapatistane for å skøna kor dette fører ein.

Spørsmåla som ikkje har fått svar er tallrike, men her er nokre få som vonleg kan skunda fram meir kritisk tenking. På nøyaktig kva vis kjem ymse tiltak som møter trongane til folk, festa til revolusjonære slagord, til å føra delar av massane til ei klassemedviten forståing av samfunnet og til å samskipa seg revolusjonært? Korleis kjem kampar mellom leigetakarar og huseigarar til å få folk til klassemedvit, og korleis kan kommunistane avleia slike kampar mot revolusjonære mål? Korleis kan vi, som Sendero gjorde, gjera kampar om arbeids- og buforhold til stadig meir intense slag med borgarmakta som får folk til å stilla spørsmål ved legitimiteten åt borgarmakta og dytta massane i revolusjonær retning? Korfor freistar ikkje såkalla kommunistar å leia kampar mot politivald og mord når dete har tent opprør hjå Svarte proletarar dei seinare åra? Korleis kan vi, samstundes som vi fyllar trongane åt massane og organiserer leigetakarar, fylla revolusjonær ideologi inn i blandinga og kjempa mot dei mange bakvendte tankane som sjølv dei mest proletariske massane vert dynka i? Eg stiller ikkje desse spørsmåla som stikk mot kameratane som handlar på desse visa, men som alvorlege spørsmål om korleis denne praksisen kan bidra til å byggja dei subjektive kreftene for revolusjonen. Eg er tvilande til godt gjennomtenkte planar som grunnar seg på få røynsler og utan sans for motseiingar.

Sett bort frå desse basebyggings- og ten folket-innsatsane, hev vi spørsmålet om korleis kommunistar kan gripa inn i dei mange politiske krisene vi møter i dag, på måtar som leiar den spontane motstanden mot krisene i retning av revolusjonære mål, og gjer dei mest framskridne som viser seg i desse krisene til kommunistiske kadrar. Korleis skal vi stilla oss til dei hundretusanvis av tenåringane som set seg i rørsle mot at regjeringa ikkje handlar i møte med klimakrisa og skoleskytingar? Går ikkje desse tenåringane i møte med dei djupe motseiingane åt kapitalismen-imperialismen i dag, sjølv om dei ikkje forstår det slik enno, og difor sannsynlegvis vil sjå etter løysingar innanfor det borgarlege demokratiet? Korleis skulle vi gå fram for å stella i stand kjempande motstand mot innestenginga av innvandrarar ved den sørlege grensa, på eit vis som stikk kjeppar i hjula for valdsmakta? Og korleis kunne vi gjort dette på ein måte som får fram dei beste hjå forstadsmødrene som er opprørte over å sjå barn i bur, og dei religiøse krinsane som i si gudstru har teke til sivil ulydnad utanfor ICE-bygningar og sett opp støttenettverk for udokumenterte innvandrarar? Kva har vi å seia mot dei hatske åtaka som høgresida lempar mot kongressmedlem Ilhan Omar? Eller har vi hovuda våre så langt oppe i dei trongsynte rævene våre at alt vi klarer er å klappa oss sjølv på ryggen for å vita at valpolitikk er lureri?

Ein strategi som ikkje går lenger enn ei smal oppfatning av å organisera hjå proletariatet frå botnen og opp, vil aldri makta å samla den oppstillinga av klassekrefter som trengst for å velta US-imperialismen. At inga revolusjonær makt klarte å trå inn i den utbreidde misnøya hjå ulike klassar og sjikt i folket etter at Trump vart vald, og leia ein einskapsfront i motstand mot den oppblomstrande fascismen, syner fram den usle tilstanden åt den subjektive faktoren i USA. Ein slik motstand kunne ha drive millionar bort frå å koma under vingane åt det liberale borgarskapet, og den kommunistiske kjerna i einskapsfronten ville ha mangedobla seg.

I denne samanhenga gjer Sison og Belisario rett når dei i skriftene sine legg vekt på å granska den objektive stoda og utvikla strategi på dette grunnlaget. Altfor mange av dei såkalla kommunistane i USA i dag maktar ikkje, eller kanskje enda verre, er ikkje interesserte i å gjera dette. Belisario sitt lesestykke viser til eit avgjerande verk i MLM-kanonen — Lenin sitt «Venstrekommunismen, ein barnesjukdom». Dette gir utmerka strategisk rettleiing om korleis ein skal styra gjennom svingane i den objektive stoda og korleis ein skal leia ikkje berre proletariatet, men óg dei andre klassekreftene med interessar som både samsvarer og støytar mot revolusjonen. Nokre av dei taktiske råda i dette verket er gale, og har vorte teke opp av revisjonistane for å rettferdiggjera reformismen deira. Det britiske stortinget på 20-talet, til dømes, var ikkje ein særleg god reiskap for kommunistane. Her høver påminninga til onkel Jo (Stalin omsetjar) om at «i Russland var eineveldet alt, parlamentet var inkje». Og om du i enkelt boktruskap tek frå verket til Lenin at «vi bør nytta parlamentarisk kamp og jobba i bakvendte fagforeiningar» i USA i 2019, har du missa poenget. Men om vi skal koma oss forbi umogenskap, hovmod og sjølvnøgd merkelapp-politikk («eg er ein abolisjonist»), og verta kommunistar som maktar å kjempa om makta, er lærdommane som Lenin legg fram i «Venstrekommunismen» avgjerande.

Eg hevdar ikkje å ha funne ut alt når det gjeld å utvikla dei subjektive kreftene for revolusjonen dit kor dei byrjar å verka inn på, eller tilogmed avgjera den objektive stoda. Standpunkta mine i samanheng med strategi og praksis burde vera ganske tydelege med utgangspunkt i diskusjonen ovanfor, og ingen einskild person kan finna ut av dette for den revolusjonære rørsla. Men om vi saman skal finna ut av dette, vil det krevja ikkje berre praktisk innsats, men også teoretisk arbeid som hakkar laus på dei epistemologiske røtene i gjenspeilingsteori som ligg til grunn for strategiar grunna på at den store, revolusjonære krisa skal koma uavhengig av handlingane våre. For å kritisera gjenspeilingsteorien, som held fast på at ein utanforståande verkelegheit vert gjenspeila som objektiv sanning hjå ein tilskodar som står utanfor denne objektive stoda, må vi jobba ikkje berre innanfor den kommunistiske bokhylla, men også gå i møte med naturvitskap, filosofi og dessutan åndelege tankeordningar, for å endra måten vi tenkjer om verkelegheita og medvitet.

I denne samanhenga er dei banebrytande utviklingane i vitskapen, som stadig snur opp ned på nedervd visdom om stoff og materialisme, særleg viktige. Her vil eg berre nemna nokre av dei slags vitskaplege utviklingane som kommunistane må tenkja vidare gjennom for å blåsa nytt liv i den materialistiske dialektikken; eg ventar enno med å trekkja endelege slutningar. I psykologi og nevrovitskap, tek teorien om konstruerte kjenler til orde for at hjernen skipar den verkelegheita vi ser, ikkje i hovudsak gjennom sanseinntrykk, men gjennom føregriping og å utnytta omgrep ein har lært. Banebrytande forsking i epigenetikk avslører at skapningar er i stand til å skru på og av genar, med bakgrunn i trongane og moglegheitene som vert stilt av omverda og den sosiale samanhenga. Til dømes utvikla menneska evna til å fordøya mjølk (utover morsmjølka medan dei er spedbarn) etter at dei byrja å halda husdjur som laga mjølk. Dette, og andre utviklingar i biologien, ymtar om at medvitet (eller undermedvitet) hev ei større rolle i det evolusjonære forløpet enn vi har rekna med, og utfordrar dimed den darwinske vekta på samantreff. Og gjennom det siste århundret har fysikken avslørt i aukande grad at røyndommen ikkje er som vi ser han; mellom andre ting er røyndommen både stoff (partiklar) og bølgjer (energi), og heile røydommen er bunde saman av energifelt. På den tida det tok deg å lesa hit i dette stykket, kor mange nøytrino har reist gjennom tommeltuppen din? Desse vitskaplege utviklingane peiker alle mot ein «røyndom» som er ikkje byggja opp av klart åtskilde einingar, men heller eit djupt samspel, og ymtar om at energikrefter og ymse slags medvit kjem føre stoff i å forma røyndommen vår. Den gjengse kommunistiske gjenspeilingsteorien med sanning og røyndom, som vert uttala i Lenin sin Materialisme og empiriokritisisme, vert dimed sett under tvil.

Vidare er desse vitskaplege utviklingane, særleg innanfor kvantefysikken, i aukande grad i nokolunde samsvar med dei åndelege trusordningane i det Engels kalla «primitive kommunistiske» samfunn. Det som kommunistar (medrekna Engels) har vore rakst ute med å avfeia som idealisme i den åndelege visdommen, byrjar no å sjå meir materialistisk ut (i korleis han kjenner att ållmenn energi og samkvemmet i heile røyndommen) enn den materialismen som veks fram i Europa i Renessansen og Opplysningstida, og som Marxismen nytta som utgangspunkt for å forstå røyndommen. Postmodernistisk filosofi kjem saka ved også, av di han avviser faste inndelingar, overgripande kunngjeringar og rammeforteljingar, erkjenner at den menneskelege vilja har ein plass, og utfordrar oppfatningar om ei rein, upletta sanning. Uansett kor mykje vi er nøydd til å kjempa mot dei usle politiske planane åt postmodernismen, vil vi berre styrka dogmatismen om vi oversåg eller avviste alle dei filosofiske innsiktene hans.

Det ligg utanfor rekkjevidda åt dette skriftet å gå alle desse spørsmåla i møte: om forholdet mellom dei objektive og subjektive faktorane i det revolusjonære forløpet, mellom sanning og røyndom, og korleis nye utviklingar i vitskap og filosofi og eldre åndeleg visdom bør verka inn på den kommunistiske teorien. I framtidige utgåver av kites vil eg gi ut eit lenger skrift som gir svara mine på desse spørsmåla (og stiller enda fleire). Armodet åt filosofien i den internasjonale kommunistiske rørsla dei siste fire tiåra kjem iallfall delvis frå korleis ikkje hev makta å gjera kva Marx og Engels gjorde: gå i møte med alle dei nyaste utviklingane i vitskapen og ulike skolar i filosofien, og byggja inn utfalla av dette rike samkvemmet i dei kommunistiske måtane å forstå og endra verda. I staden hev dei fleste av oss stått under innbillinga av den kommunistiske teorien berre kan utvikla seg or MLM-kanonen og, kanskje betre men enno med djupe avgrensningar, utelukkande frå våre eigne handlingar.

Dette vil ikkje seia at det ikkje er viktig å samanfatta og teoretisere praksis, eller å vera rotfesta i MLM-bokhylla. Det er jo nett éin plass vi må leita i MLM-bokhylla for å hjelpa oss med å gjera dei brota som trengst i dag: maoismen. Storleiken åt Mao låg i å kjenna igjen den dynamiske og avgjerande rolla åt den subjektive faktoren, og gi denne ei leiande rolle i det revolusjonære forløpet, av di den subjektive krafta kunne endra dei «objektive forholda» ho møtte. Mao gjorde det same når det gjaldt produksjonsforholda, sosiale forhold, kultur og tankar i samanheng med å dytta fram den sosialistiske overgangen til kommunismen. Med andre ord synte Mao sine teoretiske ytingar at massane er dei som skaper soga. Dette var eit brot med den herskande tenkinga i dei Andre og Tredje internasjonalane, som nesten alltid såg på produktivkreftene og dei objektive forholda som det som kom først i den revolusjonære utviklinga. Slik tenking stogga den revolusjonære framgangen, slik som til dømes då onkel Jo råda KKP etter Andre Verdskrig til å ikkje taka opp att borgarkrigen med Kuomintang og taka makta over heile landet. Det er ikkje tilfeldig at dette brotet, som Mao leidde, skjedde i Kina, kor filosofiske skikkar (og helekunstar som akupunktur) ikkje heilt hadde vorte avløyst av dei mekaniske, dualistiske og deterministiske tankemåtane som herska i Europe i århundrar.

Åt den andre sida, fører Mao sine eigne skrifter vidare noko av den mekaniske og deterministiske tenkinga som hadde vorte innbakt i Marxismen og vart forstørra av Stalin. Likevel trur eg at ånda og gjerda åt Mao, og i stor grad skriftene hans, gir eit utgangspunkt for oss kommunistar til å bryta med dualisme og mekanisk determinisme. Å utføra dette tankearbeidet vil få ovstore følgjer for praksis, då vi treng ei oppfatning av det revolusjonære forløpet som ikkje berre lener seg på gunstige objektive forhold.

Avslutning

Forvirringa, tilbakeslaga, svika og tapa for og i den internasjonale kommunistiske rørsla sidan 1976, har vore inkje mindre enn knusande for dei av oss som enno er (eller nettopp har vorte) forplikta til revolusjonen, og for dei milliardane av massar i livsforhold som skrik etter revolusjon. Og åt den andre sida: den verdifulle soga vi kan trekkja frå, og dei framgangane som dei siste tiåra hev vore vunne trass dårlege utsikter, gjev oss enno von og styrke. Mot dette bakteppet er det forstyrrande å sjå i 2019 kva Mao skildra for fleire tiår sidan: «dogmatikarane kan lett taka på seg ei marxistiske maske for å narra, fanga og utnytta kadrar med arbeidar- og bondebakgrunn, som vanskeleg kan gjennomskoda dei. Dei kan også narra og fanga godtruande og urøynd ungdom»[1]Mi omsetjing frå nynorsk. Sjå AKP si omsetjing til bokmål på https://www.akp.no/hefter/mao/korriger-arbeidsstilen-mao.htm (dette og følgjande attgjevingar frå Korriger arbeidsstilen i partiet, 1942).

Men Mao lot ikkje denne utfordringa vippa han av pinnen. Han slost for at kameratar skulle bryta av med dogmatismen: «difor rår eg dei som berre hev boklærdom, men enno ikkje hev gått røynda i møte, til å sjå sine eigne manglar og verta litt meir audmjuke.» Og han utvikla ei radikalt oppfinnsam sti for revolusjonær framgang, samanlikna med dei som enno «ser på lausrivne utdrag frå marxist-leninistiske verk som ein fiks ferdig allkur som kan hela alle sjukdommar så snart ein hev skaffa seg det.» Så lat oss læra av føredømet åt Mao, og forkasta den utbreidde dogmatismen, kor kyrkja åt folkekrigsuniversalismen berre er det mest latterlege dømet, som hev forpesta og haldt att kommunistiske revolusjonære altfor lenge, medan vi samstundes held oss rotfesta i dei verdifulle lærdommane frå fortida vår, hjå massane, og i den revolusjonære kampen.


For forfattaren sine sluttnotar og leselista, sjå utgivinga hjå kites.

Noter

Noter
1 Mi omsetjing frå nynorsk. Sjå AKP si omsetjing til bokmål på https://www.akp.no/hefter/mao/korriger-arbeidsstilen-mao.htm

Leave a Reply

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *